St.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1150/2007/EF av 25. september 2007 om skiping av særprogrammet «Førebygging av og informasjon om narkotikabruk» for tidsrommet 2007-2013, som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd»

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 152,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I traktaten er det fastsett at det bør sikrast eit høgt nivå for vern av menneskehelsa ved utarbeidinga og gjennomføringa av all fellesskapspolitikk og -verksemd. For å medverke til å nå eit høgt nivå for helsevern er det naudsynt med fellesskapstiltak.

  2. Fellesskapstiltaka bør utfylle nasjonal politikk som tek sikte på å betre folkehelsa, å førebyggje farar for menneskehelsa og å redusere helseskadar som er knytte til narkotikavanebruk, medrekna politikk for informasjon og førebygging.

  3. Forskingsresultat viser at svært mange sjukdomstilfelle og dødsfall blant europeiske borgarar har samanheng med narkotikavanebruk, og helseskadar som er knytte til narkotikavanebruk, utgjer eit stort problem for folkehelsa.

  4. I meldinga si til Rådet og Europaparlamentet om resultata frå sluttvurderinga av fellesskapsstrategien og -handlingsplanen for narkotika (2000-2004) la Kommisjonen vekt på at det er naudsynt med jamlege samråd med det sivile samfunnet ved utforminga av narkotikapolitikken til EU.

  5. I europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1786/2002/EF av 23. september 2002 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram på området folkehelse 4 er utarbeiding av strategiar og mål når det gjeld narkotikavanebruk førde opp som ein av dei viktige helsefaktorane som er knytte til livsstil.

  6. I rådsrekommandasjon 2003/488/EF av 18. juni 2003 om førebygging og reduksjon av helseskadar i samband med narkotikavanebruk 5 rår Rådet til at medlemsstatane set seg som eit helsemål at narkotikavanebruk skal førebyggjast og risikoar i samband med dette skal reduserast, og at dei utarbeider og gjennomfører omfattande strategiar for å nå dette målet.

  7. I desember 2004 godkjende Det europeiske rådet narkotikastrategien til Den europeiske unionen 2005-2012, som omfattar all verksemd i heile Den europeiske unionen som er knytt til narkotika, og der det er fastsett viktige mål. Gjennom desse måla vert det teke sikte på å nå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning ved å førebyggje og redusere narkotikabruk, narkotikavanebruk og skadar på helse og samfunn som er knytte til narkotika.

  8. Rådet har vedteke EU-handlingsplanen mot narkotika (2005-2008) 6som eit viktig verkemiddel for å overføre narkotikastrategien til EU 2005-2012 til konkrete tiltak. Handlingsplanen har som overordna mål å redusere mykje av utbreiinga av narkotikabruk blant borgarane, og å redusere dei sosiale skadane og helseskadane som bruken av og handelen med ulovlege narkotiske stoff fører til.

  9. Særprogrammet «Førebygging av og informasjon om narkotikabruk», som vert skipa i medhald av denne avgjerda (heretter kalla «programmet»), tek sikte på å gjennomføre dei måla som er fastlagde i narkotikastrategien til EU 2005-2012 og fellesskapshandlingsplanane mot narkotika 2005-2008 og 2009-2012, ved å støtte prosjekt som tek sikte på å førebyggje narkotikabruk, m.a. ved å redusere skadar som er knytte til narkotika, og innføre behandlingsmetodar som tek omsyn til den nyaste vitskaplege kunnskapen.

  10. Det er viktig og naudsynt å sannkjenne dei alvorlege verknadene, både på kort og på lengre sikt, som narkotika har på helsa og på den psykologiske og sosiale utviklinga til einskildpersonar, familiar og lokalsamfunn og på like høve for dei som det gjeld, og å sannkjenne dei høge sosiale og økonomiske kostnadene for heile samfunnet.

  11. Det bør leggjast særleg vekt på førebygging av narkotikabruk blant ungdom, som er den mest sårbare gruppa. Den største utfordringa når det gjeld førebygging, er å oppmuntre ungdom til å tileigne seg ein sunn livsstil.

