St.prp nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2002

Til innhaldsliste

5 Avtaleramme for 2002

Avsluttande forhandlingar vart haldne 5. til 7. november 2001. Partane har drøfta utsiktene for fangstkvantum, marknadssituasjon og kostnadsutvikling, og har om lag same vurdering av utviklinga for desse faktorane. Partane er kjende med at viktige kvoteprognosar er usikre.

Den 7. november 2001 vart det semje om ei ramme på 90 mill. kroner i fiskeristøtte for 2002, og om fordeling på tiltak. Avtala er trykt som vedlegg til proposisjonen.

Partane er samde om å vidareføre nåverande ordningar og å setje av midlar til kondemnering av fiskefartøy. Som det framgår av protokoll til avtala, vil det bli sett i gang eit arbeid i Fiskeridepartementet, i nær dialog med Norges Fiskarlag, med sikte på å etablere ei ordning med strukturfond med avgiftstrekk på flåteleddet. Regjeringa vil seinare kome til Stortinget med eit lovframlegg om dette.