St.prp. nr. 19 (2000-2001)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

5 Prosjekter under utbygging

Kostnadsutvikling i Åsgardkjeda

Det vert vist til omtalen av kostnadsutviklinga i Åsgardkjeda i St.prp. nr. 53 (1999-2000). Investeringsoverslaga viste då ein kostnadsauke på 870 mill. kroner totalt for Åsgardkjeda.

Departementet mottok i august 2000 nye investeringoverslag for prosjekta i Åsgardkjeda og vil med dette gjere greie for den siste kostnadsutviklinga. Tabell 5.1 viser den siste utviklinga samanlikna med investeringsoverslaga som vart lagde fram i orienteringa til Stortinget gjennom St.prp. nr. 53 (1999-2000).

Tabell 5.1 

(i mill. 2000-kroner)
St.prp. nr. 53Nytt anslag
(1999-2000)(august 2000)Kostnadsauke
Åsgardkjeda69 65570 285630

Åsgardkjeda omfattar feltutbygging i Norskehavet, rikgassrøyrleidningen Åsgard Transport frå feltet til Kårstø i Rogaland, dei nye gassbehandlingsanlegga på Kårstø og eksportgass-røyrleidingen Europipe II frå Kårstø til Dornum i Tyskland.

Kostnadsauken på feltet er på 530 mill. kroner. Dette skuldast i følgje Statoil i hovudsak meirkostnader knytt til arbeidskonfliktane på feltet (streik) sommaren 2000. Dessutan har kostnadene for boring og komplettering auka noko som følgje av at ein brønn måtte borast på nytt og på grunn av store problem med den opphavlege brønnen. Det er også ein kostnadsauke på Kårstø på 100 mill. kroner, som i følgje Statoil skuldast at ferdigstillings- og uttestingsarbeidet har vist seg å vere meir krevjande enn venta.

Den siste kostnadsauken er, for Åsgardkjeda sett under eit, innanfor den ramma for mogleg kostnadsauke som Statoil tidlegare har orientert om og som vart lagt til grunn for departementet si orientering i St.prp. nr. 53 (1999-2000).

Utbygginga av Åsgardkjeda er no ferdig. Gassproduksjonen frå feltet tok til 1. oktober i år, med gasstransport gjennom Åsgard Transport og gassbehandling i Kårstøanlegga. Oljeproduksjonen frå Åsgardfeltet tok til i mai 1999, og røyrleidningen Europipe II starta opp 1. oktober same år. Statoil vil i løpet av våren 2001 leggje fram eit siste kostnadsoverslag for prosjekta i Åsgardkjeda. Det er framleis Statoil si vurdering at dei totale utbyggingskostnadene for dei fire prosjekta i Åsgardkjeda vil liggje innanfor den skisserte ramma for moglege nye aukingar.

Kostnadsutvikling i Snorre 2

Departementet har i St.prp. nr. 1 (2000-2001) gjort greie for kostnadsutviklinga i prosjekt under utbygging. I etterkant har det komme fram ytterlegare opplysningar knytt til Snorre 2 utbygginga.

Overslag for investeringane i Snorre 2-utbygginga er auka med 646 mill. kroner i forhold til overslag som låg til grunn for St.prp. nr. 1. Investeringane er no vurderte til 14 368 mill. kroner 1

.

Auken skuldast ei rekkje forhold, dei to viktigaste er knytte til auka materialbruk i prosjektet, og auka timebruk innan engineering.

Fotnotar

1.

Overslaga kan ikkje direkte samanliknast med overslaga i St.prp. nr. 1 (2000-2001), då dei nye overslaga bygger på operatørselskapet sine eigne inflasjonsføresetnader. Kostnadsauken er likevel av same storleik som omtalt over.