St.prp. nr. 4 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 om deltaking for EFTA-statane i EU-tiltaket «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004»

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 291/2003/EF av6. februar 2003 om skiping av Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2

,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Eit av måla til Det europeiske fellesskapet er å fremje kvalitetsutdanning.

  2. Utdanningsverdien til idretten vart sannkjend under møtet til Det europeiske rådet i Nice 7.-9. desember 2000, og ei rekkje tidlegare fråsegner vart såleis stadfesta, særleg fråsegn 29, som er eit vedlegg til Amsterdam-traktaten, der det vert streka under at idretten er identitetsskapande for menneske.

  3. På møtet sitt i Nice oppmoda Det europeiske rådet fellesskapsorgana om å ta tilbørleg omsyn til utdanningsverdien til idretten i dei tiltaka som dei gjer i medhald av ulike føresegner i traktaten, og la særleg vekt på at det er viktig for medlemsstatane, med hjelp frå Fellesskapet, å oppmuntre til frivillig verksemd.

  4. I resolusjonen til Rådet og ministrane for ungdomssaker samla i Rådet 17. desember 1999, om den uformelle utdanningsdimensjonen ved idrettsaktivitetar i ungdomsprogramma til Det europeiske fellesskapet 5

    vert det peikt på at idrettsaktivitetar kan ha ein pedagogisk verdi som medverkar til å styrkje det sivile samfunnet, og Kommisjonen vert oppmoda om å utarbeide, i samarbeid med medlemsstatane, ein samanhengande metode for å utnytte utdanningspotensialet til idretten.

  5. I resolusjonen om kommisjonsrapporten om å ta vare på den noverande oppbygginga av idretten og halde ved lag den sosiale funksjonen som idrett har 6

    , streka Europaparlamentet under utdanningsverdien og den sosiale verdien til idretten, i tillegg til den rolla som idretten har i kampen mot rasisme og framandhat.

  6. I resolusjonen sin av 13. juni 1997 om rolla til Den europeiske unionen på idrettsområdet 7

    oppmoda Europaparlamentet om tilrettelegging av eit europeisk idrettsår.

  7. I fråsegna si om høyringsdokumentet til Kommisjonen «Den europeiske idrettsmodellen» peikte Regionutvalet på kor viktig idretten er med omsyn til utvikling av personlegdommen.

  8. I den rapporten om idrett som vart lagd fram for Det europeiske rådet i Helsingfors, vurderte Kommisjonen føremonene ved å nytte idretten i samband med utdanning og ungdom med tanke på dei verdiane som idretten inneber.

  9. Jamleg mosjon betrar den psykiske og fysiske helsa, og kan medverke positivt til læringsprosessen.

  10. Utdanninga av unge idrettsmenn og -kvinner bør ikkje lide under at dei tek del i konkurranseidrett.

  11. Utdanning gjennom idrett bør fremje den personlege identiteten og utviklinga til jenter og gutar.

  12. Utdannings- og opplæringsinstitusjonar på alle nivå bør i større grad nytte dei høva som idretten gjev til tverrnasjonal mobilitet og kulturutveksling.

  13. Dei olympiske leikane og andre idrettsarrangement i 2004 vil auke mediedekkinga av og medvitet om idrett hjå ålmenta. Dette er ein ideell sjanse til å streke under utdanningsverdien til idretten.

  14. Tiltak i medlemsstatane er den viktigaste måten å auke medvitet på hjå ålmenta med omsyn til utdanningsverdien til idretten. Fellesskapet kan likevel støtte og styrkje slike tiltak gjennom skipinga av eit europeisk år for utdanning gjennom idrett.

  15. Eit europeisk år for utdanning gjennom idrett vil utfylle og styrkje eksisterande fellesskapstiltak for å fremje utdanning og opplæring, i tillegg til sosial integrasjon av vanskelegstilte personar.

