St.prp. nr. 41 (1998-99)

Om ratifikasjon av traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT)

Til innhaldsliste

4 Vurdering

Ein traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar var i mange år ei viktig målsetjing i Noregs arbeid for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing. Det eksisterande avtaleverket på kjernevåpenområdet har til no ikkje omfatta ein eigen avtale om slikt totalforbod. Traktaten etablerer eit bindande totalforbod mot alle typar kjernefysiske prøvesprengingar og er eit viktig steg i arbeidet for å setja punktum for det kjernefysiske våpenkappløpet.

Gjennomføring av traktaten vil vera eit vesentleg bidrag til å stoppe utvikling og spreiing av nye og meir avanserte kjernevåpen. Det er svært viktig at atommaktene Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA har slutta seg til traktaten.

Etter at traktaten vart opna for underteikning 24. september 1996, vart det ikkje gjort noko kjernefysisk prøvesprenging før mai 1998. Da braut både India og Pakistan den internasjonale norma som traktaten hadde etablert. Dei indiske og pakistanske sprengingane understrekar ytterlegare kor viktig traktaten er. India og Pakistan har ikkje underskrive traktaten, men har indikert at dei kan vera villige til å gjera dette på visse vilkår.

Traktaten trer først i kraft etter at ei gruppe på 44 namngjevne land, som mellom anna står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, ratifiserer han. Noreg er mellom dei landa som må ratifisere traktaten før han kan tre i kraft. Mellom dei andre landa som må ratifisere traktaten for at han skal kunne tre i kraft, er det fleire land som hittil ikkje har underskrive traktaten. Kva tid traktaten kan tre i kraft, er dermed uvisst. Norsk ratifikasjon av traktaten vil kunne medverke til å styrkje arbeidet for ein snarleg ratifikasjon av og auka oppslutning om traktaten.

Til forsida