St.prp. nr. 40 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av protokoll av 28. november 2003 om eksplosive krigsleivningar til FN-konvensjonen om forbod mot eller restriksjonar på bruk av visse konvensjonelle våpen som kan skade i utrengsmål eller som kan ramme vilkårleg

Til innhaldsliste

4 Forhandlingsresultatet

Statspartsmøtet for FN-konvensjonen om inhumane våpen vedtok 28. november 2003, ved konsensus, ein ny protokoll V om eksplosive krigsleivningar. Protokollen vil tre i kraft seks månader etter at 20 land har ratifisert han.

Hovudvekta i protokollen er på tiltak som skal setjast inn etter at stridshandlingar er over, mellom anna opprydding og assistanse i områder som er ramma. Protokollen inneheld også reglar om overføring av informasjon og om vern av sivilbefolkninga frå konsekvensane av eksplosive krigsleivningar.

I forhandlingane var det usemje om ordlyden omkring ryddeansvaret til partane i konflikten. Einskilde land var særs negative til ein ordlyd som kunne tydas som eit pålegg om å gi støtte til, eller samarbeide med ein tidlegare fiende frå konflikta. Noreg gjekk inn for å gjere ordlyden så vidtrekkande og bindande som mogleg.

Noreg var vidare pådrivar for å få inn ein referanse om støtte til ofre for eksplosive krigsleivningar, og om registrering og utveksling av informasjon. Den nye protokollen fekk eigne reguleringar om desse spørsmåla.

Det var ikkje råd å få semje om at protokollen skulle gjelde eksplosive krigsleivningar frå tidlegare konflikter. Dette er lite forpliktande med omsyn til dei behov som allereie eksisterer, sjølv om protokollen gjev rett til å be om støtte til rydding også i slike høve.

Drøftingane om omfanget av støtte til rydding av krigsleivningar avspegla mykje av den tradisjonelle nord-sør problematikken. Statane frå sør ynskte sterke bindingar, men ein vart til slutt samd om å ikkje gå lengre enn ordlyden i Konvensjonen om forbod mot antipersonellminer av 18 september 1997, der dei partane «som er i stand til det» vert oppfordra til å yte støtte.

Eit overgripande spørsmål gjaldt status for det nye instrumentet. Einskilde land ynskte at protokollen berre skulle vere politisk bindande. Mot slutten av forhandlingane vart det likevel klart at alle forhandlingspartar kunne godta at protokollen skulle vere rettsleg forpliktande.

Det vart vedteke at den nye protokollen også skulle gjelde for interne væpna konfliktar.

Til forsida