St.prp. nr. 15 (1998-99)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1998

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk i omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Posten er foreslått netto auka med 268,670 mill kroner. Meirbehovet er dekt ved at midlar er flytta frå investeringskapitlet og ved meirinntekter. Auken skuldast hovudsakleg følgjande formål:

Forsvarets tele- og datateneste

FTD har fått ei auke på 10,4 mill kroner, noko som skuldast auka oppdragsmengde, ma ved deltaking på øvingar. Midla er omdisponerte frå materiellinvesteringar.

Hæren

Hæren har eit totalt meirbehov på 34,830 mill kroner. Dette skuldast ei meirutgift i 1997 som vert dekt av løyvinga for 1998, eit auka behov for midlar for å kunna oppretthalde innkallingsstyrka andre halvår 1998, auka utgifter ved endringar i fredsregulativ, nye ATM-bestemmingar, Bjønnes II, og auka utgifter til løn grunna færre førtidspensjoneringar enn venta.

Sjøforsvaret

Sjøforsvaret har eit totalt meirbehov på 22,948 mill kroner. Dette kjem i hovudsak av auka utgifter ved nye ATM-bestemmingar, Bjønnes II-avtalen og auka utgifter til utdanning av utskrivne befal for Sjøheimevernet

Luftorsvaret

Luftforsvaret har eit totalt meirbehov på 144,165 mill kroner. Dette kjem i hovudsak av følgjande forhold; meirutgifter i samanheng med overføringsflygning på F-16, Mid-Life-Update på F-16, nye ATM-bestemmingar og Bjønnes II-avtalen.

Overføringsflygning på F-16 gjer flygarane sertifisert på F-16. Dette vart tidlegare gjennomført i Noreg, men har dei seinaste åra blitt gjennomført i USA på grunn av fly- og flygarmangel. Dette er ei svært dyr ordning som fører til store meirutgifter for Luftforsvaret. I 1999 er desse midla lagt inn i budsjettet.

Mid-Life-Update er nødvendig for at våre F-16 fly skal kunne fylle gitt beredskapsnivå. Dette gir store meirkostnader på driftssida for Luftforsvaret.

Norske styrker i utlandet

I samsvar med regjeringas avgjerd av 8 oktober d å og konsultasjonar med Stortinget same dag, skulle vår deltaking i førebuingane til NATO sine flyoperasjonar i samanheng med krisa i Kosovo tilleggsløyvast. Forsvarets meirutgifter i denne samanheng er 52 mill kroner som er foreslått tilleggsløyvd kap 1792 Norske styrker i utlandet.

Generelt

For å stanse den kraftige veksten i talet på personell med viktig kompetanse som sluttar i Forsvaret, har departementet iverksett ei rekkje tiltak som anbefalt av Bjønnes II-utvalet. Det at det er sett inn ekstra midlar i dei lokale lønsforhandlingane, auka mengd pendlarreiser og auka flyttebonus for dei som vel å flytte saman med familien, har ført til store meirutgifter.

Arbeidsavtalen for militære arbeidstakarar (ATM) vart reforhandla og sett i verk frå og med 1 mai 1998. Under revisjonen av avtalen var det sett på som viktig å koma fram til eit enklare regelverk enn tidlegare, samstundes som ein har innført endringar i ytingsnivået som til saman gjev eit høgare kostnadsnivå enn tidlegare.

2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 22,610 mill kroner.

Auken gjeld midlar flytta frå kap 1760, post 47 til fullfinansiering av nytt hovudkvarter på Lutvann samt auka driftsbehov ved bl a nye ATM-bestemmelsar.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 20,000 mill kroner.

Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som vert foreslått nytta til dekning av ymse auka driftsbehov. Midla vert såleis fordelte på andre driftskapittel.

2.1.4 Post 44 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Posten er foreslått redusert med 43,419 mill kroner.

Grunna mindre behov enn forutsett til fellesfinansierte NATO-prosjekt, vert midla foreslått omdisponerte til dekning av meirbehov på nasjonalfinansierte prosjekt under kap 1760, post 47.

Mindrebehovet skuldast delvis auka inntekter i samband med prefinanisering av prosjekt i 1997, og delvis manglande autorisering av einskilde prosjekt i 1998.

2.1.5 Post 45 Store nyskaffingar

Postane er netto foreslått redusert med 17,009 mill kroner.

