St.prp. nr. 17 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 80/99 av 25. juni 1999 om endring av vedlegg VI om trygd til EØS-avtala

Til innhaldsliste

3 Avgjerda til EØS-komiteen

Som eit ledd i samarbeidet med EU vedtok EØS-komiteen 25. juni 1999 å endre vedlegg VI om trygd, til EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar direktivet om trygging av supplerande pensjonsrettar. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjev rettsgrunnlag for å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at rådsdirektiv 98/49/EF om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet skal takast inn i vedlegg VI nr. 2a til EØS-avtala.

Artikkel 2 stadfester at direktivet på norsk og islandsk skal gjelde på lik linje med direktivet utforma på andre språk i Fellesskapet.

Artikkel 3 påpeikar at avgjerda tek til å gjelde 26. juni 1999, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda til EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.