St.prp. nr. 18 (2001-2002)

Om endring av løyvingar mv. for 2001 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311, post 71

Som følgje av omlegging av fiskalavgifta for flypassasjerar frå 01.04.2001 og innføring av nullsats i meirverdiavgifta for innanlandske flyruter frå 01.07.2001, er det behov for kompensasjon til dei flyselskap staten kjøper tenester av, rekna til 14,4 mill. kr. Opphald i rutedrifta på Fagernes lufthamn og rimelegare kontrakt på Røst, gir eit mindrebehov på 4 mill. kr. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 10,4 mill. kr frå 393 mill. kr til 403,4 mill. kr.

Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603)

Post 24 Driftsresultat

I samband med terroraksjonane mot USA 11.09.2001, har det blitt sett i verk ekstra tryggingstiltak ved alle norske lufthamner. Ved dei største stamrutelufthamnene er desse tiltaka svært omfattande og fører til store ekstra kostnader. Tiltaka blei innførde på bakgrunn av tilrådingar frå Politiets overvakingsteneste og Luftfartsverket sine eigne vurderingar. Det er m.a. sett i verk 100 pst. tryggingskontroll av passasjerar og handbagasje og innsjekka bagasje både for utland og innland på Kristiansand lufthamn, Kjevik, Stavanger lufthamn, Sola, Bergen lufthamn, Flesland og Trondheim lufthamn, Værnes. I tillegg har Bodø lufthamn og Tromsø lufthamn, Langnes, sett i verk ekstra tryggingstiltak i form av auka kontroll av publikumsområde og bagasjesorteringsanlegg. Til saman reknar ein med at Luftfartsverket vil få ei ekstra utgift i 2001 på 10 mill. kr. Det inneber ein auke av underpost 24.4 Driftsutgifter frå 1 692 mill. kr til 1 702 mill. kr.

Til dekking av desse ekstraordinære driftskostnadene, gjer Samferdselsdepartementet framlegg om å redusere overskottskravet til Luftfartsverket for 2001 med 10 mill. kr frå 113 mill. kr til 103 mill. kr. Departementet viser til at utviklinga innanfor luftfarten i haust gjer at Luftfartsverket sine driftsinntekter for 2001 er svært usikre.

Statleg forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthamner

I samsvar med St.prp. nr. 103 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 6 (2001-2002), samtykte Stortinget 26.10.2001 i at Samferdsledepartementet kunne gjere avtaler om statleg forsikringsansvar for luftfartøy operert av norsklisensierte fly- og helikopterselskap ved skade på tredjepart som følgje av krigs- og terrorhandlingar. Dette omfattar også fly som SAS har registrert i Noreg. I tillegg gjeld ordninga norske lufthamner som ikkje går inn under staten sin sjølvassuranse. Gjensidige NOR er sett til å administrere ordninga, og vil få 15 pst. av premieinntekta. Sjølve ordninga og garantipremien er det gjort nærmare greie for i St.prp. nr. 103 (2000-2001). Ordninga er etter fullmakt vidareførd utover dei første 30 dagane, og gjeld no fram til 24.11.2001. Det statlege dekkingsomfanget er for denne perioden vesentleg redusert og premien for selskapa er auka. Premieinntekta, med fråtrekk av administrasjonsvederlaget til Gjensidige NOR, vil inntektsførast i statsrekneskapen for 2001 under kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 29 Ymse. Når det gjeld administrasjonsvederlaget til Gjensidige NOR, og dei konsekvensane det har for budsjettet, vil vi gjere Stortinget kjent med dei når naudsynleg tallmateriale ligg føre. Garantipremien blir rekna pr. flyging og er basert på passasjerstatistikk som er stadfesta av revisor. Eit grovanslag over premieinntekter for to månader utgjer om lag 8-9 mill. kr. Av dette utgjer administrasjonsvederlaget 15 pst.