St.prp. nr. 35 (1998-99)

Om støtta til skipsbyggingsindustrien

Til innhaldsliste

5 Endringsforslag

Regjeringa vil understreka at det først og fremst er skipsbyggingsindustrien sjølv som har hovudansvaret for å sikra konkurranseevna til næringa gjennom tilstrekkeleg omstilling og omstrukturering. Regjeringa meiner likevel, for å medverke til at norske verft sikrast oppdrag dei nærmaste åra, at støttesatsane bør aukast til 9 og 4,5 pst for resten av 1999. Støttesatsane for år 2000 må vurderast i samband med statsbudsjettet for år 2000.

Auka støttesatsar vil ikkje nødvendigvis auke ordreinngangen dersom det ikkje generelt er tilstrekkeleg etterspurnad i marknaden, men auka satsar vil auke muligheitene for at norske verft oppnår ein større del av dei kontraktane som er. Det er imidlertid vanskeleg å anslå ordreinngangen i ein marknad som er såvidt følsom for utviklinga i verdsøkonomien som skipsbyggingsmarknaden. Uvissa aukar i tillegg når støttesatsane vert endra. Nærings- og handelsdepartementet antar imidlertid at høgare støttesatsar vil betre ordreinngangen i forhold til i fjor, men på bakgrunn av den generelle situasjonen i etterspurnaden antar departementet at ordreinngangen vil bli mykje lågare enn i 1997 og den vert truleg og lågare enn i 1996. Når ein i tillegg tek omsyn til at ein normal årsproduksjon for næringa ligg ein stad mellom 8 og 10 mrd. kroner har Nærings- og handelsdepartementet kome til at ein ordreinngang på 8 mrd. kroner kan vere eit rimeleg anslag.

Ein ordreinngang i denne storleiken vil krevje eit fond på rundt 750 mill. kroner. 1999-fondet på 507,5 mill. kroner må dermed aukast med omlag 250 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer merksam på at overslaget er uvisst. Ordreinngangen kan bli større. Då kan ein auke på 250 mill. kroner bli for liten.

Til forsida