St.prp. nr. 38 (2003-2004)

Disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet

Til innhaldsliste

2 Frigg avslutningsplan for betongunderstellet TCP2

2.1 Beskriving av betongunderstellet TCP2

TCP2 er ei behandlings- og kompressorplattform som vart installert i 1977. Understellet av betong er ein såkalla gravitasjonsbasert konstruksjon og er 129 meter høgt. Tørrvekta er 159.173 tonn og maksimal breidd er 116 meter. Understellet består av 19 sylindriske celler. Kvar av cellene har ein diameter på 20 meter og tjukkleiken i veggene varierer mellom 0,5 meter og 0,85 meter. Tre av cellene strekkjer seg lenger opp enn dei andre og dannar skaft som støttepunkt til overbygningen. Alle cellene unnateke desse tre har ei høgd på 40 meter. Cellene og skafta er fylte med sjøvatn. Understellet har ikkje blitt nytta til lagring av olje. Plattforma vart ikkje konstruert for fjerning ved opphøyr av bruk.

2.2 Disponeringsalternativ og rettshavarane si tilrådde løysing

Frigg avslutningsplan er basert på ei rekkje studiar og vurderingar av aktuelle disponeringsalternativ. Alle disponeringsalternativa er vurderte med omsyn til teknisk gjennomføring, risiko for personell, miljø- og samfunnsmessige konsekvensar og kostnader.

Rettshavarane har innhenta vurderingar frå ingeniørselskapet som var ansvarleg for den opphavlege prosjekteringa og bygginga av plattforma, partnarselskap, uavhengige konsulentar, tekniske ekspertar frå universitet i ei rekkje europeiske land og TOTAL-gruppa. Vurderingane av risikoanalysane er seinare blitt verifiserte av fleire uavhengige institusjonar.

Ei rekkje alternativ for gjenbruk på staden er vurderte, men ingen er funne interessante, verken innanfor olje- og gassverksemda eller til andre formål.

Rettshavarane har i avslutningsplanen sett nærare på fem disponeringsalternativ. Tre av desse innebar heving og gjenbruk annan stad eller disponering på land eller på djupt vatn. Det fjerde alternativet innebar kutting ned til 55 meter under havoverflata, mens det siste var etterlating på staden.

2.2.1 Heving og gjenbruk annan stad eller disponering på land eller på djupt vatn

Å heve betongunderstellet TCP2 medfører høg risiko for tap av menneskeliv og annan skade. Plattforma vart ikkje konstruert for fjerning ved opphøyr av bruk. Følgjeleg sjekka ein ikkje betongstrukturen si evne til å stå imot trykket ved heving, og ingen tiltak vart gjennomførde i designprosessen for å gjere ei framtidig heving mogleg.

Det er òg vesentleg uvisse knytt til metoden for frigjering av understellet frå havbotnen. Betongunderstellet har ei rekkje stålskjørt som stikk 1,7 meter ned i havbotnen. Det er usikkert kor mykje kraft som er nødvendig for å trekkje ut desse.

Det er òg uvisst om ballastsystemet som vart konstruert for bruk under installasjonen av plattforma, framleis vil vere operasjonelt.

Det er ikkje mogleg å føresjå korleis understellet på TCP2 vil bevege seg når det har losna frå havbotnen. I samband med dette er det endå eit risikomoment at betongplattforma TP1 ligg berre 35 meter unna. Når det gjeld sjølve slepet til land er det stor uvisse knytt til om ballastsystemet og røyrgjennomføringar vil tole påkjenninga.

Uavhengige ekspertar har vurdert uvissa knytt til teknisk gjennomføring og rekna ut at risikoen for ei stor ulykke under heving og slep er 20 til 40 gonger høgare enn akseptkriteriet for marine operasjonar.