Posten er foreslått tilført 75 mill kroner i form av i tilleggsløyving for å finansiere nye pansra kjøretøy (SISU) til erstatning for dei som i dag vert «leasa», 184, 3 mill kroner vert foreslått tilført i form av meirinntekter som følgje av tysk nedbetaling på lån gitt i samband med utvikling av Basic CWCS ULA-klasse U-båtar og konvensjonalbøter, medan 12 mill kroner er tilført frå drift til finansiering av nytt IT-system i Forsvarets overkommando.

Posten er ma redusert med 124,9 mill kroner som er flytta til kap 1761 FRG som tilbakebetaling av midlar tidlegare omdisponert frå dette kapitlet. 40 mill kroner er flytta til kap 1733 til delvis finansiering av overføringsflygning på F-16 i USA. 20 mill kroner som tidlegare var forskottert frå Sjøforsvaret til prosjektet «levetidsforlengelse Penguin», er foreslått ført attende. 22 mill kroner er førte til kap 1731 Hæren for å oppretthalde innkallingsstyrken andre halvår 1998. 18 mill kroner er omdisponerte til kap 1760, post 01 til intern drift av prosjekt-«nye eskortefartøy». 13 mill kroner gjeld midlar omdisponerte til kap 1725 til dekning av auka utgifter i samband med lønnstillegga i 1998. Vidare er kapitlet brukt som saldering for å kunne dekkje dei store auka driftsutgiftene ved ny ATM-avtale og tiltak iverksett i samanheng med Bjønnes II-utvalet.

2.1.6 Post 47 Nye bygg og anlegg

Postane er foreslått netto auka med 447,792 mill kroner. Auken er fordelt med 267,7 mill kroner på kap 1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg og 180,1 mill kroner til kap 1761 Forsvarets relokalisering Gardermoen (FRG).

Kap 1760 (nasjonalfinansierte bygge- og anleggsprosjekt)

Auken er finansiert ved 220 mill kroner som er foreslått omdisponerte frå fellesfinansierte bygg- og anleggsprosjekt til nasjonalfinansierte prosjekt. Dette skuldast delvis overførte meirinntekter frå 1997 grunna prefinansiering av prosjekt, og delvis manglande autorisasjon frå NATO på prosjekt forutsett starta opp i 1998. Vidare er posten foreslått tilført ca 41 mill kroner i meirinntekter ved sal av bustader under kap 4760, post 49.

Midla vil verte brukte til å skapa samsvar mellom løyving og allereie starta materiellrelaterte byggeprosjekt og for å dekkje eit stort udekt behov innanfor Helse-Miljø-Sikkerhet-relaterte prosjekt og til prosjekt ved omstrukturering av Forsvarets organisasjon.

1761 Forsvarets relokalisering Gardermoen

Auken gjeld 125 mill kroner omdisponerte frå kap 1760, post 45 som er midlar som i 1995 vart omgruppert til investeringsposten grunna forseinking i Gardermoen-prosjektet. Desse midla vart delvis førte attende i 1996 medan dei resterande midla vert foreslått førte attende i 1998. Midla er naudsynte for å kunna ferdigstille prosjektet.

2.1.7 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 87,545 mill kroner. Reduksjonen gjeld ikkje autoriserte NATO-prosjekt i 1998, og attendeføring til kap 1760, post 47 av refusjonar til prefinansierte prosjekt i 1997.

2.1.8 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått redusert med 35,000 mill kroner.

Reduksjonen gjeld færre førtidspensjoneringar enn forutsett.

2.1.9 Post 60 Tilskot til kommunar

Postane er foreslått auka med 3,4 mill kroner.

Det vert foreslått løyvd 3,0 mill kroner på ny post 60 under kap 1760 for tilskott til ro-ro-rampe på Verdal hamn. 0,4 mill kroner vert foreslått løyvd over ny post 60 under kap 1795 med 0,15 mill kroner som tilskott til Troms Fylkeskommune for prosjekt om tilrettelegging for befalsfamilar og 0,25 mill kroner til delvis finansiering av Partisanmuseum i Kiberg.

2.1.10 Post 70 Renter

Posten er foreslått redusert med 2,851 mill kroner.

Dette skuldast lavere utbetaling av rentestønad enn venta.

2.1.11 Post 72 Avgongsstimulerande tiltak

Posten er foreslått redusert med 13,740 mill kroner

Dette skuldast lavere utgifter ved avgongsstimulerande tiltak enn venta.

