St.prp. nr. 15 (1998-99)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1998

Til innhaldsliste

3 Særskilde saker

3.1 Bestillingsfullmakter

Kap 1731 Hæren

Hærens bestillingsfullmakter vert foreslått redusert med 252 mill kroner på grunn av at det er lagt inn atterhald om opsjonsutløysing i åra 2000-2003, ved inngåing av nye kontraktar som gjeld ammunisjonskjøp.

Kap 1733 Luftforsvaret

Luftforsvarets bestillingsfullmakter vert foreslått auka med 191 mill kroner grunna forpliktingar ved utdanning av personell i USA.

Kap 1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg

Bestillingsfullmakter under materiellinvesteringar vert foreslått redusert med 6 500 mill kroner for å tilpassa behovet til dei reduserte rammene for materiellinvesteringar.

3.2 «Norsk Industriarbeidermuseum» i Vemork

Industriarbeidarmuseet på Rjukan har søkt om eit eingongstilskot på kr 900 000,- for å fornye sin «Tungtvannsutstilling» som nå er sterkt nedsliten. Tungtvannsaksjonen var ein av dei sentrale aksjonane i Noreg under 2 verdskrig og er ein del av forsvarshistorie vår som og er vel kjent utanfor landet sine grenser. Det er difor viktig å bidra til at dokumentasjon om, og gjenstandar frå aksjonen vert bevart og gjort tilgjengeleg for ettertida gjennom ei tidsmessig utstilling. Departementet finn difor å ville yte eit eingangstilskot på kr 900 000,- til formålet. Saka er og omtala i Budsjett-innst S nr 7 (1997-98).

3.3 Tilskott til Troms fylkeskommune

Departementet ønskjer å delta i eit prosjekt saman med Troms fylkeskommune og forsvarskommunane i indre Troms om tilrettelegging for at befalsfamiliar skal kunne flytta samla til desse kommunane. For i 1999 å kunna starte hovudprosjektet, som vil strekkje seg over 3 år, vil det verte naudsynt med ein fase for tilrettelegging i 1998. Departementets del av desse utgiftene er rekna til 0,15 mill kroner. Midla er foreslått løyvde over kap 1795, post 60.

3.4 Partisanmuseet i Kiberg

Vardø kommune har sett i gong arbeid for å byggje opp eit museum som skal gi eit bilete av partisanane under 2 verdskrig sitt liv og virke. Kommunen har stilt til disposisjon det gamle skuleinternatet i Kiberg, som ikke har vore i bruk sidan 1990. Det er likevel eit behov for økonomisk støtte til renovering og tilpassing av bygningen før denne kan verte tatt i bruk. Sidan dette er eit museumsprosjekt med forsvars- og krigshistorisk tilsnitt finn departementet å ville yte eit eingongstilskot på kr 250 000,- for å setja bygningen i stand.

3.5 Bygging av ro-ro-rampe i Verdal hamn

Forsvaret har underskrive ein avtale med Levanger og Verdal kommune i samband med bygging av ein ro-ro-rampe (roll on - roll of) på Verdal Hamn, som Forsvaret har eit beredskapsmessig behov for. Mot at Forsvaret vert fritekne frå å betale leige, eller ha ansvar for vedlikehaldet, vil Levanger og Verdal verte tilført 3 mill kroner over kap 1760, post 60 til delvis finansiering av ovannemnde rampe.

Til forsida