St.prp. nr. 44 (1998-99)

Om regulering av grensa mellom Sande og Vanylven kommunar i Møre og Romsdal fylke

Til innhaldsliste

2 Saksframstilling

2.1 Kort om bakgrunnen for saka

Åram krins er einaste fastlandsområde i Sande kommune. Åram krins er ei naturleg forlenging av arealet på fastlandet som ligg i Vanylven kommune. Grunna endra kommunikasjonstilhøve i området, har spørsmålet om kva kommune Åram krins skal høyre til dukka opp med jamne mellomrom. I dag må innbyggjarane i Åram reise med ferje når dei skal til kommunesenteret Larsnes på Gurskøya i Sande kommune. Det er to alternative reiseruter. Det enklaste er å reise med ferja frå Åram tettstad til Larsnes som tar 20 minuttar og går ni gonger dagleg. Det andre alternativet er å reise med ferjesambandet Koparnes-Årvik. Frå Åram tettstad er det 15 km til Koparnes, og derifrå 15 minutter med ferje over til Årvik. Denne ferja går 28 gonger dagleg. I tillegg til dette kjem ulemper i form av ventetid og skifte av kommunikasjonsmiddel. Til samanlikning er det om lag 20 km til Fiskåbygd som er kommunesenteret i Vanylven, dersom ein køyrer om Hakallestranda, og 24 km dersom ein køyrer om Koparnes.

For ein del reisande med kollektive transportmiddel, kan det likevel opplevast som meir praktisk å hente tenester på Larsnes på grunn av at ferja går direkte til kommunesenteret. Ferja har fleire avgangar enn det bussrutesambandet til Fiskåbygd truleg vil få. Men det er også slik at på grunn av ferjefritt samband til Vanylven, vil ein stor del av innbyggjarane i Åram krins ha sine arbeidsplassar i Vanylven kommune og hente tenester i denne kommunen.

Storleiken på Åram krins er 42 km2. Dette utgjer ca 33 % av arealet på 3255 km2 i Sande kommune. Talet på innbyggjarar per 01.01.98 var 393, noko som utgjer ca 13 % av dei 3108 innbyggjarane i kommunen.

2.2 Gangen i saka

Underskriftsliste frå innbyggjarar tilhøyrande Åram krins blei sendt til Vanylven kommune i midten av februar 1996. Deira krav var at Åram krins blir overført frå Sande kommune til Vanylven kommune.

Vanylven kommune sende den 25.03.96 saka om forslag til grenseendring til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sende grensesaka utan realitetsvurdering til Kommunal- og arbeidsdepartementet 05.08.96. Fylkesmannen meinte saka burde gis ei parallell handsaming med delingssaka i Gjerdsvika i Sande kommune som allereie var send til departementet.

Kommunaldepartementetba Fylkesmannen ved brev 24.09.96 hente inn kommunane og fylkeskommunane sine synspunkt på dei to sakene, og saman med eigne vurderingar sende saka til departementet. Departementet peika også på at både dei to sakene må vurderast til å vera av større omfang.

Herøy kommune ved formannskapet har den 27.11.96 vedteke (dette gjeld Gjerdsvika krins):

«1. Herøy kommune ynskjer ikkje å influere direkte på den vurderinga som sentrale styresmakter og folket i Sande må gjere om Sande kommune i framtida skal vere ei sjølvstendig politisk og administrativ eining

2. Dersom konklusjonen vert at det skal gjerast ei grenseregulering, ser Herøy kommune det som naturleg at delar av Sande går til Herøy.»

Sande kommune skriv i brev av 06.12.96 at:

