St.prp. nr. 13 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerda i EØS-komiteen inneheld tre artiklar.

Artikkel 1 slår fast at artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala vert endra til å omfatte EFTA-statane si deltaking i SAVE-programmet og i programaktivitetane.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelda frå 15. desember 2000, forutsett godkjenning.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.