St.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga i EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon inneber økonomiske plikter over ei tidsramme på seks år, må Stortinget gje samtykke til deltakinga i avgjerda i EØS-komiteen, i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg skal forseinke iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidlig som mogleg, ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke før avgjerda i EØS-komiteen vert teken. Dermed vil det ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerda i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda skulle vere svært ulik det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka bli lagt fram for Stortinget på nytt.