St.prp. nr. 19 (2000-2001)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Refusjon av dokumentavgift

Ordninga med refusjon av dokumentavgift vart avvikla frå 1. januar 1999, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (1998-99). Det vart gitt ei løyving på 615 mill. kroner i 1999 knytt til søknader om refusjon som vart fremja innan utgangen av 1998, jf. St.prp. nr. 67 og Innst S. nr. 236 (1998-99). I tillegg vart det overført 190 mill. kroner frå 1998, slik at dei samla disponible midla i 1999 utgjorde 805 mill. kroner. Av dette beløpet vart 660 mill. kroner utbetalt, og resterande 145 mill. kroner vart overført til 2000 for å dekkje opp allereie gitte tilsegner.

For 2000 vert det no budsjettert med utbetalingar på om lag 35 mill. kroner. Vidare er det rekna ut at det vil gjenstå resttilsegn på om lag 60 mill. kroner som vil komme til utbetaling i 2001. Dette inneber at om lag 50 mill. kroner av tilsegnene så langt er eller truleg blir fråfalne. Det blir gjort merksam på at tala er usikre.