St.prp. nr. 40 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av protokoll av 28. november 2003 om eksplosive krigsleivningar til FN-konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Norsk tilslutning til protokollen vil ikkje medføre særskilde økonomiske eller administrative konsekvenser utover at den må gjerast kjend innan Forsvaret og dei friviljuge organisasjonane som opererer i konfliktområder.

Etter protokollen pliktar ein å utveksle informasjon om eige bruk av ammunisjon som kan medføre eksplosive krigsleivningar i konfliktområder og til å ta ansvar for rydding av slike. Endringar i norsk lov eller forskrift trengst ikkje.

Til forsida