St.prp. nr. 19 (2000-2001)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten

Forenkla myndigheitsbehandling

Stortinget har samtykka i at Kongen under gitte føresetnader kan godkjenne nye prosjekt på kontinentalsokkelen, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (1999-2000). Verknader på budsjettet for Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) av desse vedtaka går fram av kap. 2440/5440.

Nedanfor følgjer ei orientering om dei prosjekta som er vedtekne under ordninga etter at St.prp. nr. 18 (1999-2000) Om disponering av Statpipe 2/4-S og endringar av bevilgninger på statsbudsjettet for 1999 m.m under Olje- og energidepartementet vart lagt fram.

Tune

Departementet mottok 8. juli 1999 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift for gass- og kondensatfeltet Tune. Feltet skal byggjast ut som ein satellitt til Oseberg feltsenter. Rettshavarane er Hydro, TotalFinaElf og Statoil (som forretningsførar for SDØE). Hydro er operatør og SDØE sin eigardel utgjer 50 pst. Tune er planlagt utbygd i to fasar der første fase er kostnadsrekna til 2,5 mrd. 1999-kroner. Planen inneber investeringskostnader for SDØE på 1,25 mrd. 1999-kroner. Plan for utbygging og drift vart vedteken ved kgl.res. 17. desember 1999.

Tambar

Departementet mottok søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av oljefunnet Tambar den 28. januar 2000. Tambar skal byggjast ut med ei ubemanna plattform som skal knytast opp mot Ulafeltet for fjernstyring. Rettshavarane i Tambarlisensen er BP (55 pst.), Shell (15 pst.) og SDØE (30 pst.). BP er operatør for utbygginga. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift utrekna til 967 mill. 2000-kroner. Utbygging av Tambar vil for SDØE medføre om lag 109 mill. kroner i investeringar og 2,7 mill. kroner i rentekostnader i 2000. Plan for utbygging og drift av Tambar vart vedteken ved kgl.res. 3. april 2000.

Draugen gasseksport

Departementet mottok 26. mai 1999 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av Draugen gasseksport. Rettshavarane i Draugen gasseksport er Shell, Statoil, BP og Chevron. Shell er operatør. Eigardelen til SDØE er 57,88 pst. Røyrleidningen Draugen gasseksport vil gå frå Draugenfeltet og blir kopla opp mot Åsgard Transport. Dei totale investeringane for røyrleidningen mellom Draugenfeltet og Åsgard Transport og for plattformmodifikasjonar vert i plan for anlegg og drift vurdert til 916 mill. 2000-kroner. Planen inneber investeringskostnader for SDØE på om lag 298 mill. kroner i 2000, 1,4 mill. kroner i driftskostnader og 19 mill. kroner i renter. Plan for anlegg og drift av Draugen gasseksport vart vedteken ved kgl.res. 14. april 2000.

Norne og Heidrun gasseksport

Departementet mottok 30. mai 1997 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av Norne gasseksport samt tillegg til plan for anlegg og drift for Norne gasseksport 13. april 1999. Rettshavarane i Norne gasseksport er Statoil, Hydro, Agip og Enterprise. Statoil er operatør. Eigardelen til SDØE er 55 pst. Departementet mottok 27. mai 1997 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av Heidrun gasseksport og tillegg til plan for anlegg og drift for Heidrun gasseksport 3. mars 1999. Rettshavarane i Heidrun gasseksport er Statoil, Conoco og Fortum. Statoil er operatør. Eigardelen til SDØE er 64,16 pst. Det er valt ei felles utbyggingsløysing og røyrsystema Norne og Heidrun gasseksport vil bli kopla opp mot røyrleidningen Åsgard Transport. Dei totale investeringane vert i plan for anlegg og drift vurdert til 1 265 mill. 2000-kroner for Norne gasseksport og 919 mill. 2000-kroner for Heidrun gasseksport. Planen inneber samla investeringskostnader for SDØE for Norne og Heidrun gasseksport på om lag 822 mill. kroner, 14 mill. kroner i driftskostnader og 45 mill. kroner i renter i 2000. Plan for anlegg og drift av Norne og Heidrun gasseksport vart vedteken ved kgl.res. 14. april 2000.

