St.prp. nr. 17 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 80/99 av 25. juni 1999 om endring av vedlegg VI om trygd til EØS-avtala

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Finansdepartementet legg til grunn at EØS-reglane som svarar til direktivet vil bli stetta ved vedtaking av lov- og forskriftsføresegner som nemnt i punkt 4. EØS-reglane som svarar til direktivet vil krevje ei regulering av supplerande pensjonsordningar som i dag ikkje er lovregulerte. Det krevjast difor ein heimel i lov for dette.

Gjennomføringa av avgjerda ventast ikkje å gje administrative og økonomiske konsekvensar av særleg omfang. Etter Finansdepartementet si vurdering vil mellom anna direktivet sine reglar om krav til informasjon kunne innebere enkelte kostnader for arbeidsgjevar og ansvarlege forvaltarar av supplerande pensjonsordningar. Sidan det allereie er nedfelt informasjonskrav i norsk rett som omtalt under punkt 4, ventar ein at verknaden av direktivet sitt krav på dette området har liten økonomiske effekt.

Kredittilsynet har tilsyn med finansinstitusjonar, mellom anna forsikringsselskap, pensjonskasser, bank og verdipapirfond. Det er vidare nedfelt i lov at Kredittilsynet fører tilsyn med pensjonsordningar oppretta i medhald av lov om føretakspensjon og lov om innskotspensjon. Det vert lagt til grunn at direktivet ikkje vil innebere meirarbeid for Kredittilsynet av særleg omfang.