St.prp. nr. 35 (1998-99)

Om støtta til skipsbyggingsindustrien

Til innhaldsliste

2 Om skipsbyggingsindustrien

Det er i underkant av 50 verft som bygger eller kan bygge skip over 100 bruttotonn i Noreg. Verfta bygger i det vesentlege små og mellomstore, spesialiserte skip som til dømes produkt- og kjemikalietankarar, ro-ro skip, seismiske fartøy, supplyfartøy, fiskefartøy, ferger og hurtiggåande passasjerskip. Over halvparten av dei norske verfta har under 100 tilsette medan omtrent ein fjerdedel har over 200 tilsette. Totalt har omlag 6500 vore sysselsett med nybygging av skip dei siste åra.

Dei fleste verfta ligg i distrikta på Vestlandet. Skipsbyggingsverksemda er særleg stor i Møre og Romsdal. Nær halvparten av dei som arbeider med nybygging av skip finst i dette fylket. Utanom Vest-Agder, som har ein nybyggingsaktivitet på linje med Hordaland og Sogn og Fjordane, er det i dei andre kystfylka berre nokre få verft som held på med nybygging.

Norske verft møter først og fremst konkurranse frå verft innan EU, men dei eksporterer skip til heile verda. Eksportdelen ligg på over 50 pst.

Skipsbyggingsindustrien er ei næring som internasjonalt har vore prega av ulike konkurransevridande støttetiltak gjennom fleire tiår. OECD-avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien har ennå ikkje trådt i kraft, og det er særs usikkert om og når det eventuelt vil skje. Av dei landa som forhandla fram avtalen, er USA det einaste som ikkje har ratifisert den.

Til forsida