Heidrun Nord

Departementet mottok 14. februar 2000 søknad frå operatøren, Statoil, om godkjenning av plan for utbygging og drift av oljefunnet Heidrun Nord. Feltet er bygd ut med ein produksjonsbrønn og ein injeksjonsbrønn for vatn. Produksjonsbrønnen er bora frå ei ramme på havbotnen på Heidrun Nordflanken som igjen er knytt opp til Heidrun-plattforma. Produsert væske vil bli prosessert på denne. Operatøren sine investeringsestimat som låg til grunn for den opphavlege avgjerda i april 1998 om utbygging av Heidrun Nordflanken, baserte seg på ei samla utviklingsløysing for felta Heidrun Nordflanken og Heidrun Nord. Heidrun Nord sin del av investeringane er av operatøren vurdert å utgjere om lag 740 mill. 2000-kroner. For SDØE vil utbygging og drift av Heidrun Nord innebere om lag 475 mill. kroner i 2000. Produksjonen frå Heidrun Nord starta hausten 2000. Rettshavarane er Statoil, Conoco og Fortum. SDØE sin eigardel er 64,16 pst. Plan for utbygging og drift av Heidrun Nord vart vedteken ved kgl.res. 12. mai 2000.

Troll Vest

Departementet mottok 29. juni 2000 søknad frå Trollgruppa om godkjenning av plan for utbygging og drift av ei ny brønnramme (P2) på Troll Vest. Utbygginga er planlagd med ei brønnramme kopla til Troll C plattforma via den eksisterande brønnramma P1 og vil verte ein integrert del av Troll C plattforma. Brønnramma vil bli installert i 2001 med produksjonsstart i 2002. Rettshavarane i Trollgruppa er Statoil, Hydro, Shell, TotalFinaElf og Conoco. Hydro er operatør for utbygginga. SDØE sin eigardel er 62,93 pst. Dei totale investeringane vert i plan for utbygging og drift vurdert til 888 mill. 2000-kroner. Planen inneber 46 mill. kroner i investeringar, 2,4 mill. kroner i driftskostnader og 1 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2000. Plan for utbygging og drift av P2 brønnramme vart vedteken ved kgl.res. 1. september 2000.

Glitne

Departementet mottok 28. juni 2000 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av oljefeltet Glitne. Glitne er eit lite oljefelt 40 km nordvest for Sleipnerfeltet. Utbyggingsløysinga baserer seg på leige av produksjonsskipet Petrojarl 1. Glitne er planlagt å vere i drift frå juli 2001.

Rettshavarane i feltet er Statoil, TotalFinaElf og Hydro. Statoil er operatør for utbygginga. SDØE sin eigardel er 30 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift utrekna til 788 mill. 2000-kroner. Planen inneber om lag 75 mill. kroner i investeringar, om lag 11 mill. kroner i driftskostnader og om lag 2 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2000. Plan for utbygging og drift av Glitne vart vedteken ved kgl.res. 8. september 2000.

Vesterled

Departementet mottok 10. desember 1999 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av Vesterled. Rettshavarane er Hydro, TotalFinaElf, Statoil og Mobil. Planen omfattar installasjon av ny røyrleidning frå Heimdal til britisk sektor med oppkopling til den eksisterande røyrleidningen frå Frigg til St. Fergus, FNP (Frigg Norwegian Pipeline), i Skottland. Planen omfattar òg endringar av operatørskapet for FNP og vidare drift av dette røyrleidningssystemet. Heile røyrleidningssystemet er, i tillegg til det nye sambandet, samansett av FNP-røyrleidningen og den norske delen av terminalen på St. Fergus. Hydro er operatør i utbyggingsfasen. SDØE sin eigardel utgjer 60 pst. Dei totale investeringane er i plan for anlegg og drift vurdert til om lag 613 mill. kroner. I tillegg er Vesterled-interessentskapet sin del av investeringar på den nye stigerøyrsplattforma på Heimdal vurdert til 309 mill. kroner. Totale investeringar for Vesterled-gruppa vil dermed vere 922 mill. kroner (faste 2000-kroner). For SDØE vil utbygging og drift av Vesterled, inkludert interessentskapet sin del av investeringane knytt til den nye stigerøyrsplattforma på Heimdal, medføre om lag 91 mill. kroner i investeringar, 14 mill. kroner i driftsutgifter og 7 mill. kroner i renter i 2000. Plan for anlegg og drift av Vesterled vart vedteken ved kgl.res. 13. oktober 2000.