«Åramdelen av kommunen er ein viktig del av kommuneeininga Sande. Serleg gjeld dette i høve til øyane Kvamsøya, Voksa og Sandsøya som Åram ligg nær opp til geografisk og kommunikasjonsmessig, men også for resten av kommunen vil det vere viktig å bevare kommuneeininga utan avskaling. Ein er redd for at Sande ved ei avskaling ikkje kjem til å kunne fungere på ein brukbar måte som eiga kommunal eining då den attverande delen vil verta svekkja i for stor grad til å kunne oppretthalde dagens teneste- og servicetilbod. For Gjerdsvika ser kommuneleiinga det på same vis. Bygda er ein viktig og vesentleg del av kommunesamfunnet Sande som ikkje kan «rivast ifrå» utan at det fører til funksjonsmessige problem for resten av kommunen. Kommuneleiinga vil elles meine at dei kommunale teneste- og servicetilboda er rimeleg godt utbygd i alle deler av kommunen og fullt på høgde med det som kan framvisast i andre kommunar i regionen. Ein kan såleis vanskeleg sjå at det kan vere grunnar til ei oppløysing av dagens kommunestruktur av denne grunn. Ved ei oppdeling av kommunen som omsøkt, er kommuneleiinga overtydd om at dette vil føre til stor skade for den attverande delen av kommunesamfunnet Sande. Ein må ut frå dette så sterkt ein kan oppmode om at dagens kommuneområde for Sande ikkje vert redusert.»

Vanylvenformannskap gjorde den 06.12.96 slikt samrøystes vedtak:

«Vanylven kommune vil ynskje folket på Åram velkomne til Vanylven om dei måtte ynskje det. Formannskapet vil be Fylkesmannen om å sette i gang ei utgreiing om samanslåing.»

Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkesutvalet gav 24.02.97 slik fråsegn:

«Ut frå dei opplysningar som til no er lagt fram i desse to sakene vil ikkje fylkesutvalet rå til utgreiing av enkeltløysingar, utan at desse blir sett som ein del av ei samla vurdering av kommuneinndelinga i området. Dersom ein skal gå vidare med ei større utgreiing av kommunestrukturen i området, bør ein også fordre eit større kommunalt initiativ enn det som har kome framt til no»

Fylkesmannen i Møre og Romsdal kjem i brev den 21.07.1997 til departementet med sin vurdering av sakene (Gjerdsvika og Åram):

«I konklusjonen vil eg legge vekt på den prinsipielle skilnaden det er mellom dei to sakene. Søknaden frå Gjerdsvika synest primært å vere utløyst av ein lokal skulestrid. Ut frå busetjingsmønster, geografi og kommunikasjonar er det ikkje noko som skulle tilseie at ein for innbyggjarane i Gjerdsvika på ein betre og for samfunnet billegare måte vil kunne yte kommunale tenester dersom krinsen vart overført til Herøy kommune.

Når det gjeld Åram krins er situasjonen annleis. Krinsen er allereie sterkt integrert i Vanylven i ein felles bustad og arbeidsmarknad. Det er også mitt inntrykk at søknaden er grunngjeven med meir langsiktige utviklingstrekk som kommunikasjonsutvikling, tilgang til tenester o l og i liten grad grunngjeven i misnøye med den service Sande i dag yter Åram krins.

I det eg viser til grunngjevinga ovanfor, vil eg difor rå til at søknaden om å ta opp sak om overføring av Gjerdsvika krins i Sande til Herøy kommune blir avvist. Vidare vil eg rå til at søknaden om overføring av Åram krins i Sande til Vanylven kommune blir tatt opp til behandling etter lov om endring av kommunal inndeling av 21.12.56 nr 3.

Konklusjonen ovanfor byggjer på den føresetnad at det ikkje blir sett i gang ei større utgreiing om kommunestrukturen i området. Dersom ei slik utgreiing blir sett i gang, bør ei eventuell grensejustering for Åram krins og eventuelle andre endringar av kommuneinndelinga gå inn som ein del av utgreiinga av framtidig kommunestruktur i området.»

Departementet følgde fylkesmannen sitt råd om å avvise forslaget om grenseregulering ved Gjerdsvika.

Folkerøysting blei halden i Åram krins den 16.03.98. I folkerøystinga blei det avgitt 267 røyster (vel 86 % blant dei røysteføre). Av desse røysta 167 (62 %) for overføring til Vanylven, medan 100 (38 %) røysta mot ei grenseendring.

Sande kommunestyre gjorde den 23.04.98 følgjande vedtak med 20 mot 5 røyster:

«1. Kommunestyret tek resultatet av den rådgjevande folkerøystinga for Åram krins den 16.03.98 til vitande.

