St.prp. nr. 42 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 12/2000 av 28. januar 2000 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Dei spørsmåla som direktivet gjeld, er i norsk rett i dag i hovudsak regulert i kjøpslova (lov av 13. mai 1988 nr. 27). Bruken av garantiar i marknadsføring er regulert i marknadsføringslova (lov av 16. juni 1972 nr. 47).

Kjøpslova går alt temmeleg langt når det gjeld å gje forbrukaren vern, òg på dei områda som direktivet omfattar. Lova stiller krav til vara, og slår fast at det ligg føre ein mangel dersom krava ikkje er stetta. Dersom det ligg føre ein mangel, gjev lova kjøparen rett til å gjere gjeldande ei rekkje krav, medrekna retting, omlevering, prisavslag og heving. Krav som følgje av mangel ved salsvara må gjerast gjeldande innan visse reklamasjonsfristar. Som hovudregel tillèt ikkje lova at det vert gjort unntak frå dei rettane som forbrukarane har etter lova når dette er til skade for han eller henne. Forbrukaren er dermed gjeven ei særleg sterk stilling jamført med andre kjøparar.

På enkelte punkt kan det vere tvil om lovendring er naudsynt. Dette vil verte nærmare vurdert i samanheng med gjennomføringa av direktivet. På nokre punkt verkar det likevel naudsynt med lovendringar for å gjennomføre føresegnene i direktivet, og dermed styrkje forbrukarvernet. Endringane vil stort sett ha preg av justeringar og vidare utbygging av prinsipp som den norske lovgjevinga alt byggjer på. Det vil verte samarbeidd med dei andre nordiske landa i gjennomføringsprosessen.

Dei punkta der direktivet synest å gå lenger enn den gjeldande lovgjevinga, er følgjande:

  • Definisjonen i direktivet av kven som er forbrukar jamført med forbrukaromgrepet i kjøpslova.

  • Direktivet omfattar visse avtaler som inneber både kjøp og teneste i form av installering av vara. Direktivet omfattar dessutan avtaler om tilverking av lausøyre, sjølv om forbrukaren skaffar alle materiala. Slike tilfelle fell utanfor kjøpslova, og det må vurderast om andre delar av den gjeldande lovgjevinga stettar direktivet, eller om det er naudsynt med lovendring.

  • På eit par mindre punkt går retningslinjene i direktivet om når det ligg føre ein mangel ved vara, vidare enn det som følgjer av kjøpslova.

  • Etter direktivet har forbrukaren litt vidare høve til å krevje retting og omlevering som følgje av mangel ved vara, enn etter kjøpslova.

  • Vilkåra for å krevje heving av kjøpsavtala på grunn av mangel er noko lempelegare enn etter kjøpslova.

  • Føresegnene i direktivet om relativ reklamasjonsfrist er laglegare for forbrukaren enn føresegnene i kjøpslova, ved at utgangspunktet for fristen er eit anna, og ved at fristen må vere minst to månader.

  • Føresegna i direktivet om at manglar som viser seg innan seks månader etter levering, som hovudregel skal reknast for å ha eksistert ved leveringa, har ikkje nokon parallell i kjøpslova.

  • Påbodet i direktivet om å hindre visse lovvalsklausular som er til skade for forbrukaren, er ikkje å finne i kjøpslova.

  • Kravet i direktivet til kva opplysningar ein garanti må innehalde, går lenger enn det som gjeld i dag etter marknadsføringslova. Lovgjevinga i dag har heller ikkje noko direkte krav om at garantien skal vere tilgjengeleg for forbrukaren.

  • Det må vurderast om det er naudsynt med lovendring for å stette artikkel 10 om vern av kollektive forbrukarinteresser, utover dei lovendringane som er varsla i samband med gjennomføringa av direktiv 98/27/EF, jf. St. prp. nr. 7 (1999-2000).

Endringane er stort sett prega av mindre justeringar og utbygging av prinsipp som den norske lovgjevinga alt byggjer på, og har som siktemål å styrkje stillinga til forbrukaren. Det vil verte samarbeidd med andre nordiske land i samband med gjennomføringa av direktivet. Dei lovendringane som er naudsynte, vil verte vurderte og gjennomførde i samband med framlegg til ein generell revisjon av den lovgjevinga om forbrukarkjøp som byggjer på NOU 1993: 27 Forbrukerkjøpslov. I samband med dette vil òg enkelte justeringar av andre delar av lovverket verte vurderte.