St.prp. nr. 13 (1998-99)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innhaldsliste

3 Statens lån i utlandet

3.1 Forvaltninga av utanlandsgjelda

Finansdepartementet har for 1998 fullmakt til å ta opp nye statslån i utlandet for eit beløp som motsvarer 10 000 mill. kroner rekna etter valutakursane 30. september 1997. Staten har ikkje tatt opp lån i utlandet sidan mai 1997, då ein tok opp eit lån i Den europeiske investeringsbanken (EIB) på 60 mrd. italienske lire, dvs. om lag 250 mill. kroner.

Som i tidlegare år inngjekk Finansdepartementet også i 1997 rente- og valutabyteavtalar for å få den rente- og valutaeksponeringa ein finn ønskjeleg. Så langt i 1998 har ein ikkje inngått slike avtalar. Avtalane som blei inngått i 1997 var alle transaksjonar for å betre avkastninga på Noregs Banks immuniseringsportefølje, samstundes som ein opprettheldt sikringa av statens utanlandsgjeld, jf. pkt. 3.2. Finansdepartementet vurderer løpande bruken av ulike instrument i kapital- og valutamarknadene for å oppnå den samansetjinga av porteføljen som ein til ei kvar tid finn mest høveleg.

Det vil kunne vere ein viss risiko for at motparten i rente- og valutabytteavtalane ikkje vil vere i stand til å oppfylle sine skyldnader. Sjølv om skyldnader og tilgodehavande på avtaletidspunktet balanserer, vil utviklinga i valutakursane og i rentenivået kunne føre til at det byggjer seg opp relativt betydelege skyldnader eller tilgodehavande på ein einskild motpart. Finansdepartementet gjer derfor berre avtalar med velrenommerte finansinstitusjonar som blir vurderte som særleg kredittverdige av dei største kredittvurderingsselskapa. Sidan avtalane gjerne løper over mange år, opplever ein likevel at motpartar blir mindre kredittverdige, og risikoen kan såleis auke. Skyldnader under rente- og valutabytteavtalar blir avrekna mot Finansdepartementets fullmakter for utanlandslån.

Tabell 3.1 Statens utanlandsgjeld per 30. september 1998. Skyldnader i dei ulike valutaene1)

Pålydande i

mill. valuta

Omrekna til mill. kronerDel i pst.
Tyske mark401761,9
Amerikanske dollar2191 61617,1
Japanske yen19 4031 05311,1
ECU (den europeiske pengeeininga)786797,2
Britiske pund334154,4
Franske franc9831 29213,6
Belgiske franc3 2506947,3
Italienske lire387 8701 72818,2
Kanadiske dollar3741 82319,2
Svenske kroner110,0
Totalt9 477100,0

1) Omsyn tatt til gjennomførde valutabyteavtalar.

Tabell 3.1 viser statens utanlandsgjeld fordelt på valutaslag. Rekna etter valutakursane 30. september 1998 utgjer denne porteføljen motverdien av 9 477 mill. norske kroner. Renta for 65 pst. av gjelda var fast for heile løpetida medan resten var knytt til utviklinga i interbankrenta. Staten har berre tatt opp lån med 5 til 10 års løpetid.

Ein reknar med at det framleis vil vere føremålstenleg å ha fullmakt til å ta opp nye statslån i valuta. Det synest uaktuelt å ta opp nye utanlandslån av pengepolitiske årsaker, men av reint forretningsmessige årsaker vil det også i 1999 vere føremålstenleg å ha høve til å ta opp nye lån i situasjonar der dette kan føre til lågare kostnader eller mindre risiko samla sett for statens gjeldsforvaltning. På denne bakgrunnen foreslår ein at Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp inntil 10 000 mill. kroner i nye lån i utlandet. Under denne ramma vil ein også rekne eventuelle nye lån frå Den europeiske investeringsbanken.

