St.prp. nr. 41 (1998-99)

Om ratifikasjon av traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (CTBT)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative følgjer av traktaten

Når traktaten kan tre i kraft, er uvisst. Fleire av dei landa som må ratifisere traktaten for at han kan tre i kraft, har til no ikkje underteikna traktaten. Frå norsk side har ein, i likskap med andre vestlege land, lagt til grunn at ein tek sikte på å ratifisere traktaten og følgje føresegnene i han, utan omsyn til at det er uvisst når traktaten faktisk vil kunne tre i kraft. Ein vil av politiske grunnar forhalde seg som om traktaten har trådd i kraft. Meininga er å byggje opp ei politisk drivkraft for at traktaten kan tre i kraft snarleg.

Dei økonomiske følgjene av at det vert oppretta eit eige sekretariat for å gjennomføre traktaten, vil mellom anna koma an på resultatet av dei forhandlingane om kostnadsdekning som skal førast med Noreg og med dei andre partane som vil ha stasjonar som inngår i Internasjonalt overvakingssystem, på sitt territorium, jf. omtalen ovanfor av artikkel IV i traktaten. Det er uvisst når refusjonsordninga for drift av stasjonar i primærnettet vil bli gjort gjeldande, og om utgifta vil bli dekte fullt ut under ordninga.

Dei budsjettmessige følgjene av traktaten for Noreg er såleis ikkje avklart i detalj.

Noregs del av Prøvestansorganisasjonen sine samla utgifter når traktaten trer i kraft og ved full drift av Internasjonalt overvakingssystem vil kunne liggje på omlag 6,5 millionar kroner. Kostnadene til Organisasjonen si verksemd skal dekkjast av partane i samsvar med FNs bidragsskala, justert etter det ulike talet på medlemmer i FN og i Organisasjonen.

Noreg si rolle i gjennomføringa av traktaten medfører at driftskostnadene for dei fire norske primærstasjonane, som etter artikkel IV i traktaten skal refunderast, vert forskottert av Noreg. Vidare vil ein frå norsk side vera ansvarleg for driftskostnadene for dei to sekundære stasjonane i Noreg. Drift av sekundære stasjonar er etter traktaten partane sitt ansvar, og utgifter til drift vil ikkje verte refunderte. Til dette kjem kostnader knytt til å oppretthalde og vidareutvikle nasjonal kompetanse i Noreg for å kunne medverke aktivt i gjennomføringa av traktaten.

For 1999 reknar ein med at dei samla norske utgiftene i samband med etterleving av traktaten vil vere omlag 18,7 mill. kroner. Av dette vil 3,4 mill. kroner vera Noregs si andel av Prøvestansorganisasjonen sitt budsjett for 1999. Ein reknar med at budsjettfølgjene utover bidrag til Prøvestansorganisasjonen vil vera omlag 15,3 mill. kroner, og av dette 8,5 mill. kroner til drift av dei norske stasjonane i primær- og sekundærnettet under Internasjonalt overvakingsystem. Utgiftene knytt til å oppretthalde og vidareutvikle nasjonal kompetanse i Noreg for aktivt å kunne medverke til gjennomføringa av traktaten vil vera 6,8 mill. kroner.

Til forsida