St.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. <...>av <...>om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. <...>av <...> 1.

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1150/2007/EF av 25. september 2007 om skiping av særprogrammet «Førebygging av og informasjon om narkotikabruk» for tidsrommet 2007-2013, som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd» 2.

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2008 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala artikkel 16 nr. 1 skal nytt strekpunkt lyde:

«-32007 D 1150: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1150/2007/EF av 25. september 2007 om skiping av særprogrammet «Førebygging av og informasjon om narkotikabruk» for tidsrommet 2007-2013, som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd» (EUT L 257 av 3.10.2007, s. 23).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2008.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, <...>.

For EØS-komiteen

Formann

<...>

Sekretærar for EØS-komiteen

<...>

Fotnotar

1.

TEU ...

2.

TEU L 257 av 3.10.2007, s. 23.

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Forfatningsrettlege krav oppgjevne.]