  16. Det europeiske året for utdanning gjennom idrett bør opnast for deltaking for EFTA-EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala, og for dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei høvesvise europeiske avtalene deira. For Kypros skal deltakinga dekkjast på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten, og for Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med EF-traktaten.

  17. I denne avgjerda er det ført opp ein finansiell referansesum for heile det tidsrommet som programmet varer, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betring av framgangsmåten for budsjetthandsaming 8

    .

  18. Ettersom måla for det framlagde tiltaket ikkje i tilstrekkeleg grad kan nåast av medlemsstatane, m.a. pga. omfanget deira og fordi det trengst fleirsidige partnarskap, utveksling av informasjon over landegrensene og spreiing av god praksis i heile Fellesskapet, og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  19. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 9

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Det europeiske året for utdanning gjennom idrett

Året 2004 skal vere «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett».

Artikkel 2

Mål

Måla med Det europeiske året for utdanning gjennom idrett skal vere:

  1. å gjere utdanningsinstitusjonar og idrettsorganisasjonar medvitne om at det er naudsynt med samarbeid for å utvikle den utdanningsmessige og europeiske dimensjonen til idretten med tanke på den svært store interessa som unge menneske har for all slags idrett,

  2. å dra nytte av dei verdiane som idretten inneber til å utvikle kunnskap og dugleik som gjer det mogleg, særleg for ungdommar, å utvikle fysisk yteevne og evne til personleg innsats, i tillegg til sosiale eigenskapar som lagarbeid, solidaritet, toleranse og ærleg spel innan ei fleirkulturell ramme,

  3. å fremje medvitet om den positive medverknaden som frivillig verksemd utgjer for den uformelle utdanninga, særleg av ungdommar,

  4. å fremje utdanningsverdien av mobilitet blant og utveksling av skuleelevar, særleg i eit fleirkulturelt miljø, gjennom organisering av idrettslege og kulturelle møte som ein del av skuleverksemda,

  5. å oppmuntre til utveksling av god praksis med omsyn til den rolla som idrett kan spele innanfor utdanningssystema for å fremje den sosiale integrasjonen av vanskelegstilte grupper,

  6. å skape ein betre balanse mellom intellektuelle og fysiske aktivitetar i skulen ved å oppmuntre til å nytte idrett i skulen,

  7. å ta omsyn til dei problema som er knytte til utdanning av unge idrettsmenn og -kvinner som tek del i konkurranseidrett.

Artikkel 3

Innhald i tiltaka

  1. Dei tiltaka som er gjorde for å nå dei måla som er fastsette i artikkel 2, skal i 2004 omfatte tilrettelegging av eller støtte til følgjande verksemd:

    1. møte, europeiske utdanningskonkurransar og tilskipingar der merksemda vert retta mot det som er oppnådd og dei røynslene som er gjorde i samband med Det europeiske året for utdanning gjennom idrett,

    2. frivillige tiltak på europeisk plan i samband med dei olympiske leikane og andre idrettsarrangement i 2004,

    3. opplysnings- og reklamekampanjar, medrekna samarbeid med media for å spreie den utdanningsverdien som idretten har,

    4. tilskipingar som fremjer utdanningsverdien til idretten, og som gjev døme på god praksis,

    5. økonomisk støtte til tverrnasjonale, nasjonale, regionale eller lokale initiativ for å fremje måla for Det europeiske året for utdanning gjennom idrett.

  2. I vedlegget vert det gjort nærmare greie for dei tiltaka som er nemnde i nr. 1.

Artikkel 4

Gjennomføring og samarbeid med medlemsstatane

1. Kommisjonen skal syte for at dei fellesskapstiltaka som vert vedtekne i medhald av denne avgjerda, vert gjennomførde i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5 nr. 2, samstundes som nærleiksprinsippet vert stetta fullt ut.

2. Kvar medlemsstat skal peike ut eitt eller fleire eigna organ som skal vere ansvarlege for deltakinga i Det europeiske året for utdanning gjennom idrett og for samordninga og gjennomføringa på eit høveleg plan av dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, m.a. ved å ta del i den framgangsmåten for utveljing som er nemnd i artikkel 7.