2. Før kommunestyret gjev si endelege tilråding i saka vil ein krevje at Kommunal- og regionaldepartementet utarbeider ei grundig analyse over konsekvensane for den attverande delen av Sande dersom det vert vedteke ei grenseregulering for Åram krins.»

Vanylven kommune viser i brev av 20.05.98

« . . . til resultatet av folkerøystinga i Åram krins som med eit klart fleirtal på 62 % for ein krinsregulering, medan 38 % var imot».

Vanylven kommune peika elles på at utgreiinga som Sande kommune krev, ikkje bør få oppsetjande verknad på eit eventuelt vedtak om overføring av Åram krins til Vanylven.

«Vanylven kommune vil be om at dersom Departementet vedtek ei grenseregulering mellom Vanylven og Sande kommunar, så får det verknad frå 1.1.1999.»

Det blei halde møte i departementet 17.09.98 for å drøfte omfang og organisering av ei utgreiing av konsekvensane av grenseendring. På møtet deltok Sande og Vanylven kommunar, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, innbyggjarar i Åram og Sande vest.

Utgreiing av konsekvensane av eventuell kommunegrenseregulering låg føre 23.11.98. I samandraget blei mellom anna følgjande konklusjon trekt:

«Når ein korrigerer dei framkomne nettotala for løns- og prisauke frå 1997 og fram til i dag vil ein med grunnlag i Departementet sine inntektsprognosar, og under føresetnad av at Vanylven inngår avtale om betaling for pensjonærane frå Åram ved Sandetun, kome ut omlag i balanse ved ei grenseregulering. M a o vil Sande kommune verken tene eller tape økonomisk ved at Åram går til Vanylven.»

Sande kommunestyre gjorde den 17.12.98 med 19 mot 10 røyster slikt vedtak:

«1. Spørsmålet om å endre kommunegrensa mellom Sande og Vanylven kommuner slik at Åram krins vert regulert til Vanylven kommune er ei alvorleg sak for Sande kommune. Ei sak som ikkje berre dreier seg om økonomi, men også om følelsar og historisk tilhøyre, med over 160 års samanhengande samkvem og samarbeid.

2. Sande kommune slit med negativ folketalsutvikling og framskrivingar frå Statistisk Sentralbyrå viser at denne tendensen vil fortsette framover til år 2020. Åram krins representerer om lag 1/3 av folketalet i denne delen av kommunen (Sande Vest). Det er vanskeleg å vurdere ei overflytting av Åram krins utan å sjå nærare på forholdet til Kvamsøy og Voksa/Sandsøy. Både geografisk og kommunikasjonsmessig er det eit nært samband mellom Åram og dei nemnde øyane. Folketalet i enkelte av krinsane i dette området nærmar seg etterkvart det marginale i høve til kvar for seg å oppretthalde fellestilbod- og tenester på det kulturelle og sosiale området. Krinsane Åram, Sandsøy og Kvamsøy er nært ihopknytte sosial og kulturelt og dette fellesskapet har vore ein styrke for alle tre krinsane. Åram krins er ein avgjerande plussfaktor og dersom denne krinsen fell frå, vil det heilt klart virke negativt for Sandsøy/Voksa og Kvamsøy, og etter mange si meining også Åram. Sande kommune er redd for at ei grenseregulering vil bryte dei sterke sosiale og kulturelle banda mellom desse tre krinsane kan føre til ei forsterking av den negative folketalsutviklinga i dette området, noko vi aller minst har råd til. Sande kommune har dei siste åra hatt forskjellige kampanjar på gang for å få folk til å flytte til Sande, og det verkar då ganske meiningslaust å gi frå seg 410 menneske.

3. Det er ein nær samanheng mellom folketalet og kommunen si evne til å produsere gode tenester. Det dreier seg m.a. om effektivitetsfremjande tiltak på fleire område. Sande kommune er redd for at ei avskaling kan få negative konsekvensar for den attverande del av kommunen si evne til å ivareta kommunale tenestefunksjonar. Særleg vil dette verke negativt innan eldreomsorg og ikkje minst moglegheitene for effektiviseringstiltak innan undervisningssektoren, dersom Åram fell ifrå.

