St.prp. nr. 42 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 12/2000 av 28. januar 2000 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 12/2000 av 28. januar 2000 inneheld ei innleiing og fire artiklar.

I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 99/44/EF om visse aspekter ved forbrukerkjøp og tilknyttede garantier skal leggjast til som nytt punkt 7e i vedlegg XIX til EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal gjelde frå 29. januar 2000 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga frå avtalepartane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 5 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Justisdepartementet vil fremje ein odelstingsproposisjon om naudsynte endringar i norsk lovverk som følgje av avgjerda i EØS-komiteen.