St.prp. nr. 35 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordninga opnar for at det kan etablerast ei selskapsform på europeisk nivå som eit alternativ til selskapsformer i nasjonal lovgjeving. Det europeiske selskapet (som skal ha forkortinga SE) skal vere eit selskap med avgrensa ansvar, og eigardelane skal vere fordelte på aksjar. Sidan føremålet med forordninga er å leggje tilhøva til rette for verksemd over landegrensene, er det eit vilkår for å kunne etablere seg som eit SE-selskap at verksemda på nærmare definerte måtar er knytt til minst to EØS-statar.

Forordninga inneheld selskapsrettslege reglar, og vert supplert av eit direktiv om medråderett for arbeidstakarar (rådsdirektiv 2001/86/EF). Det er ein føresetnad for å kunne etablere eit SE-selskap at direktivet er gjennomført i nasjonal lovgjeving.

Forordninga er ikkje uttømmande i den tydinga at ho på fleire punkt viser til dei reglane som gjeld for allmennaksjeselskap i staten der SE-selskapet er etablert. I tillegg opnar forordninga for at statane på visse punkt kan fastsetje særskilde reglar for SE-selskap som er etablerte hos dei. SE-selskapa har òg fridom til å regulere visse tilhøve i vedtektene sine.

Forordninga dekkjer ikkje andre rettsområde enn dei reint selskapsrettslege. For andre rettsområde er det den nasjonale retten i den einskilde staten der SE-selskapet er etablert, som vil gjelde.

Avdeling I i forordninga inneheld allmenne føresegner. Viktige føresgner er her at selskapet skal ha ein aksjekapital på minst 120 000 euro, at selskapet må ha den vedtektsmessige heimstaden sin og hovudkontoret sitt i éin og same EØS-stat, at heimstad og hovudkontor på visse vilkår kan flyttast til ein annan EØS-stat og at SE-selskapet ut over dei reglane som er fastsette i forordninga, skal handsamast som eit allmennaksjeselskap i den staten der det høyrer heime.

Avdeling II inneheld nærmare reglar om dei ulike måtane å stifte eit europeisk selskap på. Stiftinga kan skje på fire ulike måtar. Ein måte er gjennom fusjon av to eller fleire allmennaksjeselskap som høyrer heime i minst to ulike EØS-statar. Forordninga opnar dermed for fusjon over landegrenser, noko som ikkje er mogleg i dag. Vidare kan SE-selskap på nærmare vilkår stiftast ved å omdanne eit allmennaksjeselskap til eit SE-selskap, ved å stifte eit SE-dotterselskap eller ved å stifte eit SE-holdingselskap. Eit SE-selskap kan òg stifte dotterselskap som vil vere SE-selskap.

Avdeling III inneheld reglar om dei styrande organa. SE-selskapet får her høve til å velje mellom eit tonivåsystem med eit leiande organ og eit kontrollorgan, eller eit eittnivåsystem med berre eit administrasjonsorgan. Generalforsamlinga skal uansett vere det øvste organet i selskapet.

Avdeling IV inneheld reglar om rekneskap og avdeling V reglar om konkurs mv. Her vert det stort sett vist til dei reglane som gjeld for allmennaksjeselskap i staten der SE-selskapet høyrer heime.

Avdeling VI inneheld tilleggs- og overgangsføresegner og avdeling VII sluttføresegner. Det går her fram av artikkel 68 nr. 2 at kvar stat skal peike ut dei rette styresmaktene i medhald av artikkel 8, 25, 26, 55 og 64.

Forordninga med tilhøyrande direktiv må vere gjennomførd i nasjonal rett innan 8. oktober 2004.