St.prp. nr. 13 (1998-99)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innhaldsliste

4 Kredittavtalar mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land. Beredskapstiltak

Ved Stortingets vedtak 11. desember 1992, jf. St prp nr 25 og Innst S nr 71 for 1992-93, fekk Finansdepartementet fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75 000 mill. kroner. Innanfor denne ramma fekk Finansdepartementet samtidig fullmakt til å godkjenne at Noregs Bank kunne trekke på eventuelle kredittlinjer med andre sentralbankar og med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar. Fullmakta blei gjeven utan tidsavgrensing.

Finansdepartementet har ikkje nytta denne fullmakta til ordinær opplåning, men departementet har på grunnlag av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under sine avtalar med nordiske sentralbankar. Under eiga fullmakt, jf. Stortingets vedtak 9. april 1991, Innst S nr 113 (1990-91), har Finansdepartementet tidlegare godkjent at Noregs Bank trekkjer inntil 2 000 mill. ECU under avtalar med sentralbankane i EU.

Desse avtalane med nordiske sentralbankar og sentralbankane i EU går ut 31. desember 1998. Noregs Bank arbeider med å fornye avtalane med sentralbankane i Danmark, Island og Sverige og med å få ein avtale med Den europeiske sentralbanken som erstattar avtalane med sentralbankane i dei landa som innfører euro frå 1. januar 1999. Finland vil ikkje lenger vere del i den nordiske avtalen etter som landet, som det einaste i Norden, blir med i ØMU frå nyttår. Det kan også bli aktuelt å inngå kredittavtalar med sentralbankar i andre land. Finansdepartementet legg til grunn at avtalar som Noregs Bank gjer med sentralbankar i andre land, herunder Den europeiske sentralbanken, kan godkjennast i medhald av den fullmakta Stortinget gav 11. desember 1992.