Som eit ledd i forvaltninga av låneporteføljen vurderer ein tilbakekjøp av obligasjonar i uteståande lån med tanke på å redusere nettokostnadene når ein ser statens utanlandsgjeld og Noregs Banks immuniseringsportefølje under eitt. Tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag, men det kan vere aktuelt å sitje med dei oppkjøpte obligasjonane som ei eigenbehaldning. I den grad det er føremålstenleg tar ein likevel sikte på å nedskrive dei tilbakekjøpte obligasjonane mot lånet. Noregs Bank har for eiga rekning kjøpt norske statsobligasjonar denominert i utanlandsk valuta, og det kan bli aktuelt for staten å overta desse. Samla pålydande verdi på Noregs Banks behaldning av slike obligasjonar per 30. september i år motsvarde 584 mill. norske kroner.

Oppstillinga i tabell 3.2 viser utviklinga i statens utanlandsgjeld dersom foreslått fullmakt for nye lån i 1999 blir nytta fullt ut.

Tabell 3.2 Statens uteståande gjeld i utanlandsk valuta1)

Mill. kroner
Gjeld per 31. desember 19972)21 904
- berekna reduksjon på gamle lån i 19983)15 108
+ låneopptak i 19980
= Gjeld per 31. desember 19986 796
- avdrag i 19994)-19
+ forslag til fullmakt for nye lån i 199910 000
= Maksimal gjeld per 31. desember 19995)16 815

1) Berekningane er gjorde på grunnlag av faktiske skyldnader, dvs. at ein har tatt omsyn til gjennomførde valutabyteavtalar.

2) Medrekna netto gjeld under separate valutabyteavtalar som er inngått i tilknyting til dei ulike låna på 710,7 mill. kroner.

3) Av dette skriv 15 430 mill. kroner seg frå avdrag og 322 mill. kroner frå tap som følgje av valutakursendringar rekna på grunnlag av kursane 30. september 1998.

4) Gevinst ved oppgjer av valutabytteavtale. Utrekna på grunnlag av valutakursane 30. september 1998. I Statsbudsjettet 1999, jf. tabell 1.1, er avdrag basert på valutakursar 31. juli 1998.

5) Ved full utnytting av ramma for 1999.

3.2 Samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar

Kostnadene ved opplåning i utanlandsk valuta vil ved sida av rentene som blir betalte på låna, vere sterkt avhengig av utviklinga i valutakursane. Det er stor uvisse knytt til kursutviklinga, og lånekostnadene kan derfor variere sterkt.

For å gjere denne uvissa minst mogleg for statsforvaltninga har Noregs Bank og Finansdepartementet sidan utgangen av 1994 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av valutareservane, kalla «immuniseringsporteføljen», (svarande til storleiken på statens utanlandsgjeld), blei skilt ut og plassert med ei samansetjing som om lag svarer til eksponeringa på gjelda. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar.

Den rekneskapsmessige samordninga blei gjennomførd 1. januar 1995, jf. St prp nr 14 (1995-96) og St prp nr 18 (1996-97). Noregs Banks avkastning på immuniseringsporteføljen blir godskriven/belasta11 staten, og sentralbanken har dermed ikkje lenger nokon risiko i eiga rekning knytt til den delen av valutareserven som er sett av til å sikre statens utanlandsgjeld.

Figur 3.1 gjev eit bilete av samordninga mellom Noregs Banks immuniseringsportefølje og statens utanlandsgjeld per 30. september i år. I figuren er valutaer der ein har uteståande på mindre enn 50 mill. kroner ikkje tatt med. Valutafordelinga i dei to porteføljene er svært lik, medan det er enkelte mindre avvik når det gjeld durasjon. Sett under eitt er både valutakursrisikoen og renterisikoen såleis svært liten.

Figur 3.1 Immuniseringsporteføljen og gjeldsporteføljen pr. 30. september 1998

Figur 3.1 Immuniseringsporteføljen og gjeldsporteføljen pr. 30. september 1998

Kjelde: Kjelde: Noregs Bank og Finansdepartementet.

Fotnotar

1.

Pga. kurstap kan denne avkastninga i perioder bli negativ.