Saker som er godkjende av Kongen i statsråd utan verknader for SDØE:

Gassrøyrleidning mellom Ula og Gyda

Departementet mottok 15. mai 2000 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift for gassrøyrleidning mellom Ula og Gyda frå BP på vegne av rettshavarane i utvinningsløyve 019A - Ula. Røyrleidningen er planlagt installert i juni 2001, og rettshavarane ønskjer å ta den i bruk 1. juli 2001. Gassrøyrleidningen vil leggje til rette for transport av gass mellom Ula og Gyda via Tambar og medverke til betre ressursutnytting og auka fleksibilitet i Ula/Gyda/Tambar-området. Totale kostnader er av operatøren estimert til 201 mill. 2000-kroner. Rettshavarane i Ula er BP (operatør), Svenska Petroleum og Pelican. Då SDØE ikkje har eigardel i Ula vil ikkje dette ha budsjettkonsekvensar for staten ved SDØE. Planen for anlegg og drift av gassrøyrleidning mellom Ula og Gyda vart vedteken ved kgl.res. 11. august 2000.

Gassrøyrleidning mellom Valhall og Hod

Departementet mottok 22. mai 2000 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift for gassrøyrleidning mellom Valhall og Hod. Planen er utarbeida av BP for rettshavarane i utvinningsløyve 033 - Hod. Rettshavarane i utvinningsløyve 033 er BP (operatør), Amerada Hess, Enterprise, og TotalFinaElf. Etter planen skal gassrøyret komme i drift i oktober 2000. Totale investeringskostnader vil bli om lag 110 mill. 2000-kroner. Då SDØE ikkje har eigardel i Hod vil ikkje dette ha budsjettkonsekvenser for staten ved SDØE. Plan for anlegg og drift for gassrøyrleidning mellom Valhall og Hod vart vedteken ved kgl.res. 11. august 2000.

Valhall vassinjeksjon

Departementet mottok 30. juni 2000 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av eit vassinjeksjonsprosjekt på Valhall. Valhallfeltet ligg om lag 15 km sør for Ekofiskfeltet. Vassinjeksjonsprosjektet på Valhallfeltet inneber at det skal byggast ei plattform i tilknyting til den eksisterande plattforma. Oppstart for prosjektet er planlagt til 1. januar 2003. Rettshavarane i feltet er BP, Amerada Hess, Enterprise og TotalFinaElf. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift utrekna til 4 417 mill. kroner. Då SDØE ikkje har eigardel i feltet, vil ikkje dette ha budsjettkonsekvenser for staten ved SDØE. Plan for utbygging og drift av Valhall vanninjeksjon vart vedteken ved kgl.res. 3. november 2000.

Vederlagsfri overføring av eigedomsrett

Stortinget har gitt Olje- og energidepartementet fullmakt til å godkjenne vederlagsfri overføring av eigedomsrett frå ei rettshavargruppe der SDØE er ein av rettshavarane til ei anna rettshavargruppe, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (1999-2000). Fullmakta gjeld for prosjekt der Kongen har fått fullmakt til å godkjenne plan for utbygging/anlegg og drift, og ved mindre endringar for prosjekt der plan for utbygging/anlegg og drift allereie er godkjend. Fullmakta er gjeven under føresetnad av at overføringa av eigedomsrett ikkje har vesentlege prinsipielle eller samfunnsmessige sider, og at SDØE er sikra tilstrekkeleg bruksrett.

I samband med nysaldering vil det kvart år bli gjeve ei samla orientering til Stortinget om saker der overføring av eigedomsrett er godkjent det siste året. I St.prp. nr. 7 (1994-95) vart det informert om at departementet for framtida ville rapportere om overføringane etter at avtalane er godkjende av departementet. I perioden frå nysaldering for 1999, jf. St.prp. nr. 18 (1999-2000) og fram til utgangen av oktober 2000 er det godkjent to avtalar om vederlagsfri overføring av statleg eigedomsrett. Det er ein avtale mellom rettshavarane i Dunkerque Terminal til Zeepipe Terminal og ein avtale mellom rettshavarane i Europipe II og Statpipe. I tillegg blir det orientert om ein avtale mellom rettshavarane i Sygna og Statfjord som vart godkjent i juli 1999, men som ikkje vart omtala i St.prp. nr. 18 (1999-2000).

Dunkerque Terminal og Zeepipe Terminal

Avtalen mellom rettshavarane i Dunkerque Terminal og Zeepipe Terminal om styring av Dunkerque Terminal frå Zeepipe Terminal vart godkjent av departementet den 29. mars 2000. Dunkerque Terminal har investert i utstyr på Zeepipe Terminal som gjer det mogleg å fjernstyre terminalen i Dunkerque frå Zeepipe Terminal. Eigedomsretten til dette utstyret er overført til Zeepipe Terminal. SDØE har ein eigardel på 39 pst. i Dunkerque Terminal og ein eigardel på 26,95 pst. i Zeepipe Terminal. SDØE sin del av investeringa er 5 mill. 1999-kroner.