  12. Det europeiske fellesskapet kan tilføre ein tilleggsverdi til den innsatsen som medlemsstatane gjer når det gjeld førebygging og informasjon, medrekna behandling og reduksjon av skadar som er knytte til narkotika, ved å utfylle denne innsatsen og fremje samverknad.

  13. I samsvar med artikkel 7 nr. 3 i rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7bør Kommisjonen melde frå til Europaparlamentet om utvalsframgangsmåtar som er knytte til gjennomføringa av dette programmet. Europaparlamentet bør særleg få oversendt utkastet til det årlege programmet når dette vert lagt fram for forvaltingsutvalet. I tillegg bør Europaparlamentet få oversendt resultata frå røystingane og referata frå møte i det nemnde utvalet.

  14. Det bør sikrast komplementaritet med den tekniske sakkunna til Det europeiske senteret for overvaking av narkotika og narkotikavanebruk (heretter kalla «senteret») ved bruk av dei metodane og den beste praksisen som er utvikla av senteret, og ved å trekkje senteret med i utarbeidinga av det årlege arbeidsprogrammet.

  15. Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi det trengst utveksling av informasjon og spreiing av god praksis i heile Fellesskapet, fordi det trengst ein samordna og tverrfagleg metode og fordi programmet har eit stort omfang, og betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  16. Då det er viktig å gjere fellesskapsfinansieringa synleg, bør Kommisjonen utarbeide retningslinjer for å sikre at alle styresmakter, ikkje-statlege organisasjonar, internasjonale organisasjonar eller andre organ som får støtte i medhald av programmet, på ein tilbørleg måte stadfestar at dei har fått slik støtte.

  17. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 8.

  18. Rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 9 (heretter kalla «finansforordninga») og kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 10, som sikrar dei økonomiske interessene til Fellesskapet, bør nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippa for forenkling og samanheng i valet av budsjettordningar, ei avgrensing av talet på tilfelle der Kommisjonen framleis skal ha direkte ansvar for gjennomføringa og forvaltinga, og kravet om rimeleg samhøve mellom mengda av ressursar og dei administrative byrdene i samband med ressursbruken.

  19. Det bør òg gjerast eigna tiltak for å hindre avvik og svik, og for å krevje tilbake midlar som er tapte, utbetalte på urettkome vis eller nytta på feil måte, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 11, rådsforordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å beskytte De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 12 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999 av 25. mai 1999 om undersøkelser som foretas av Det europeiske kontor for bedrageribekjempelse (OLAF) 13.

  20. For å dekkje driftstilskot krev finansforordninga at det skal det skal liggje føre ei grunnleggjande rettsakt.

  21. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsavgjerd 1999/468/EF, samstundes som det vert skilt mellom dei tiltaka som skal vedtakast etter framgangsmåten med forvaltingsutval, og dei som skal vedtakast etter framgangsmåten med rådgjevande utval, der framgangsmåten med rådgjevande utval i visse tilfelle er best eigna av omsyn til betre effektivitet.

  22. For å sikre at dette programmet vert gjennomført på ein effektiv måte og til rett tid, bør denne avgjerda nyttast frå 1. januar 2007 —

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av og mål for programmet

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit særprogram for førebygging av og informasjon om narkotikabruk (heretter kalla «programmet»), som ein del av det overordna programmet «Grunnleggjande rettar og rettferd», for å medverke til å sikre eit høgt nivå for vern av menneskehelsa og for å redusere helseskadar som er knytte til narkotika.

  2. Programmet skal gjelde i tidsrommet frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013.

Artikkel 2

Overordna mål

Programmet har følgjande overordna mål:

  1. å førebyggje og redusere narkotikabruk og -vanebruk og skadar som er knytte til narkotika,

  2. å medverke til å betre informasjonen om narkotikabruk, og

  3. å støtte gjennomføringa av narkotikastrategien til EU.