4. Åram krins er eige kyrkjesokn i Sande Prestegjeld. Sande kommune har m.a. på grunn av si geografiske oppdeling tre kyrkjer og to kapell. Det er to statlege prestestillingar, men Bispedømerådet har signalisert at med ei eventuell grenseregulering vil den eine stillinga vere svært utsett. Dersom grenesreguleringa vert gjennomført og fører til at den eine prestestillinga i prestegjeldet vert inndrege, vil det få alvorlege konsekvensar for tenestetilbodet både på kort og lang sikt.

5. Det er ikkje kome nokon henvendelse til Sande kommune frå dei som ynskjer kommuneregulering, korkje om fordelar/ulemper eller på noko vis dokumentert behovet og at det hastar med regulering. Fylkesmannen har i si utgreiing også merka seg at det verken i søknaden eller gjennom den kontakta han har hatt med enkelt personar som står på lista er søknaden grunngjeven med misnøye med dei tenestene Sande kommune yter. Det er såleis ikkje det kommunale tenestetilbodet i Sande kommune som er årsak til søknaden om overflytting. Kommunegrensene er m.a. grenser for eit område for kvar enkelt kommune sitt ansvar for kommunale tenestetilbod. Elles er kommunegrensene ikkje «skarpe» og avisande og er ikkje eit hinder for utfoldelse og samkvem for innbyggjarane også over kommunegrensene.

6. Det er ikkje noko som hastar med å gå til grenseregulering no. Det er i tida aktuell debatt og spørsmål om forvaltningsnivå og organisering av desse. Det gjeld både fylkeskommunane og primærkommunene. Det er spørsmål om 1, 2 eller 3 forvaltningsnivå, regionkommuner, storkommuner og ikkje minst interkommunalt samarbeid. Slik også Møre og Romsdal Fylkeskommune har tilrådt, og sålenge det ikkje er noko som tilseier at det hastar med å grenseregulere, bør ein avvente med grenseregulering no og sjå spørsmålet i ein større samanheng. Dette for å oppnå ein best mogleg framtidsretta strukturendring.

7. Der er eit relativt stort mindretal i krinsen som går sterkt imot grenseregulering (jmf. dei mange henvendingane). Dei stiller spørsmål om eit fleirtal i ei rådgjevande folkerøysting og andre instansar verkeleg kan tvinge eit stort mindretal av innbyggjarane å skifte kommune og på den måten vere med å bryte med eit nært og godt samkvem, og samarbeid med andre delar av kommunen som har vore i alle år. Dette er eit sentralt og vanskeleg spørsmål som krev stor oppmerksomheit og stor aktsemd.

8. Etter ei samla vurdering og med visning til Møre og Romsdal Fylkeskommune si fråsegn, ulike brev og henvendelser og med bakgrunn i pkt. 1-7 ovanfor går Sande kommune imot at Åram krins vert regulert til Vanylven kommune.»

Kommunal- og regionaldepartementet ba ved brev den 27.01.99 Fylkesmannen i Møre og Romsdal gje fråsegn til spørsmålet om regulering i området.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ved brev den 12.02.99 kome med si vurdering og konklusjon når det gjeld spørsmålet om overføring av Åram krins til Vanylven kommune. Fylkesmannen konkluderer slik:

«I spørsmålet om kommunetilknytning for einskilde krinsar må ein først og fremst sjå på kva som tener befolkninga i krinsen best. Føremålet med kommunegrensene er å gi administrative rammer for velferdsutviklinga og tenestetilbodet til dei einskilde krinsane/befolkninga og rammer for medverking og politisk deltaking. Kommunikasjonsmessig står Åram krins i ei særstilling i høve til dei andre krinsane i Sande kommune. Det er den einaste krinsen i kommunen som ligg på fastlandet. I tillegg vil krinsen etter grensejustering få ferjefritt og raskare samband til kommunesenteret. Åram krins er allereie i dag delvis avhengig av tenestetilboda i Vanylven kommune og både geografi og kommunikasjonar tilseier at den kulturelle og sosiale integreringa av Åram krins i Vanylven vil bli forsterka i åra framover. Eg vil difor rå til at det bør leggjast vekt på den rådgjevande folkerøystinga og at Åram krins difor blir overført frå Sande kommune til Vanylven kommune.»

Til forsida