St.prp. nr. 4 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 om deltaking for EFTA-statane i EU-tiltaket «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004»

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 64/2003 av 16. mai 2003 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 291/2003/EF av 6. februar 2003 om skiping av Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2003 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala vert det gjort følgjande endringar i artikkel 4 (Utdanning, opplæring og ungdomsspørsmål):

  1. Etter nr. 2f (førebuande tiltak til samarbeid på områda utdanning og ungdomspolitikk) skal nytt nr. 2g lyde:

    «2g EFTA-statane skal fra 1. januar 2003 delta i følgjande tiltak:

    • 32003 D 0291: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 291/2003/EF av 6. februar 2003om skiping av Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004 (TEU L 43 av 18.2.2003, s. 1).»

  2. I nr. 3 vert «2e og 2f» endra til «2e, 2f og 2g».

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2003.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, 20. juni 2003.

For EØS-komiteen
Formann
P. Westerlund
Sekretærar for EØS-komiteen
P.K. MannesM. Brinkmann

Fotnotar

1.

TEU L 193 av 31.7.2003, s. 54, og EØS-tillegget til TEU nr. 39 av 31.7.2003, s. 32.

2.

TEU L 43 av 18.2.2003, s. 1.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.