St.prp. nr. 38 (2003-2004)

Disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet

Til innhaldsliste

3 Konsekvensutgreiing

3.1 Innleiing

I medhald av petroleumslova §5-1, jf. forskrift til lov om petroleumsvirksomhet av 27. juni 1997 §43, har operatøren som ein del av avslutningsplanen utarbeidd ei konsekvensutgreiing.

Utrekningane som er gjort viser at dei totale konsekvensane for miljøet ved etterlating av betongunderstellet TCP2 er mindre enn ved nokon av dei andre disponeringsalternativa.

Betongunderstellet vil kunne vere til hinder for fisket og annan bruk av havet. Utrekningar viser at det er svært lite truleg at fartøy skal kollidere med betongunderstellet.

3.2 Høyringsuttaler

Konsekvensutgreiinga vart send på offentleg høyring 29. november 2001, med høyringsfrist 28. februar 2002.

I det følgjande blir det gitt eit tematisk samandrag av høyringsinstansane sine kommentarar når det gjeld disponeringa av betongunderstellet TCP2. Olje- og energidepartementet har formidla høyringsuttalene til operatøren. Operatøren og departementet sine kommentarar er gitt att der det er relevant.

3.2.1 Gjenbruk

Statens vegvesen meiner at større betongunderstell kanskje kan brukast opp att til samferdselsformål. Dersom utfordringane ved å flytte betongkonstruksjonane kan løysast både teknisk og sikkert, bør det leggjast press på dei involverte selskapa for at gjenbruk som brufundament blir tilstrekkeleg utgreidd. Statens vegvesen er førebudd på å medverke i utgreiingsarbeid rundt gjenbruk av betongunderstell dersom problema med lausriving, transport osv. blir løyste på forsvarleg måte.

Statens forureiningstilsyn og Ole Johan Strandsaknar ei nærare vurdering av om bruk av heile betongunderstell til brufundament eller liknande er moglege løysingar.

Noregs Naturvernforbund er av den oppfatning at dei tre betongunderstella ikkje bør flyttast førebels, men bli ståande på sokkelen i påvente av moglege høve til gjenbruk i Noreg eller Storbritannia. Samtidig blir dei norske styresmaktene oppmoda til å setje i gang eit arbeid, gjerne i samarbeid med britiske styresmakter, for å etablere eit felles statleg selskap som kan leite etter høve til gjenbruk for dei plattformene som finst i Nordsjøen, med det siktemål at dei blir fjerna frå felta og ikkje etterlatne der til evig tid. I tillegg meiner dei at det rettshavarane sparer ved å sleppe å fjerne betongunderstell ikkje bør komme eigarane av understella til gode. Midlane bør i staden overførast til andre miljøoppgåver som står uløyste i tilknyting til miljøbelastningar som rammar Nordsjøen.

Operatøren opplyser at gjenbruk av betongunderstella som brufundament eller liknande konstruksjonar føreset at dei kan flyttast på trygt vis. Dei studiane som er utførte viser som tidlegare omtalt at risikoen for tap av menneskeliv og annan skade ved heving ligg langt utanfor akseptable rammer. Derfor vart det ikkje gjennomført ei detaljert evaluering av gjenbruk på annan stad.

Olje- og energidepartementet vil understreke at i den grad den valte løysinga er rimelegare enn alternative løysingar, vil dette komme samfunnet til gode m. a. gjennom auka skatteinntekter for staten. Løyvingar til andre miljøoppgåver i Nordsjøen vil bli vurderte på sjølvstendig grunnlag.

3.2.2 Teknologiutvikling

Noregs Fiskarlagsitt prinsipielle syn er at alle installasjonar må fjernast etter avslutta petroleumsverksemd slik at havbotnen er fullstendig rydda. Operatøren si tilråding om å etterlate betongunderstella er basert på vurderingar knytte til den teknologien som finst i dag, og Noregs Fiskarlag aksepterer i utgangspunktet dette. Noregs Fiskarlag ber likevel om at det ikkje blir teke endeleg avgjerd når det gjeld betongunderstella, då ny teknologi i framtida kan finne løysingar som gjer fjerning mogleg.

Operatøren viser til at uvissa knytt til heving av betongunderstellet er av ein slik natur at utvikling av ny teknologi neppe vil kunne redusere risikoen ved ein hevingsoperasjon i betydeleg grad.