Europipe II og Statpipe

Departementet godkjende 12. mai 2000 avtalen mellom rettshavarane i Europipe II og Statpipe om Europipe II si tilknyting til Kårstø. Europipe II har betalt for tilknytinga, men eigedomsretten til dette utstyret er overført til Statpipe. SDØE har ein eigardel på 60 pst. i Europipe II. Den samla verdien av utstyret som vart overført er 452 mill. 2000-kroner. SDØE sin del av investeringane er 271 mill. kroner.

Sygna og Statfjord

Plan for utbygging og drift av Sygna vart godkjent ved kgl.res 30. april 1999 og omtala i St.prp. nr. 18 (1999-2000) 1

. Departementet godkjende 5. juli 1999 ein avtale mellom rettshavarane i Sygna og Statfjord om tilknyting av Sygna sitt produksjonssystem opp mot Statfjord og vederlagsfri overføring av eigedomsrett. Sygna har betalt for innretninga. SDØE sin del av investeringane er vurdert til 47 mill. kroner.

Budsjettendringar

Gjeldande løyving for 2000 under kap. 2440 og kap. 5440 er basert på Stortinget sitt budsjettvedtak i desember 1999 (blå bok) og Stortinget sitt vedtak av 16. juni 2000 der kap. 2440, post 30 Investeringer vart auka med 2 200 mill. kroner og post 50 Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond vart redusert med 8 mill. kroner. Under kap. 5440 vart post 24 Driftsresultat auka med 30 500 mill. kroner, post 30 Avskrivinger vart redusert med 400 mill. kroner og post 80 Renter vart auka med 300 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 61 og Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Forslag til ny løyving er basert på oppdatert prognose frå Statoil etter tredje kvartal 2000. Det er for SDØE lagt til grunn ein oljepris på 245 kroner pr. fat som gjennomsnitt i kontantrekneskapen for 2000. Dette inneber ein auke på 55 kroner pr. fat i forhold til gjeldande budsjett for 2000 der føresett oljepris var 190 kroner pr. fat, jf. St.prp. nr. 61 (1999-2000).

Overslaget for kap. 2440, post 22 Fjerningsutgifter er redusert med 18 mill. kroner frå 20 til 2 mill. kroner. Dette som følgje av ein ny gjennomgang av talgrunnlaget. Det er lagt til grunn ei ny fordeling av kva slags utgifter som skal førast på denne posten. Det er SDØE sin del av fjerningsutgifter, i tråd med definisjonen i fjerningstilskotslova, som skal førast på post 22. Selskapa kan få tilskott til desse utgiftene, jf. kap. 2442 post 70 Tilskudd, men dette gjeld ikkje SDØE. Andre utgifter etter produksjonsslutt, som mellom anna utgifter til nedstenging, vert ført som vanleg driftsutgift på kap. 5440, underpost 24.2. Denne endringa vert gjort gjeldande frå og med 2000.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringer er auka med 800 mill. kroner, frå 21 900 mill. kroner til 22 700 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg høgare investeringar i Åsgardkjeda, som utgjer i underkant av 700 mill. kroner. Det vert elles vist til eigen omtale av kostnadsutviklinga i Åsgardkjeda i kapitel 5 i denne proposisjonen.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 22 300 mill. kroner, frå 118 300 til 140 600 mill. kroner. Hovudårsaka er høgare prisar på råolje, våtgass og gass. Salsvoluma for olje og våtgass er nedjusterte i forhold til gjeldande budsjett (basert på lågare realisert sal så langt i år og prognose for resten av året). Det er venta høgare gass-sal enn det som er budsjettert tidlegare.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Lete- og feltutviklingsutgifter er auka med 200 mill. kroner, frå 1 500 til 1 700 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg nye brønnar og testing.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 og post 30 Avskrivinger er auka med 1 300 mill. kroner, frå 15 100 til 16 400 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg for lågt budsjetterte avskrivingar på Troll olje.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 og post 80 Renter er redusert med 100 mill. kroner, frå 8 600 til 8 500 mill. kroner. Dette skuldast lågare rente på fast kapital enn føresett i budsjettet tidlegare.

Dei ovannemnde endringane fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat samla aukar med 20 900 mill. kroner, frå 74 900 til 95 800 mill. kroner i 2000.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2000 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten ( i 1 000 kr).