Heving vil òg utgjere ein risiko for tryggleiken til involvert personell. Risikoen for tap av liv under fjerning og disponering på land er vurdert til om lag 13 pst. dersom alt går etter planen. Faren for tap av menneskeliv vil auke sterkt dersom ein må gjere mykje ekstra arbeid offshore for å rydde opp etter ei stor ulykke. Heving med disponering på djupt vatn eller gjenbruk annan stad har same høge risiko for ulykker som heving og disponering på land.

Kostnaden for å fjerne betongunderstellet TCP2 er utrekna til 2,5 mrd. 2002-kroner. Dette føreset at arbeidet går som planlagt og at ein unngår ulykker. Ved ei stor ulykke er det monaleg risiko for at kostnadene vil bli betydeleg høgare.

Rettshavarane har ut frå dette forkasta disponeringsalternativa som omfattar heving.

2.2.2 Kutting ned til 55 meter under havoverflata

Dette alternativet vil sikre fri passasje for skipstrafikken til 55 meter under havoverflata.

Kutting av dei tre skafta på betongunderstellet ned til 55 meter under havoverflata er vurdert av rettshavarane som teoretisk mogleg, men det er stor uvisse knytt til kuttemetoden. Kutting av skafta krev utvikling og dokumentasjon av ny teknologi. Risikoen for at eit skaft veltar under kuttearbeidet er vurdert til å vere 20 gonger høgare enn akseptkriteriet for marine operasjonar. Risikoen for tap av liv ved denne disponeringsmetoden er utrekna til 18 pst. dersom alt går etter planen. Risikoen for tap av menneskeliv vil auke sterkt dersom ein må gjere mykje ekstra arbeid offshore for å rydde opp etter ei stor ulykke.

Kostnaden ved å kutte dei tre skafta er estimert til i underkant av 1,65 mrd. 2002-kroner dersom alt går etter planen. Det har også komme fram under den offentlege høyringsprosessen at løysinga er lite attraktiv for fiskeriinteressene i området.

På dette grunnlag har rettshavarane valt å sjå bort frå denne disponeringsløysinga.

2.2.3 Etterlating på staden

Basert på ei totalvurdering er etterlating av betongunderstellet TCP2 på staden rettshavarane si tilrådde disponeringsløysing. Dette inneber at betongunderstellet vil stå igjen på staden etter at overbygningen og utvendig stål er fjerna og teke til land for gjenvinning.

Behaldarar og røyr inne i skafta som inneheld dieselolje, hydraulisk olje og metanol vil bli tømde og reinsa. Dei fleksible røyra og lysstoffrøyr inne i betongskafta vil bli fjerna. Anna stål inne i betongunderstellet vil bli etterlate saman med vernande aluminium og sinkanodar. Desse gjenstandane er ikkje vurderte å ha negativ innverknad på miljøet og vil bli brotne ned over tid. Betongunderstellet har aldri vore brukt som lagertank for olje.

Betongunderstellet vil bli avmerkt på sjøkart. Navigasjonsutstyr vil bli installert på betongunderstellet etter spesifikasjon gitt av Kystverket, i samarbeid med skotske Northern Lighthouse Board. Rettshavarane vil vere ansvarlege for drift, overvaking og vedlikehald av navigasjonsutstyret.

2.2.4 Kostnader ved etterlating på staden

Kostnadene som er knytte til å etterlate betongunderstellet er svært låge samanlikna med dei andre disponeringsalternativa. Kostnaden ved fabrikkering og installering av navigasjonsutstyr på betongunderstellet er av operatøren utrekna til 6,8 mill. 2002-kroner. Totale kostnader for dei tre betongunderstella på Frigg-feltet vil utgjere 20,4 mill. 2002-kroner. Av dette utgjer norsk del om lag 12 mill. 2002-kroner. Dette vil komme til frådrag innanfor (petroleums)skattesystemet.

I tillegg kjem kostnader knytte til fjerning av utvendig stål på understella. Norsk del er utrekna til i underkant av 64 mill. 2002-kroner, som vart inkludert i kostnadsoverslaget for fjerning av overbygningane på betonginstallasjonane gitt i kgl. res. 26. september 2003.