Artikkel 3

Særskilde mål

Programmet har følgjande særskilde mål:

  1. å fremje tverrnasjonale tiltak for å:

    1. skipe tverrfaglege nettverk,

    2. sikre ei utviding av kunnskapsbasen, utveksling av opplysningar og identifisering og spreiing av god praksis m.a. gjennom utdanning, studievitjingar og utveksling av personale,

    3. auke medvitet om helseproblem og sosiale problem som følgje av narkotikabruk, og oppmuntre til ein open dialog med sikte på å fremje ei betre forståing av narkotika som fenomen, og

    4. støtte tiltak som tek sikte på å førebyggje narkotikabruk, m.a. ved å redusere skadar som er knytte til narkotika og behandlingsmetodar som tek omsyn til den nyaste vitskaplege kunnskapen,

  2. å trekkje med det sivile samfunnet i gjennomføringa og utviklinga av narkotikastrategien og handlingsplanane til EU, og

  3. å overvake, gjennomføre og evaluere gjennomføringa av dei særskilte tiltaka i medhald av handlingsplanane mot narkotika 2005-2008 og 2009-2012. Europaparlamentet tek del i evalueringsprosessen gjennom deltakinga si i Kommisjonen si styringsgruppe for evaluering.

Artikkel 4

Tiltak

For å nå dei overordna og særskilde måla som er fastsette i artikkel 2 og 3, skal programmet støtte dei følgjande typane tiltak, på dei vilkåra som er fastsette i dei årlege arbeidsprogramma som er nemnde i artikkel 9 nr. 2:

  1. særlege tiltak som Kommisjonen set i verk, t.d. studiar og forsking, rundspørjingar og granskingar, utarbeiding av indikatorar og felles metodar, innsamling, utarbeiding og spreiing av data og statistikk, seminar, konferansar og møte mellom sakkunnige, tilrettelegging av offentlege kampanjar og tilskipingar, utvikling og vedlikehald av nettstader, utarbeiding og spreiing av opplysningsmateriale, støtte og vedlikehald av nettverk av nasjonale sakkunnige og analyse-, overvakings- og evalueringsverksemd,

  2. særlege tverrnasjonale prosjekt som er av interesse for Fellesskapet og er lagde fram av minst to medlemsstatar eller av minst éin medlemsstat og éin annan stat som anten kan vere ein tilmeldingsstat eller kandidatstat i medhald av dei vilkåra som er fastsette i det årlege arbeidsprogrammet, eller

  3. verksemda til ikkje-statlege organisasjonar eller andre organ som arbeider for å nå eit mål som er av allmenn europeisk interesse innanfor ramma av dei overordna måla for programmet og i medhald av dei vilkåra som er fastsette i det årlege arbeidsprogrammet.

Artikkel 5

Deltaking

Følgjande statar kan ta del i tiltaka til programmet:

  1. dei EFTA-statane som er part i EØS-avtala, i samsvar med føresegnene i den nemnde avtala, og

  2. dei kandidatstatane og statane på Vest-Balkan som tek del i stabiliserings- og assosieringsprosessen i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i assosieringsavtalene eller tilleggsprotokollane deira om deltaking i fellesskapsprogram, og som er inngådde eller skal inngåast med desse statane.

Kandidatstatar som ikkje tek del i programmet, kan verte knytte til prosjekt der slik deltaking kan medverke til å førebu tilmeldinga deira, på same måte som andre tredjestatar eller internasjonale organisasjonar som ikkje tek del i programmet, dersom det tener føremålet for prosjekta.

Artikkel 6

Målgrupper

  1. Programmet er retta mot alle grupper som direkte eller indirekte arbeider med narkotikaspørsmål.

  2. Når det gjeld narkotika, er ungdom, kvinner, utsette grupper og personar som lever i sosialt vanskelegstilte område, rekna som risikogrupper, og skal dermed reknast som målgrupper. Andre målgrupper omfattar lærarar og utdanningspersonale, foreldre, sosialarbeidarar, lokale og nasjonale styresmakter, medisinsk og paramedisinsk personale, juridisk personale , politi- og fengselsstyresmakter, ikkje-statlege organisasjonar, fagforeiningar og religiøse samfunn.

