St.prp. nr. 18 (2001-2002)

Om endring av løyvingar mv. for 2001 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)

Post 23 Drift og vedlikehald

I samband med avslutninga av Jernbaneverkets rekneskap for 2000 blei det funne feil mellom utgåande balanse i Jernbaneverket og utgåande balanse i statens kapitalrekneskap. I arbeidet med å finne ut kor feilen hadde oppstått, blei det oppdaga feilposteringar i Jernbaneverkets rekneskap for 1999. Feilen oppstod i samband med overgang til nytt rekneskapssystem i Jernbaneverket og gjeld i hovudsak periodisering av inn- og utbetalingar av skattar og avgifter i 1999. Internrekneskapen for Jernbaneverket er likevel korrekt. Feilen har medført feilføring på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald og kap. 5700, post 72 Arbeidsgivaravgift, slik at mellomveret med statskassa for Jernbaneverket ikkje er korrekt. For å rette opp feilen slik at statsrekneskapen blir korrekt, er det i 2001 naudsynt å bokføre ein korreksjon på 52,9 mill. kr på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, og tilbakeføre inntekter frå kap. 5700, post 72 Arbeidsgivaravgift, med 23,7 mill. kr. Korrigering av desse feila vil ikkje føre til auka aktivitet i Jernbaneverket i 2001.

På denne bakgrunn gjer Samferdselsdepartementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med 52,9 mill. kr frå 2 739,8 mill. kr til 2 792,7 mill. kr. Budsjettet på kap. 5700, post 72 Arbeidsgivaravgift, er ei overslagsløyving og foreslås ikkje justert som følgje av tilbakeføringa på 23,7 mill. kr i Jernbaneverket sin rekneskap.

Valdresbanen - strekninga Leira - Dokka

Samferdselsdepartementet orienterte Stortinget om framtidig bruk av strekninga Dokka - Leira på Valdresbanen til andre føremål i St.prp. nr. 76 (2000-2001) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område. Det framgår av Innst. S. nr. 327 (2000-2001) at fleirtalet i samferdselskomiteen slutta seg til Samferdselsdepartementet si avgjerd. I innstillinga heiter det m.a.:

«Flertallet støtter derfor framlegget om å fristille banestrekningen Dokka - Leira til andre formål, i tråd med et vedtak fattet av Oppland fylkeskommune. Flertallet ber videre om at skinner og sviller på strekningen Bjørgo - Leira fjernes raskt, slik at bygging av gang/sykkelveg på strekningen kan komme i gang. Også dette er i tråd med vedtaket i Oppland fylkeskommune.»

AS Valdresbanen fremma deretter ei oppmoding til Valdres Namsrett om førebels forføyning for å forby Staten v/Samferdselsdepartementet å fjerne skjenegangen til Valdresbanen mellom Bjørgo og Leira. Namsretten kom til at Samferdselsdepartementet ikkje får fjerne linjenettet på denne strekninga før rettskraftig avgjerd ligg føre eller Stortinget bestemmer noko anna. Namsretten har lagt til grunn at det ligg føre eit plenarvedtak frå Stortinget som inneheld instruks om at linjenettet skal oppretthaldast av beredskapsmessige grunnar og at det etter retten sitt skjønn ikkje er gitt regjeringa myndigheit til å skjønne over/avgjere om beredskapsmessige omsyn ligg føre. Retten meiner at det er i strid med instruks at saka berre blei lagt fram for Stortinget som orienteringssak, og at Stortinget måtte gjere ei reell avgjerd i form av eit stortingsvedtak.

Samferdselsdepartementet meiner at sjølv om saka blei lagt fram som orienteringssak, står Stortinget fritt til å handsame saka. Sjølv om departementet ikkje hadde lagt opp til noko formelt vedtak i saka, har samferdselskomiteen handsama saka, jf. Innst. S. nr. 327 (2000-2001). Departementet oppfattar såleis at fleirtalet sin komitemerknad må leggjast til grunn for vidare handsaming. Likevel vil departementet for å avskjere vidare tvil om den formelle sida av saka, tilrå at Stortinget gjer eit formelt vedtak i tråd med fleirtalsinnstillinga.

Departementet viser til nærare omtale av saka i St.prp. nr. 76 og Innst. S. nr. 327 (2000-2001). I tillegg kan det opplysast at Jernbaneverket meiner at strekninga Leira - Dokka ikkje kan kjørast med persontog, og at Jernbaneverket ikkje lenger har det økonomiske ansvaret for vedlikehaldet av den nedlagde jernbanestrekninga. AS Valdresbanen har i sin søknad om å få trafikkere strekninga lagt til grunn at Jernbaneverket skal ha det økonomiske ansvaret for vedlikehaldet av strekninga.

Samferdselsdepartementet tilrår at jernbanenettet mellom Leira og Dokka blir frigitt til andre føremål. Vidare foreslår Samferdselsdepartementet at Stortinget føreset at skjener og sviller på strekninga Bjørgo - Leira kan fjernast, slik at bygging av gang/sykkelveg på strekninga kan kome i gang.