St.prp. nr. 18 (2001-2002)

Om endring av løyvingar mv. for 2001 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.30 Vegformål

Auka låneramme for Ev 18 Aust-Agderpakken

Aust-Agderpakken er handsama i St.prp. nr. 30 (2000-2001) Om delvis bompengefinansiert utbygging av deler av Ev 18 i Aust-Agder og omtala i St.prp. nr. 1 (2001-2002), side 121. I St.prp. nr. 1 (2001-2002) blir det lagt opp til å framskunde utbygginga av strekninga Øygardsdalen - Dyreparken i høve til det som ligg til grunn i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, på grunn av at strekninga er eit prøveprosjekt for OPS-ordninga. Føresetnaden for å framskunde utbygginga er ein auke i låneramma for Aust-Agderpakken.

Aust-Agder fylkeskommune eig bompengeselskapet. Fylkestinget handsama saka i møte 16.10.2001 og gjorde dette vedtaket:

«1. Fylkestinget søker om utvidelse av lånerammen for Aust-Agder Vegfinans AS fra 60 mill. kr til 230 mill. kr for å kunne imøtekomme fylkestingets prioriteringer om forsert utbygging av Brokelandsheia-Vinterkjær (inkl. nytt kryss), samt ivareta fremdriften i forberedelsene av OPS-prosjektene fra Grimstad til Dyreparken.

2. Aust-Agder fylkeskommune utvider sitt garantiansvar for Aust-Agder Vegfinans AS til 230 mill. kr, alternativt påtar seg å ta opp lån på nevnte beløp for videre utlån til Aust-Agder Vegfinans AS.»

Samferdselsdepartementet er samd i at bompengeselskapet får høve til å auke låneramma frå 60 til 230 mill kr. Selskapet får høve til å ta opp lån for å framskunde arbeidet med planlegging, oreigning av grunn og leggje til rette for prøveprosjektet for OPS-ordninga på strekninga Øygardsdalen - Dyreparken. Samferdselsdepartementet vil kome attende til annan bruk av låneramma i dei årlege budsjettproposisjonane.