Artikkel 7

Tilgang til programmet

Programmet skal vere ope for offentlege eller private organisasjonar og institusjonar (lokale styresmakter på høveleg nivå, universitetsinstitutt og forskingssenter) som arbeider med informasjon om og førebygging av narkotikabruk, medrekna reduksjon og behandling av skadar som er knytte til narkotika.

Ikkje-ideelle organ og organisasjonar skal kunne få tilskot i medhald av programmet berre dersom dei samarbeider med ideelle eller statlege organisasjonar.

Artikkel 8

Typar støtte

  1. Fellesskapsfinansieringa kan ha følgjande rettslege former:

    1. tilskot, eller

    2. avtaler om offentlege innkjøp.

  2. Fellesskapstilskot skal tildelast etter innbydingar til framlegg, bortsett frå i tilbørleg grunngjevne unntakstilfelle slik det er fastsett i finansforordninga, og skal gjevast i form av driftstilskot eller tilskot til tiltak.

    Minstesatsen for dei årlege utgiftene som skal løyvast til tilskot, og høgstesatsen for samfinansiering, skal fastsetjast i det årlege arbeidsprogrammet.

  1. Midlar til oppfølgingstiltak kan òg gjerast tilgjengelege gjennom kontraktar om offentlege innkjøp, der fellesskapsmidlane skal dekkje kjøp av varer og tenester. Dette skal m.a. dekkje utgifter i samband med informasjon og kommunikasjon, førebuing, gjennomføring, overvaking, kontroll og evaluering av prosjekt, politikk, program og regelverk.

Artikkel 9

Gjennomføringstiltak

  1. Kommisjonen skal yte finansiell støtte frå Fellesskapet i samsvar med finansforordninga.

  2. For å gjennomføre programmet skal Kommisjonen, innanfor rammene av dei overordna måla for programmet som er fastsette i artikkel 2, vedta eit årleg arbeidsprogram der det vert teke omsyn til den tekniske sakkunna til senteret. Programmet skal innehalde særskilde mål, prioriterte temaområde, ei skisse av dei oppfølgingstiltaka som er nemnde i artikkel 8 og dersom det er naudsynt, ei liste over andre tiltak.

    Det første årlege arbeidsprogrammet skal vedtakast innan 23. januar 2008.

  3. Det årlege arbeidsprogrammet skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 3.

  4. Framgangsmåtane for evaluering og tildeling av tilskot til tiltak skal m.a. ta omsyn til dei følgjande kriteria:

    1. samsvaret med dei framlagde tiltaka og det årlege arbeidsprogrammet, måla som er fastsette i artikkel 2 og 3, og dei typane tiltak som er fastsette i artikkel 4,

    2. kvaliteten på framlegget til tiltak med omsyn til utforminga, organiseringa, presentasjonen og det forventa resultatet av tiltaket,

    3. omfanget av den fellesskapsfinansieringa som det er søkt om, og korleis denne summen står i høve til dei resultata som er venta, og

    4. verknaden som dei forventa resultata har på dei måla som er fastsette i artikkel 2 og 3, og på dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4.

  5. Søknadene om driftstilskot som er nemnde i artikkel 4 bokstav c), skal vurderast i lys av:

    1. samsvaret deira med måla for programmet,

    2. kvaliteten på den planlagde verksemda,

    3. den mangfaldiggjerande verknaden som denne verksemda kan ventast å få på ålmenta,

    4. det geografiske og sosiale omfanget av verksemda,

    5. korleis borgarane kan medverke i samansetnaden til dei organa som det gjeld,

    6. kor kostnadseffektivt det framlagde tiltaket er.

  6. Avgjerder som er knytte til dei framlagde tiltaka som er nemnde i artikkel 4 bokstav a), skal vedtakast av Kommisjonen i samsvar med framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 10 nr. 3. Avgjerder som er knytte til dei framlagde prosjekta og tiltaka som er nemnde i høvesvis artikkel 4 bokstav b) og c), skal vedtakast av Kommisjonen i samsvar med framgangsmåten med rådgjevande utval som er nemnd i artikkel 10 nr. 2.