Kap/postGjeldandeForslag tilEndring
UnderpostNemningløyving1ny løyving
244022Fjerningsutgifter20 0002 000-18 000
30Investeringer21 900 00022 700 000800 000
50Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond592 000592 0000
Sum kap. 244022 512 0023 294 000782 000
544024.1Driftsinntekter118 300 000140 600 00022 300 000
24.2Driftsutgifter-18 200 000-18 200 000
24.3Lete- og feltutviklingsutgifter-1 500 000-1 700 000-200 000
24.4Avskrivinger-15 100 000-16 400 000-1 300 000
24.5Renter-8 600 000-8 500 000100 000
24Driftsresultat74 900 00095 800 00020 900 000
30Avskrivinger15 100 00016 400 0001 300 000
50Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond0700 000700 000
80Renter8 600 0008 500 000-100 000
85Renter på mellomregnskapet010 00010 000
Sum kap. 544098 600 000121 410 00022 810 000
Kontantstraumen til SDØE:
Innbetalingar2118 300 000141 310 00023 010 000
Utbetalingar342 212 00043 194 000982 000
Nettoinntekt frå SDØE76 088 00098 116 00022 028 000

1 Gjeldande løyving for 2000 er basert på Stortinget sitt budsjettvedtak i desember 1999 (blå bok) og seinare endringar i 2000.

2 Innbetalingar = driftsinntekter + overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond + renter på mellomrekneskapen.

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + fjerningsutgifter + investeringar + overføring til Staten sitt petroleumsforsikringsfond.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som har skjedd og venta skadeutbetalingar for resten av året, vert det foreslått ei løyving på 700 mill. kroner i 2000 under kap. 5440, post 50 Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond.

Overslaget for kap. 5440, post 85 Renter på mellomregnskapet er 10 mill. kroner. Under denne posten vert det inntektsført/utgiftsført renter på uteståande sum mellom staten og Statoil som forretningsførar for SDØE.

Ovannemnde endringar medfører samla at netto kontantstraum frå SDØE aukar med 22 028 mill. kroner, frå 76 088 mill. kroner til 98 116 mill. kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i overføringa til Statens petroleumsfond. Finansdepartementet vil i sin nysalderingsproposisjon foreslå endring av kap. 2800 Statens petroleumsfond.

Kap. 2442 Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen

Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning

Tilskot etter lova for fjerningstilskot dekkjer staten sin del av fjerningsutgifter. På basis av nye overslag for fjerningsutgifter i 2000 foreslår ein at løyvinga vert redusert med 38 mill. kroner, frå 70 til 32 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Post 04 Salg av undersøkelsesmateriale

Inntektene under posten kjem frå sal av seismisk undersøkelsesmateriale til oljeselskapa. Det er stor uvisse knytt til disse salsinntektene. Dei fleste aktørane på norsk sokkel har allereie kjøpt dei seismiske datapakkane som til no er gjort tilgjengelege (Norskehavet og Barentshavet sør). Inntektene vil difor i framtida avhenge av sal av geofysiske og geologiske datapakkar for Barentshavet Nord. Desse datapakkane kan bli lagt ut for sal hausten 2000, jf. forslag i St.meld. nr. 39 (1999-2000), men det er ikkje teke endeleg avgjerd om dette enno. Inntekter frå sal av desse pakkane vil difor truleg ikkje komme før i 2001.

Som følgje av ovannemnde har OD så langt i år ikkje selt datapakker. Ein reknar ikkje med at det vil bli selt datapakkar seinare i år heller, og departementet foreslår difor at løyvinga på posten vert redusert med 16 mill. kroner, til 0 kroner. Ein viser også til at regjeringa i St.prp. nr. 1 (2000-2001) foreslår ei løyving på 10 mill. kroner under posten, hovudsakleg knytt til sal av datapakker for Barentshavet nord.

Post 05 Salg av publikasjoner

Inntektene under posten er knytt til Oljedirektoratets sal av publikasjonar. Løyvinga under posten har dei seinare åra vorte redusert som følgje av at stadig fleire publikasjonar vert gjort tilgjengeleg på CD-rom eller Internett. Dette, saman med at fleire publikasjonar er fjerna frå sal, gjer at ein i 2000 ikkje vil klare å oppnå inntekter i samsvar med gjeldande budsjett på posten. Ein foreslår difor at løyvinga på posten vert redusert med 1 mill. kroner, frå 2 til 1 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Under forenkla myndigheitsbehandling.