St.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS/EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet.

Den finansielle støtta frå EØS/EFTA-statane til deltaking i programmet vert fastsett i medhald av artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Støtta reflekterer den relative delen som BNP i kvar stat utgjer i høve til samla BNP i EU-statane. Løyvinga frå Noreg er 94,15 prosent av løyvinga frå EFTA. Desse fordelingsnøklane vert justerte kvart år.

Totalsummen for deltaking i programmet for heile perioden er rekna til om lag 4 millionar kroner. Dei årlege utgiftene for Noreg er stipulerte til om lag 700 000 kroner, men denne summen vil variere. Norsk deltaking i programmet vert dekt over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet, kapittel 703 - internasjonalt samarbeid.

Det vert lagt opp til at Sosial- og helsedirektoratet blir utpeikt som nasjonalt kontaktpunkt for programmet. Kontaktpunktet vil m.a. hjelpe norske søkjarar med fagleg rettleiing i søkjeprosessen.