St.prp. nr. 40 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av protokoll av 28. november 2003 om eksplosive krigsleivningar til FN-konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innhaldsliste

5 Vidare forhandlingar

Statspartsmøtet for konvensjonen ga alt i november 2002 mandat til å setje i gang konsultasjonar om førebyggjande tiltak. Samstundes som det føregjekk forhandlingar om den nye protokoll V, vart det såleis halde drøftingar om førebyggjande tiltak for spesifikke våpen- og ammunisjonstypar, også klaseammunisjon. Det vart lagt til grunn at ein skulle vurdere nærmare korleis eksisterande internasjonal humanitær rett avgrensar bruk av slike våpen, og at ein skulle drøfte nærmare korleis tekniske forbetringar ved ammunisjon kan redusere talet på blindgjengarar.

Statspartsmøtet i november 2003 vedtok eit mandat for det vidare arbeidet i ekspertgruppa som inneber å føre vidare konsultasjonar om dei folkerettslege sidene ved bruk av klaseammunisjon. Samstundes skal ein sjå nærmare på førebyggjande tiltak som kan bidra til å avgrense førekomsten av eksplosive krigsleivningar. Dette mandatet kom i stand etter norsk initiativ, med støtte frå EU-landa, Australia, Canada, New Zealand og enkelte alliansefrie land.

Til forsida