Artikkel 5

Utval

1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 6

Finansielle føresegner

1. Tiltak som omfattar heile Fellesskapet, slik det er gjort greie for i del A i vedlegget, kan få støtte over det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen med opptil 80 % av dei samla kostnadene.

2. Tiltak som er lokale, regionale, nasjonale eller tverrnasjonale, slik det er gjort greie for i del B i vedlegget, kan samfinansierast over det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen med opptil 50 % av dei samla kostnadene.

Artikkel 7

Framgangsmåte for innsending og utveljing av søknader

1. Søknader om samfinansiering av tiltak over fellesskapsbudsjettet i medhald av artikkel 6 nr. 2, skal leggjast fram for Kommisjonen av det organet eller dei organa som er nemnde i artikkel 4 nr. 2. Søknadene skal innehalde opplysningar som gjer det mogleg å vurdere sluttresultata etter objektive kriterium. Kommisjonen skal ta mest mogleg omsyn til den vurderinga som vert lagd fram av dei organa som det gjeld.

2. Avgjerder om samfinansiering av tiltak i medhald av artikkel 6, skal takast av Kommisjonen i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5 nr. 2. Kommisjonen skal syte for at det er ei jamn fordeling mellom medlemsstatane og mellom dei ulike typane verksemd som er aktuelle.

3. Kommisjonen skal, særleg gjennom dei nasjonale eller regionale kontaktpunkta sine og i samarbeid med dei organa som er nemnde i artikkel 4 nr. 2, syte for at innbydingane til framlegg vert offentleggjorde i god tid og spreidde så godt som mogleg.

Artikkel 8

Samanheng og komplementaritet

1. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for at det er samanheng mellom dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, og andre fellesskapstiltak og -initiativ.

2. Kommisjonen skal syte for at Det europeiske året for utdanning gjennom idrett i størst mogleg grad utfyller andre eksisterande fellesskapsinitiativ og nasjonale eller regionale initiativ og ressursar, når desse kan medverke til å nå måla for Det europeiske året for utdanning gjennom idrett.

Artikkel 9

Deltaking for visse tredjestatar

Det europeiske året for utdanning gjennom idrett er ope for deltaking for:

  1. EFTA-EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

  2. dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei høvesvise europeiske avtalene deira,

  3. Kypros, som får dekt deltakinga si på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten,

  4. Malta og Tyrkia, som får dekt deltakinga si på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.

Artikkel 10

Budsjett

1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av denne avgjerda er 11,5 millionar euro.

2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

3. På initiativ frå Kommisjonen kan finansiering òg ytast for året 2004 til dekking av utgifter til teknisk og administrativ hjelp til både Kommisjonen og støttemottakarane som ikkje kjem under dei faste oppgåvene til den offentlege forvaltinga, og som er knytte til utveljing, førebuing, forvalting, oppføljing, revisjon og overvaking av tiltaka.

Artikkel 11

Internasjonalt samarbeid

I samband med Det europeiske året for utdanning gjennom idrett kan Kommisjonen samarbeide med Europarådet og andre relevante internasjonale organisasjonar etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5 nr. 2.

Artikkel 12

Overvaking og vurdering

Kommisjonen skal seinast 31. desember 2005 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om gjennomføringa, resultata og den samla vurderinga av dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda.

Artikkel 13

Iverksetjing

Denne avgjerda skal nyttast frå dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 6. februar 2003.

For EuropaparlamentetFor Rådet
P. COXP. EFTHYMIOU
PresidentFormann

Vedlegg

Tiltak som er nemnde i artikkel 3

A. Tiltak på fellesskapsplan

  1. Møte og tilskipingar:

  1. organisering av møte,

  2. organisering av tilskipingar for å auke medvitet om utdanning gjennom idrett, medrekna konferansar for å innleie og avslutte Det europeiske året for utdanning gjennom idrett,

  3. organisering av frivillige tiltak i samband med dei olympiske leikane og andre idrettsarrangement i 2004.

