St.prp. nr. 13 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002)

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil forplikte EFTA-statane å ta del i finansieringa av delprogrammet. Den økonomiske ramma for gjennomføringa av delprogrammet er på 66 mill euro for perioden frå 1998-2002. Noreg sin del er på 1,8 % av denne summen. Ved ein kurs på 1 euro= 8,2 kroner utgjer dette omlag 1,9 millionar kroner årleg. Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjett kapittel 1 825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare orientert om vår deltaking i SAVE i St.prp. nr. 1 (1996-97) og St.prp. nr. 52 (1996-97).

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.