St.prp. nr. 42 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 12/2000 av 28. januar 2000 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Direktivet regulerer visse sider av avtaler om sal av lausøyre frå næringsdrivande til forbrukarar. Nokre avtaler som etter norsk rett vert rekna som tenesteavtaler, fell inn under verkeområdet til direktivet.

Mange rettslege spørsmål om forbrukarkjøpsavtaler er ikkje regulerte i direktivet, m.a. sentrale kjøpsrettslege spørsmål som t.d. ansvaret som seljaren har for forseinka levering, risikoovergang, pliktene til kjøparen i kjøpstilhøvet, avtingingsrett, nærmare reglar om oppgjeret ved heving og kjøparen sin rett til å gjere gjeldande krav som følgje av mangel ved vara overfor tidlegare salsledd. Spørsmål om skadebotsansvaret til seljaren for mangelfull levering er heller ikkje regulert i direktivet.

Direktivet er et minimumsdirektiv, jf. artikkel 8 nr. 2. Det inneber at ein medlemsstat står fritt til å gje lovreglar som gjev forbrukarane betre vern enn det som direktivet krev.

Dei rettane som direktivet gjev forbrukaren, kan ikkje fråskrivast eller avgrensast ved førehandsavtale mellom seljaren og forbrukaren, jf. artikkel 7 nr. 1 første leddet. Dersom kjøpsavtala har ein nær samanheng med EØS, kan rettane til forbrukaren etter direktivet heller ikkje svekkast ved avtale om at reglane i ein stat utanfor EØS skal regulere kjøpsavtala, jf. artikkel 7 nr. 2.

Direktivet regulerer først og fremst spørsmålet om når ei vare er mangelfull, og kva rettar forbrukaren har overfor seljaren i slike høve. Når det gjeld avtalte rettar i form av garantiar, tek direktivet berre sikte på å gje visse grunnleggjande føresegner for å verne forbrukarane.

Artikkel 2 slår fast prinsippet om at seljaren skal levere varer i samsvar med avtala. Deretter gjev direktivet tilrådingar om tilhøve som gjeld varekvalitet, eigenskapar ved vara m.v. som har innverknad på om vara skal reknast som mangelfri. Ifølgje åttande synsmåten i fortalen til direktivet er det med dette ikkje meininga å gripe inn i prinsippet om avtalefridom.

Artikkel 3 nr. 1 inneheld ei føresegn som slår fast at seljaren er ansvarleg for manglar ved den selde vara som ligg føre på leveringstidspunktet.

Artikkel 3 nr. 2-6 i direktivet gjev kjøparen ein ufråvikeleg rett til å gjere visse krav gjeldande dersom det ligg føre ein mangel. I første omgang kan kjøparen velje mellom retting eller omlevering, med mindre slik avhjelp er uråd eller inneber urimelege kostnader for seljaren. Seljaren kan ikkje krevje betaling for slik avhjelp. Avhjelpa skal dessutan skje innan rimeleg tid og utan vesentleg ulempe for kjøparen.

Dersom kjøparen verken har rett til retting eller omlevering, eller slik avhjelp ikkje skjer på dei vilkåra som direktivet krev, har kjøparen i andre omgang rett til eit høveleg prisavslag eller heving av kjøpet, jf. artikkel 3 nr. 5. Føresetnaden for heving av kjøpet er at mangelen ikkje er uvesentleg, jf. artikkel 3 nr. 6.

Artikkel 4 gjev den ansvarlege seljaren rett til å gjere visse krav gjeldande overfor tidlegare salsledd eller mellommenn. Den nærmare gjennomføringa av denne retten for seljaren vert i stor grad overlaten til nasjonal rett.

Artikkel 5 avgrensar høvet til å fastsetje reklamasjonsfristar som fører til at kjøparen tapar rettar som han eller ho har etter artikkel 3 i direktivet. Artikkel 5 nr. 1 inneber at ansvaret til seljaren må gjelde i minst to år etter at vara er levert. I artikkel 5 nr. 2 i direktivet vert det opna for at lovgjevinga kan tillate at kjøparen, for å kunne gjere krav gjeldande som følgje av mangel, må opplyse seljaren om mangelen innan to månader etter at mangelen vart oppdaga. Sidan direktivet er eit minimumsdirektiv, kan fristane lengjast.

Etter artikkel 5 nr. 3 skal ein mangel som viser seg innan seks månader etter levering, som hovudregel presumerast å ha eksistert ved leveringa. Det er opp til seljaren å prove det motsette. Føremålet med føresegna er å styrkje stillinga til forbrukaren på eit punkt der det elles ville vere vanskeleg for han eller henne å vinne fram overfor seljaren.

Artikkel 6 slår fast at garantiar skal vere bindande for garantigjevaren. Dessutan vert det stilt nærmare krav til kva opplysningar garantien skal innehalde, og at garantien skal vere tilgjengeleg for forbrukaren.

Etter artikkel 9 skal kvar einskild stat syte for at forbrukarane på ulike måtar vert informerte om rettane sine etter den lovgjevinga som gjennomfører direktivet.

Artikkel 10 inneber m.a. at dei føresegnene i direktivet som er sette til vern av kollektive forbrukarinteresser, skal kunne handhevast over landegrensene ved hjelp av visse forbrukarorganisasjonar som er særleg peika ut av den einskilde medlemsstaten. Ordninga byggjer på direktiv 98/27/EF om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser, som er teken inn i vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern), jfr. St.prp. nr. 7 (1999-2000).