Olje- og energidepartementet vil understreke at forslaget til disponering som blir lagt fram for Stortinget er i tråd med våre plikter i høve til OSPAR-konvensjonen, og at disponeringsvedtaket som blir fatta vil vere endeleg.

3.2.3 Skipstrafikk, merking og ansvar

Statens forureiningstilsyn (SFT) meiner at det å etterlate betongunderstellet kan utgjere ein risiko for skipstrafikken i området. SFT meiner at tilsyn av installasjonen etter at området er forlate av operatøren er uavklart.

Noregs Fiskarlag poengterer at dersom styresmaktene godkjenner dei tilrådingane som operatøren har komme med, bør vedtaket innehalde krav til framtidig merking for andre som ferdast på havet og langsiktige ansvarsforhold.

Operatøren opplyser at dei er i ein dialog med relevante norske og britiske styresmakter for å sikre at dersom det blir vedteke å etterlate betongunderstella, vil dei bli merkte på tilfredsstillande måte, i samsvar med nasjonal lovgiving og internasjonale konvensjonar. Navigasjonsutstyr vil bli installert på betongunderstellet TCP2.

Olje- og energidepartementet vil understreke at rettshavarar etter petroleumslova er ansvarlege for skade eller ulempe som blir valda med vitande og vilje eller uaktsamt i samband med ei innretning som er vedteken etterlaten. I tillegg er rettshavarane ansvarlege for montering, drift og vedlikehald av nødvendig navigasjonsutstyr.

3.2.4 Dokumentering av kulturminne

Riksantikvaren meiner at på grunn av Frigg-feltet sin betydning i den norske delen av Nordsjøen generelt og Frigg/TCP2 spesielt, bør det gjennomførast eit kulturhistorisk dokumentasjonsprosjekt av installasjonane på Frigg-feltet. Det bør gjerast ei avtale om dette mellom Olje- og energidepartementet og Norsk Oljemuseum, eventuelt i samarbeid med ein britisk institusjon. Prosjektet bør òg omfatte eventuelle kulturminne under vatn ved Frigg-feltet som ikkje er knytte til oljesektoren, f.eks. skipsvrak eller funn frå steinalderen. Miljøverndepartementet støttar kommentaren frå Riksantikvaren.

Operatøren opplyser at dei har kontakta Riksantikvaren for å vurdere korleis dei føreslegne tiltaka kan setjast i verk. Operatøren har òg teke kontakt med National Monument Records of Scotland/Historic Scotland.

Olje- og energidepartementet er samd med Riksantikvaren i at petroleumsverksemda på norsk sokkel bør dokumenterast for ettertida. Departementet har starta ein dialog med Riksantikvaren og Norsk Oljemuseum om saka og har peikt på at eit dokumentasjonsprosjekt for Frigg-feltet må sjåast i samanheng med ein heilskapleg verneplan for petroleumssektoren. Kostnader i samband med slike tiltak må stå i rimeleg høve til verdien av dei resultata ein kan oppnå.

3.2.5 Andre kommentarar

Hordaland Fylkeskommune meiner at konsekvensutgreiinga er tilfredsstillande og har ingen innvendingar mot at betongunderstellet blir etterlate på staden. Fylkeskommunen føreset at planen blir justert undervegs i forhold til eventuell ny kunnskap om konsekvensar for miljøet.

Fiskeridepartementet gir honnør til operatøren for ei god og utfyllande konsekvensutgreiing og støttar tilrådingane til avbøtande tiltak og overvaking. Dei viser elles til uttaler frå Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.

Fiskeridirektoratet gir si støtte til at betongunderstellet blir etterlate og understrekar betydninga av at avbøtande tiltak og overvaking blir gjennomførte som foreslått.

Havforskingsinstituttet er tilfreds med dei konsekvensutgreiingane som er utførte og støttar at betongunderstellet blir etterlate på staden. Dei meiner at installasjonane på Frigg-feltet er blitt ein del av økosystemet og at betongunderstella såleis ikkje vil vere til skade for fiskeressursane eller anna marint dyreliv dersom dei blir etterlatne. Delvis fjerning kan i følgje Havforskingsinstituttet bli årsak til forstyrringar for det marine miljøet og vil innebere omfattande bruk av energi som vil ha negativ effekt på miljøet generelt.

Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Kystverket har ingen merknader til disponeringsplanen.