St.prp. nr. 35 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Forordninga rettar seg i hovudsak mot private rettsubjekt, og gjev desse høve til å etablere SE-selskap på visse vilkår. Staten vert i liten grad påførd plikter etter forordninga. Staten er likevel pålagd å peike ut ei eller fleire rette styresmakter slik det er fastsett i artikkel 8, 25, 26, 54, 55 og 64. Desse rette styresmaktene skal på ulike måtar ha visse attest- og kontrollfunksjonar, men det dreier seg ikkje om omfattande plikter. Eit døme er at retten, ein notar eller ei anna rett styresmakt etter artikkel 8 nr. 8 skal utferde ein attest som prov på at alle naudsynte handlingar i samband med flytting av hovudkontoret er gjennomførde. Eit anna døme er at det etter artikkel 8 nr. 14 kan fastsetjast at den rette styresmakta ut frå allmenne samfunnsomsyn skal kunne reise motsegner mot at hovudkontoret til SE-selskapet vert flytta. Totalt sett er det ikkje grunn til å tru at forordninga vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for offentlege styresmakter.