St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2001 og endring av kapitla 336, 1064 og 4020

Til innhaldsliste

5 Avtaleramme for 2001

Avsluttande forhandlingar vart haldne 6. til 9. november 2000. Partane har drøfta utsiktene for fangstkvantum, marknadssituasjon og kostnadsutvikling, og har om lag same vurdering av utviklinga for desse faktorane. Partane er kjende med at viktige kvoteprognosar er usikre.

Den 9. november 2000 vart det semje om ei ramme på 120 mill. kroner i fiskeristøtte for 2001. Partane vart også samde om ei nærmare fordeling på tiltak. Avtala er trykt som vedlegg til proposisjonen.

Partane er samde om, i tillegg til å oppretthalde faste ordningar, å setje av midlar til framtidsretta tiltak som tilskot til kondemnering av fiskefartøy, tilskot til selfangst og midlar til å stimulere til auka verdiskaping basert på biprodukt.

Partane viser til at det framleis er behov for å tilpasse kapasiteten i fiskeflåten til ressursgrunnlaget. Det er difor viktig å føre vidare arbeidet med kapasitetsreduserande tiltak. Partane er opptekne av å få til gode prosessar og tiltak for å redusere kapasiteten i fiskeflåten, mellom anna utgreiing av alternative modellar for strukturordningar, og tiltak og gode prosessar for å redusere kapasiteten innan kystflåten.