2.1.12 Post 72 Tilskot til private

Posten er på kap 1795 foreslått auka med 1,086 mill kroner.

Dette skuldast at det vert foreslått løyvd 0,186 mill kroner til Stiftelsen Akershus Festning for Kunst og Kultur i samanheng med førebuinga til neste års 700 års jubileum på Akershus festning.

Vidare vert det foreslått løyvd 0,9 mill kroner som tilskot til «Norsk Industriarbeidermuseum» i Vemork.

2.1.13 Post 73 Forsking og utvikling

Posten er foreslått redusert med 0,08 mill kroner.

Midla er foreslått omdisponerte til drift for å dekkje eit meirbehov knytt til samarbeidet med partnerland (PfP).

2.1.14 Post 75 Noregs tilskot til NATO sitt driftstilskot

Posten på kap 1719 er foreslått auka med 0,5 mill kroner.

Posten gjeld innbetalingar til NATO og VEU og kan variere noko frå år til år. Posten vert difor foreslått regulert ved omgrupperingsproposisjonane.

2.1.15 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er på kap 1760 foreslått redusert med 90,000 mill kroner.

Posten gjeld Noregs tilskot til fellesfinansierte infrastrukturprosjekt, og blir i stor grad regulert av NATOs behov. Midla er foreslått omdisponerte til nasjonalfinansierte byggje- og anleggsprosjekt.

2.1.16 Post 90 Lån til private

Posten er foreslått redusert med 1,000 mill kroner.

Dette skuldast lavere utbetaling enn venta av forskott i samband med bustadfinansiering. Posten er derved teknisk sett redusert til null, men grunna overføring frå 1997 på 0,4 mill kroner vil det allikevel væra tilstrekkeleg midlar til å dekkje utgifter som kjem siste kvartal 1998.

2.2 Inntekter

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 23,077 mill kroner.

Dette skuldast i hovudsak auka refusjonar frå FN og meirinntekter på Luftforsvaret som skuldast refusjonar frå NATO i samband med vedlikehaldsoppdrag på F-16 og drift av fjernvarslingsstasjonar.

2.2.2 Post 11 Salsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 77,653 mill kroner.

Auken skuldast i hovudsak at Luftforsvaret er tilbakeført ca 64 mill kroner frå tidlegare inngåtte FMS-saker (Foreign Military Sales) med USA. Dette er saker der vi tidlegare måtte innbetale store delar av kontraktsbeløpa på førehand, for deretter å få ført attende overskytande midlar. Vidare er 7 mill kroner meirinntekter på kap 1792 Norske styrker i utlandet, som skuldast leigeinntekter av materiell til SFOR.

2.2.3 Post 15 Refusjon frå arbeidsmarknadstiltak

Posten er foreslått auka med 4,178 mill kroner.

Auken gjeld refusjon for kursverksemd for Arbeidsmarknadsetaten

2.2.4 Post 17 Refusjon lærlingar

Posten er foreslått auka med 18,750 mill kroner.

Løyvinga skuldast auka inntekter på kap 4793 for lærlingeordninga. Budsjetteringa her er noko usikker då inntektene vert rekna ut og utbetalt etterskotsvis.

2.2.5 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er foreslått løyvd 183,300 mill kroner.

Auken skuldast i all hovudsak at Tyskland har betalt attende lån som vart gitt i samband med norsk utvikling av ildleiingsystemet Basic CWCS til ULA-klasse undervassbåtar.

Den resterande meirinntekta på 16 mill kroner skuldast inntekter i form av konvensjonalbøter.

2.2.6 Post 47 Sal av eigedom

Posten er foreslått auka med 50,793 mill kroner.

I samanheng med relokalisering av Gardermoen er det kome meirinntekter på 15 mill kroner frå Luftfartsverket, Trandum leir er selt for 30 mill kroner medan 5,8 mill kroner skuldast ei rekkje mindre inntekter.

2.2.7 Post 49 Sal av bustadar

Posten er foreslått auka med 41,365 mill kroner.

Dette skuldast auka sal av utrangerte og overflødige bustader i Forsvaret.

2.2.8 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 0,620 mill kroner.

Reduksjonen skuldast det lave rentenivået i første halvår 1998.

2.2.9 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er foreslått redusert med 1,032 mill kroner.

Reduksjonen skuldast lavere innbetaling av lån/innløysing av lån enn forventa.

Til forsida