St.prp. nr. 13 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002)

Til innhaldsliste

2 Nærare om SAVE

SAVE har følgjande særskilde mål:

  • å stimulera til energieffektivitetstiltak innan alle sektorar,

  • å oppmuntra private og offentlege forbrukarar og industrien til å investera i energisparing,

  • å leggja tilhøva til rette for betring av energiintensiteten i sluttforbruket.

Middel for å nå desse måla er mellom anna informasjon, opplæring, oppbygging av nettverk, infrastruktur og lovgjeving. SAVE er ein viktig del av EU sin politikk for å redusere utsleppa av klimagassar.

Vinklinga i programmet fell godt saman med den norske aktiviteten på området, og vil vere eit godt tillegg til aktivitetane innan forsking, og tiltaka for å fremja bruk av effektiv energiteknologi.