St.prp. nr. 40 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av protokoll av 28. november 2003 om eksplosive krigsleivningar til FN-konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Noreg underteikna FN-konvensjonen om inhumane våpen 10. april 1981 og ratifiserte den 7. juni 1983. Konvensjonen trådde i kraft 2. desember 1983. Den har form av ei rammeavtale, der meir spesifikke avtalar om våpentypar inngår i form av protokollar: Protokoll I inneheld forbod mot eller restriksjonar på bruk av fragmenteringsvåpen, protokoll II avgrensar bruk av landminer og minefeller, protokoll III omhandlar brannvåpen og protokoll IV omhandlar blindande laservåpen.

Konvensjonen har i dag 92 statspartar. Nye statar som sluttar seg til, må binde seg til å etterleve minst to av protokollane.

Utover 1990-talet auka den internasjonale merksemda omkring utfordringar knytte til eksplosive krigsleivningar og etterlaten ammunisjon. Sivilbefolkninga vert påført stor liding, både i form av direkte skader og tap av menneskeliv, men også ved at slike leivningar hindrar gjenoppbyggjing av krigsherja områder. Utan rydding av slike krigsleivningar kan områder ikkje nyttast til jordbruk. Retur av flyktningar og internt fordrevne vert vanskeleg, og effektiv humanitær støtte vert hindra. Eksplosive krigsleivningar representerer derfor også eit stort utviklingsproblem.

Til forsida