St.prp. nr. 38 (2003-2004)

Disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet

Til innhaldsliste

5 Olje- og energidepartementet si samla vurdering og tilråding

I vurderinga av disponeringsalternativa er det lagt spesiell vekt på at heving og slep av betongunderstellet TCP2 er forbunde med ein uakseptabel risiko for tap av liv eller annan skade. Kostnadene ved etterlating, som er rettshavarane si tilrådde disponeringsløysing, er dessutan vesentleg lågare enn ved dei andre alternativa.

I konsultasjonsprosessen med dei andre OSPAR-konvensjonspartane har det ikkje komme innvendingar mot at betongunderstellet TCP2 blir etterlate.

Basert på ei totalvurdering der ein har teke omsyn til teknisk gjennomføring, tryggleik for personell, miljøet, fjerningskostnader og verknader for andre brukarar av havet, sluttar Olje- og energidepartementet seg til at betongunderstellet TCP2 blir etterlate på staden. Løyve til etterlating vil bli gitt på følgjande vilkår:

  • utvendig stål og fleksible røyr og lysstoffrøyr inne i betongunderstellet skal fjernast og takast til land for gjenvinning

  • navigasjonsutstyr skal installerast og utstyret skal overvakast og haldast ved like regelmessig

  • betongunderstellet skal avmerkjast på aktuelle sjøkart