St.prp. nr. 35 (1998-99)

Om støtta til skipsbyggingsindustrien

Til innhaldsliste

3 Om skipsbyggingsstøtta

Skipsbyggingsstøtta vert gjeve i form av tilskot rekna som ein bestemt prosentsats av den enkelte kontraktsverdi. Støttesatsane er i dag 7 pst for nybygg med ein verdi over 10 mill euro og 3,5 pst for andre kontraktar, inkl. ombygging. Gjennom EØS-avtalen har vi det same regelverk som EU for støtte til skipsbygging. Dei tillate maksimalsatsar er i dette regelverket 9 og 4,5 pst. Noreg hadde desse satsane til dei vart redusert frå 1998 av.

EU har i ei ny forordning som trådde i kraft 1.1.99, mellom anna fastsatt at desse maksimalsatsane skal gjelde ut år 2000. Frå år 2001 skal all kontraktsrelatert støtte falle bort. Den nye forordninga gir rom for bruk av andre typar støtte, som mellom anna investeringsstøtte til innovasjon, regional investeringsstøtte, FoU-støtte og støtte som skal stimulere verfta til å ta miljøomsyn. Omlegginga førar til at skipsbygging vil bli handsama meir på linje med andre næringar i EU. Den tilsvarande EØS-forordninga vart vedteke av EØS-komiteen 29. januar 1999. I Noreg vil forordninga bli fastsett som forskrift ved kgl. resolusjon. Dette inneber at ein heller ikkje i Noreg kan oppretthalde den kontraktsrelaterte støtta etter år 2000.

For meir omtale av skipsbyggingsstøtta syner ein til omtale i Nærings- og handelsdepartementets budsjettproposisjon for 1999 under kap. 966.

Til forsida