    Avgjerder om søknader om tildeling av tilskot som gjeld ikkje-ideelle organ eller organisasjonar, skal takast av Kommisjonen i samsvar med framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 10 nr. 3.

Artikkel 10

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

Artikkel 11

Komplementaritet

  1. Det vert lagt vekt på å oppnå samverknad og komplementaritet med andre fellesskapsordningar, særleg det overordna programmet «Tryggleik for og vern av fridommane», det sjuande rammeprogrammet for forsking og utvikling og fellesskapshandlingsprogrammet for folkehelse. Det skal sikrast komplementaritet med dei metodane og den beste praksisen som vert utvikla ved senteret, særleg når det gjeld statistiske opplysningar om narkotika.

  2. Programmet kan dele ressursar med andre fellesskapsordningar, særleg dei overordna programma «Tryggleik for og vern av fridommane», «Solidaritet og handtering av migrasjonsstraumar» og det sjuande rammeprogrammet for forsking og utvikling, for å gjennomføre tiltak som stettar måla for alle programma.

  3. Tiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, skal ikkje gjevast finansiell støtte til dei same føremåla frå andre finansieringsordningar i Fellesskapet. Kommisjonen skal krevje at støttemottakarar som er omfatta av dette programmet, sender over til Kommisjonen opplysningar om midlar som dei har motteke over det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen og frå andre kjelder, og opplysningar om aktuelle søknader om finansiering.

Artikkel 12

Budsjettmidlar

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av denne avgjerda frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013 skal vere 21 350 000 euro.

  2. Budsjettmidlar som vert tildelte dei tiltaka som er fastsette i programmet, skal førast opp i dei årlege løyvingane i det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen. Dei disponible årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 13

Overvaking

  1. Kommisjonen skal syte for at alle som mottek støtte til tiltak som vert finansierte gjennom programmet, sender over tekniske og finansielle rapportar om framgangen i arbeidet, og ein sluttrapport innan tre månader før tiltaket vert avslutta. Kommisjonen fastset kva form og innhald desse rapportane skal ha.

  2. Kommisjonen skal syte for at kontraktar og avtaler som følgjer av gjennomføringa av programmet, inneheld føresegner om overvaking og finansiell kontroll som skal utførast av Kommisjonen (eller ein representant som har fullmakt frå Kommisjonen), om naudsynt i form av kontrollar på staden, medrekna stikkprøvar, og revisjon som skal utførast av Revisjonsretten.

  3. Kommisjonen skal krevje at mottakaren av finansiell støtte i eit tidsrom på fem år etter den siste utbetalinga til eit tiltak, stiller til rådvelde for Kommisjonen all dokumentasjon om utgifter som gjeld tiltaket.

  4. På grunnlag av resultata frå rapportane og kontrollane på staden som er nemnde i nr. 1 og 2, skal Kommisjonen om naudsynt syte for at omfanget av eller vilkåra for tildeling av den finansielle støtta som opphavleg var godkjend, og tidsplanen for utbetalingane, vert tilpassa.

  5. Kommisjonen skal gjere alle dei åtgjerdene som er naudsynte for å kontrollere at dei tiltaka som vert finansierte, vert gjennomførde på korrekt måte og i samsvar med føresegnene i denne avgjerda og i finansforordninga.

Artikkel 14

Vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet

  1. Ved gjennomføringa av tiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, skal Kommisjonen syte for at dei økonomiske interessene til Fellesskapet vert verna gjennom bruk av førebyggjande tiltak mot svik, korrupsjon og anna ulovleg verksemd, gjennom effektiv kontroll og tilbakebetaling av midlar som er utbetalte på urettkome vis, og dersom det vert oppdaga avvik, gjennom sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot, i samsvar med forordning (EF, Euratom) nr. 2988/95, forordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 og forordning (EF) nr. 1073/1999.

