St.prp. nr. 41 (1998-99)

Om ratifikasjon av traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Ein traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar var i mange år ei viktig målsetjing i Noreg sitt arbeid for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing. Det eksisterande avtaleverket på kjernevåpenområdet har til no ikkje omfatta ein eigen avtale med eit slikt totalforbod.

Alt i 1958 vart det arrangert ein konferanse om stans i kjernefysiske prøvesprengingar, utan resultat. Arbeidet heldt fram i ein såkalla 18-nasjonarskomité, «The Eighteen-Nation Disarmament Committee», i det som i dag er Nedrustingskonferansen i Genève (CD). Men det vart ikkje oppnådd semje.

I fleire avtalar - i Avtalen om forbod mot kjernefysiske prøvar i atmosfæren, i det ytre rom og under vatn av 5. august 1963, i Ikkjespreiingsavtalen av 1. juli 1968, og i Terskelavtalen av 3. juli 1974 - vart det teke inn ei oppmoding til å inngå ein eigen avtale om forbod mot kjernefysiske prøvesprengingar.

Nedrustingskonferansen i Genève innleidde 26. januar 1994 forhandlingar om ein traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar i ein ad hoc-komité. Mandatet for forhandlingane var resolusjon 48/70 frå FNs 48. generalforsamling (1993) om fullstendig kjernefysisk prøvestans. I desember 1995 (resolusjon 50/65 12. desember 1995) gav FNs generalforsamling mandat til Nedrustingskonferansen til å inngå ein prøvestansavtale som kunne opnast for underteikning i byrjinga av FNs 51. generalforsamling.

Forhandlingane ved Nedrustingskonferansen i Genève viste seg å vera kompliserte. Om traktaten skulle forby alle typar kjernefysiske prøvesprengingar og omfanget av verifikasjonsordningane var mellom dei spørsmåla som var vanskelegast. Etter kvart slutta Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA seg til traktatutkastet. Men India, som medlem av Nedrustingskonferansen og deltakar i forhandlingane, ville ikkje gje si tilslutning. Nedrustingskonferansen kan berre ta avgjerder med konsensus. Dermed lykkast det ikkje å koma fram til eit resultat i Genève.

Dei fleste landa meinte at ein ikkje kunne leggje traktaten til side på grunn av motstand frå eitt land. FNs generalforsamling vart derfor innkalla til ein ekstraordinær sesjon 9. og 10. september 1996 for å vedta traktaten. Dette vart gjort med stort fleirtal. 158 land stemte for, 3 mot (Bhutan, India, Libya) og 5 land (Cuba, Libanon, Mauritius, Syria og Tanzania) lot vere å stemme.

Noreg har spela ei aktiv rolle under forhandlingane om eit totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar. Frå norsk side legg ein svært stor vekt på effektiv internasjonal kontroll. Noreg har derfor vore ein sterk pådrivar og konstruktiv bidragsytar for å etablere eit sikkert verifikasjonssystem under traktaten. Aktiviteten ved NORSAR (Norwegian Seismic Array) på Kjeller utanfor Oslo har sidan verksemda vart oppretta i 1968 vore knytt til forsking og utvikling med sikte på å koma fram til gode metodar og teknologi for å sikre verifikasjon av ein fullstendig kjernefysisk prøvestansavtale. NORSAR har vore særleg engasjert i arbeidet med å utvikle eit eksperimentelt internasjonalt system for global overvaking av seismiske hendingar (jordskjelv og eksplosjonar). Dette arbeidet vart utført i regi av Nedrustingskonferansen i Genève og spela ei nøkkelrolle i utarbeidinga av verifikasjonsregimet under forhandlingane om traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar.

Til forsida