  1. Opplysnings- og reklamekampanjar som omfattar:

    1. utarbeiding av ein logo og av slagord for Det europeiske året for utdanning gjennom idrett,

    2. ein opplysningskampanje,

    3. framstilling av verktøy og hjelpemiddel som skal vere tilgjengelege i heile Fellesskapet,

    4. eigna initiativ frå utdanningsinstitusjonar og idrettsorganisasjonar med sikte på spreiing av opplysningar om Det europeiske året for utdanning gjennom idrett,

    5. organisering av europeiske utdanningskonkurransar der merksemda vert retta mot det som er oppnådd og røynsler som er gjorde i samband med temaa for Det europeiske året for utdanning gjennom idrett.

  2. Andre tiltak:

    1. skiping av ein direktekopla database ved bruk av tilgjengelege ressursar for å spreie god praksis i medlemsstatane med omsyn til bruk av idrett som eit verktøy for utdanning og særleg for å fremje sosial integrasjon av vanskelegstilte grupper,

    2. rundspørjingar og granskingar som tek sikte på å vurdere verknaden av Det europeiske året for utdanning gjennom idrett.

  3. Finansieringa kan ha følgjande former:

    1. direkte kjøp av varer og tenester, særleg innanfor kommunikasjon, rundspørjingar og granskingar som nemnt i nr. 3 bokstav b), og gjennom innbydingar til opne og/eller avgrensa tilbodskonkurransar,

    2. tilskot til å dekkje utgifter til særskilde tilskipingar med sikte på å framheve og auke medvitet om Det europeiske året for utdanning gjennom idrett. Slik finansiering skal ikkje overstige 80 % av dei samla kostnadene.

B. Tiltak på nasjonalt plan

Tiltak som vert gjorde på lokalt, regionalt, nasjonalt eller tverrnasjonalt plan, kan stette vilkåra for å få støtte frå Fellesskapet med opptil 50 % av dei samla kostnadene, alt etter kva type tiltak det dreier seg om og kva slags innhald dei har. Slike tiltak kan m.a. omfatte:

  1. tilskipingar som har samanheng med måla for Det europeiske året for utdanning gjennom idrett, medrekna ei tilskiping i samband med innleiinga av året,

  2. andre opplysningskampanjar og tiltak for å spreie døme på god praksis enn dei som det er gjort greie for i del A,

  3. utdeling av prisar eller tilskiping av konkurransar som framhevar kor viktig utdanning gjennom idrett er ,

  4. andre rundspørjingar og granskingar enn dei som er nemnde i del A.

C. Tiltak som ikkje kan få finansiell støtte frå Fellesskapet

Fellesskapet vil gje moralsk støtte, medrekna skriftleg løyve til å nytte logoen og anna materiale som har samanheng med Det europeiske året for utdanning gjennom idrett, til initiativ som er sette i verk av offentlege eller private organisasjonar når desse organisasjonane kan stadfeste overfor Kommisjonen at desse initiativa alt er vortne eller vil verte sette i verk i 2004, og at dei kan ventast å medverke monaleg til at eitt eller fleire av måla for Det europeiske året for utdanning gjennom idrett vert nådde.

Fotnotar

1.

TEF C 25 E av 29.1.2002, s. 531.

2.

TEF C 149 av 21.6.2002, s. 17.

3.

TEF C 278 av 14.11.2002, s. 21.

4.

Fråsegn frå Europaparlamentet av 14. mai 2002 (enno ikkje offentleggjord i TEF), felles haldning frå Rådet av 14. oktober 2002 (TEF C 275 E av 12.11.2002, s. 70) og europaparlamentsavgjerd av 19.12.2002.

5.

TEF C 8 av 12.1.2000, s. 5.

6.

TEF C 135 av 7.5.2001, s. 274.

7.

TEF C 200 av 30.6.1997, s. 252.

8.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1.

9.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.