St.prp. nr. 17 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 80/99 av 25. juni 1999 om endring av vedlegg VI om trygd til EØS-avtala

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett og vurdering i høve til EØS-avtala

Ut frå definisjonen av supplerande pensjonsordningar i Rådsdirektiv 98/49/EF er det lagt til grunn at direktivet m.a. omfattar:

  1. Kommunale pensjonsordningar.

  2. Skattefavoriserte private pensjonsordningar.

  3. Andre private supplerande pensjonsordningar i pensjonskasse eller livselskap.

  4. Andre private supplerande pensjonsordningar som ikkje er fondsbaserte.

Av nemnde typar supplerande pensjonar er det berre dei som fell inn under kategori nummer 2, og til dels nummer 1, som er utførleg regulerte i lov eller forskrift.

Dei kommunale og fylkeskommunale pensjonsordningane (heretter kommunale pensjonsordningar) er underlagt forskrift av 22. april 1997 nr. 374 «om pensjonsordninger for kommunalt eller fylkeskommunalt ansatte», gitt med heimel i lov av 25. september 1992 nr. 107 «om kommuner og fylkeskommuner» (kommunelova) § 24 nr. 4. Kommunale pensjonsordningar som omfattar folkevalde, er også underlagde forskrift av 22. april 1997 nr. 375 «om pensjonsordninger for folkevalgte i kommune eller fylkeskommune», gitt med heimel i kommunelova § 43 andre ledd.

Med verknad frå og med 1. januar 2000 er frådragsrett til arbeidsgjevar for tilskot til privat tenestepensjonsordning regulert i skattelova av 26. mars 1999 § 6-46, medan frådragsrett for arbeidstakar fylgjer av § 6-47. Det er ein føresetnad at pensjonsordninga er i samsvar med forskrift av 19. november 1999 nr. 1158 «til utfylling og gjennomføring av skatteloven» § 6-46, som igjen viser til forskrift av 28. juni 1968 nr. 3 «om private tjenestepensjonsordninger i henhold til skatteloven § 44 første ledd, bokstav k» og forskrift av 27. oktober 1969 nr. 9451 «om private tjenestepensjonsordninger». Lov om føretakspensjon, som vart vedteke 24. mars 2000 og som trer i kraft 1. januar 2001, vil erstatte dei to sistnemde forskriftene. Rådsdirektiv 98/49/EF vil også omfatte pensjonsordningar etter lov om innskotspensjon.

Vidare vert det lagt til grunn at pensjonsfond etter skattelova, jf. føretakspensjonslova § 16-2 (23) og overgangsreglar til skattelova § 6-46 (3), vert omfatta av direktivet. Det same gjeld forsikringar omhandla i forskrift av 19. november 1999 nr. 1158 «til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven» §§ 5-41 og 6-47 (livrente og IPA).

Direktivet gjeld ikkje berre medlemmer i supplerande pensjonsordningar, men skal også nyttast i høve til andre rettshavarar innanfor slike ordningar, som har tent opp eller er i ferd med å tene opp rettar i ein eller fleire medlemsstatar.

I høve til artikkel 4 i Rådsdirektiv 98/49/EF legg Finansdepartementet til grunn at denne ikkje kjem i konflikt med reglar som gjeld skattefavoriserte private pensjonsordningar og kommunale pensjonsordningar. Medlemmer av private tenestepensjonsordningar etter skattelova får på nærare vilkår rett til opptent pensjon ved avgang før pensjonsalder, utan omsyn til om vedkomande tar ny stilling i Noreg eller i eit anna EØS-land. Tilsvarande er ført vidare i lov om føretakspensjon og lov om innskotspensjon, jf lov om føretakspensjon §§ 4-6 til 4-10 og lov om innskotspensjon kapittel 6.

Prinsippet gitt i artikkel 4 gjeld også for supplerande pensjonsordningar som ikkje er regulerte i lov eller forskrift, og Finansdepartementet legg til grunn at påbodet om lik handsaming av pensjonsrettar må lovfestast eller heimlast i forskrift gitt i medhald av lov.

Etter Finansdepartementet si oppfatning er gjeldande regelverk for skattefavoriserte pensjonsordningar og kommunale pensjonsordningar ikkje i strid med artikkel 5 i direktivet. Kravet rettar seg også mot uregulerte pensjonsordningar og må difor verte lovfesta på generell basis.

Finansdepartementet legg til grunn at artikkel 6 i direktivet ikkje er i konflikt med reglar gitt i lov eller forskrift. Lov om føretakspensjon og lov om innskotspensjon er basert på at arbeidstakar som er obligatorisk medlem av folketrygden, skal vere medlem av pensjonsordninga. Såleis vil utplassert arbeidstakar halde ved lag medlemskap i skattefavorisert pensjonsordning. Medlemskap for andre arbeidstakarar krev heimel i forskrift til lov om føretakspensjon § 3-2 tredje ledd. Vidare følgjer det av samordninga mellom Rådsdirektiv 98/49/EF og forordning (EØF) nr.1408/71 at arbeidstakar utstasjonert i Noreg, frå annan EØS-stat, ikkje vil vere pliktig medlem av folketrygden. Det vil difor ikkje liggje føre krav til å betale premie til norsk tenestepensjonsordning. På liknande måte er reglar om pliktig medlemsskap i kommunale pensjonsordningar knytt til om vedkomande er obligatorisk medlem av folketrygden. Etter Finansdepartementets oppfatning er det neppe naudsynt å gjennomføre artikkel 6 i ei generell lov eller forskrift gitt i medhald av lov.

I høve til artikkel 7 i direktivet legg Finansdepartementet til grunn at medlemmer som trer ut av supplerande pensjonsordning med rett til fripolise i private pensjonsordningar i livsforsikringsselskap, vil få adekvat informasjon om opptente pensjonsrettar gjennom reglane om kontoutskrift i lov av 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsverksemd § 7-10 og tilhøyrande forskrift. Informasjon som medlemmene skal motta utover dette, bør Kredittilsynet i medhald av lov av 16. juni 1989 nr. 69 om forsikringsavtaler § 11-4, jf. § 19-3, kunne gje nærare reglar om. Denne heimelen vil omfatte reglar for supplerande pensjonsordningar sikra i livsforsikringsselskap og pensjonskasser, m.a. skattefavoriserte pensjonsordningar og kommunale pensjonsordningar. Det er likevel behov for å lovfeste ein heimel for å kunne gje nærare reglar med krav til informasjon som nemnt i artikkel 7 for pensjonsordningar plasserte i bank eller verdipapirfond og også andre pensjonsordningar som heller ikkje er sikra i livsforsikringsselskap eller pensjonskasse. I medhald av lov om innskotspensjon § 2-7 tredje ledd har Kongen heimel til å fastsetje reglar om kva informasjon som institusjon eller føretak skal gi i tilknyting til innskotspensjonsordning.