  2. Når det gjeld fellesskapstiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, skal forordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 og forordning (Euratom, EF) nr. 2185/96 nyttast på alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten, medrekna brot på ei avtaleplikt som er fastsett på grunnlag av programmet, og som følgjer av ei handling eller forsømming frå ein marknadsdeltakar si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen eller andre budsjett som Fellesskapa forvaltar, som følgje av ei utilbørleg utgift.

  3. Kommisjonen skal syte for at den finansielle støtta som vert tildelt eit tiltak, vert redusert, oppheva eller kravd tilbake dersom han oppdagar avvik, medrekna manglande samsvar med føresegnene i denne avgjerda eller i einskildvedtaket, eller i kontrakten eller avtala om løyvinga av den aktuelle støtta, eller dersom det syner seg at tiltaket er vorte endra på ein slik måte at det er i strid med arten av tiltaket eller gjennomføringsvilkåra for prosjektet, utan at Kommisjonen har fått godkjent ei slik endring.

  4. Dersom fristane ikkje er vortne etterlevde, eller dersom utviklinga i gjennomføringa av eit tiltak berre rettferdiggjer bruk av ein del av den finansielle støtta som eit tiltak har fått tildelt, skal Kommisjonen oppmode støttemottakaren om å leggje fram synspunkta sine innan ein fastsett frist. Dersom støttemottakaren ikkje gjev eit tilfredsstillande svar, kan Kommisjonen stanse den resterande finansielle støtta og krevje at summar som alt er vortne betalte ut, vert betalte tilbake.

  5. Kommisjonen skal syte for at alle urettkomne utbetalingar skal betalast tilbake til Kommisjonen. Det skal leggjast renter til alle summar som ikkje vert betalte tilbake til rett tid, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i finansforordninga.

Artikkel 15

Evaluering

  1. Programmet skal overvakast jamleg slik at gjennomføringa av programverksemda kan følgjast.

  2. Kommisjonen skal syte for ei jamleg, uavhengig og ekstern vurdering av programmet.

  3. Kommisjonen skal leggje fram følgjande for Europaparlamentet og Rådet:

    1. ei årleg utgreiing om gjennomføringa av programmet,

    2. seinast 31. mars 2011, ein mellombels evalueringsrapport om dei resultata som er oppnådde og om dei kvalitative og kvantitative sidene ved gjennomføringa av programmet,

    3. seinast 30. august 2012, ei melding om vidareføringa av programmet,

    4. seinast 31. desember 2014, ein sluttvurderingsrapport.

Artikkel 16

Offentleggjering av prosjekt

Kommisjonen skal kvart år offentleggjere ei liste over dei prosjekta som er finansierte i medhald av programmet, saman med ei kort omtale av kvart einskilt prosjekt.

Artikkel 17

Synleggjering

Kommisjonen skal fastleggje retningslinjer for å sikre at dei midlane som vert tildelte i medhald av denne avgjerda, vert gjorde synlege.

Artikkel 18

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Ho skal nyttast frå 1. januar 2007, bortsett frå artikkel 9 nr. 2 og 3 og artikkel 10 nr. 3, som skal nyttast frå datoen då denne avgjerda tek til å gjelde.

Utferda i Strasbourg, 25. september 2007.

For EuropaparlamentetFor Rådet
H.-G. PÖTTERINGM. LOBO ANTUNES
PresidentFormann

Fotnotar

1.

TEU C 69 av 21.3.2006, s. 1.)

2.

TEU C 192 av 16.8.2006, s. 25.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 14. desember 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 23. juli 2007 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og haldning frå Europaparlamentet av 6. september 2007 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

4.

TEF L 271 av 9.10.2002, s. 1. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 786/2004/EF (TEU L 138 av 30.4.2004, s. 7).

5.

TEU L 165 av 3.7.2003, s. 31.

6.

TEU C 168 av 8.7.2005, s. 1.

7.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Avgjerda sist endra ved avgjerd nr. 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).

8.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

9.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1995/2006 (TEU L 390 av 30.12.2006, s. 1).

10.

TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 478/2007 (TEU L 111 av 28.4.2007, s. 13).

11.

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.

12.

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

13.

TEF L 136 av 31.5.1999, s. 1.