St.prp. nr. 44 (1998-99)

Om regulering av grensa mellom Sande og Vanylven kommunar i Møre og Romsdal fylke

Til innhaldsliste

3 Departementet sine merknader

Vanylven kommune støttar framlegget om at grensa blir regulert slik at Åram krins blir overført til Vanylven kommune, medan Sande kommune er imot forslaget. Fylkesmannen i Møre og Romsdal rår til at Åram krins blir overført til Vanylven kommune. Fylkeskommunen ønskjer at spørsmålet om grenseregulering blir sett i ein større samanheng. Departementet gjorde for eit par år sidan sonderingar i høve til ei større utgreiing av kommunestrukturen i denne delen av fylket, men det var ikkje semje mellom kommunane om ei slik utgreiing. Eit slikt arbeid blir difor ikkje starta opp.

Det overordna målet ved grenseendringar er å få til ei føremålstenleg og tidsmessig administrativ inndeling. Grensene bør framstå som dei mest ønskjelege for kommunane og fylkeskommunen som produsentar og leverandørar av offentlege tenester. Dei same omsyn må takast til innbyggjarane som brukarar av tenestene. Til grunn for ei avgjerd om grenseregulering må ein leggje ei totalvurdering av spørsmålet om kva kommune det aktuelle området naturleg høyrer til, mellom anna ut i frå geografiske og kommunikasjonsmessige tilhøve, som vegsamband, avstandar og reisetid. Kva befolkninga på staden meiner om spørsmålet, er også eit viktig moment.

Kommunikasjonane i området er ein av grunnane til at forslaget om grenseregulering blei sett på dagsorden. Departementet meiner det er viktig at kommunegrenser er slik at kommunikasjonane er enklast mogleg for innbyggjarane. Vi er samde med Fylkesmannen når han uttalar (i brev 12.02.99) at:

«Sjølv om det kollektive transporttilbodet i liten grad vil bli endra etter ei grenseregulering, vil ferjefritt samband til kommunesenteret gi innbyggjarane samla sett ein meir fleksibel tilgang på offentlege tenester samtidig som det blir lettare å kombinere reiser i tilknyting til offentlege og private tenester, deltaking i sosiale og kulturelle aktivitetar m m. Uavhengig av ei eventuell grenseregulering er det også grunn til å tru at den auka integreringa mellom Åram krins og Vanylven kommune når det gjelder sosiale og kulturelle aktivitetar, er ei utvikling som vil halde fram.»

Departementet vil leggja til at når ein nå ønskjer å endra grensene i området er det viktig at dei nye grensene byggjer på at kommunikasjonen i dag i stor grad foregår langs vegsambandet, og ikkje sjøvegen som er grunnlaget for dagens grense. Departementet vil og vise til dei opplysningane som blei gitt av samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune til Fylkesmannen, der det ikkje er gitt signal om at grensereguleringa i seg sjølv vil medføre endringar av ferjesambandet Larsnes-Åram-Kvamsøy - Voksa/Sandøy som er viktig for rest Sande.

Det er og eit spørsmål om kva grensereguleringa vil føre til for dei ulike kommunale tenestene i Sande kommune. Det er knytt stor uvisse til framtidige endringar av tenestestrukturen i kommunen, noko som er eit problem for konsekvensvurderinga som er gjort. Uvissa blir forsterka ved at folketalet i begge kommunar er redusert dei seinare år. Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier at:

«Også her vil eg vise til konsekvensutgreiinga og konkludere med at denne uvissa først og fremst er knytt til folketalsutviklinga i området og dermed befolkningsgrunnlaget for dei einskilde tenestene, og i liten grad til sjølve grensereguleringa. Grensereguleringa vil kunne påverke dei praktiske løysingane som blir valt, men i liten grad vere avgjerande for kvaliteten og omfanget av tenestetilboda.»

Departementet slutter seg til vurderinga som fylkesmannen her gjer.

Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår at det ikkje blir gjort endring av grensa utan at det blir gjort ei samla vurdering av kommuneinndelinga i området. Departementet meiner at ei eventuell overføring av Åram krins til Vanylven kommune ikkje legg hindringar for ein eventuell framtidig og meir omfattande gjennomgang av kommunegrensene i området.

Åram krins står i ei særstilling i og med at det er den einaste krinsen i Sande kommune som ligg på fastlandet. Befolkninga i Åram er allereie i dag brukarar av tenestetilboda i Vanylven kommune. Fylkesmannen peiker på at både geografi og kommunikasjonar tilseier at den kulturelle og sosiale integreringa av Åram krins i Vanylven vil bli forsterka i åra framover. Departementet vil peike på at dette tyder på at den naturlege tilknytinga for Åram krins er Vanylven kommune.

Når det gjelder konsekvensane for rest-Sande vil departementet peike på at kommunen framleis vil ha ca 2715 innbyggjarar. Det er 138 kommunar i Noreg som har færre innbyggjarar. Departementet vil og vise til konsekvensutgreiinga utarbeida av Sande kommune som konkluderer med at:

«Ved dagens organisering synes det ikkje å vere økonomiske driftsulemper ved ei grenseregulering».

Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane av den grensereguleringa det er gjort framlegg om, vil vere avhengig av utviklinga i kommunane i åra som kjem, og av korleis kommunane organiserer verksemda si. Innbyggjartalet i Åram krins pr 01.01.98 var 393. Grensereguleringa vil gi utslag på dei viktigaste inntektene som skatt og rammeoverføringar gjennom inntektssystemet, og på utgiftene i dei aktuelle kommunane.

Det er ikkje mogleg å lage ei nøyaktig oversikt over dei økonomiske konsekvensane av ei grenseregulering for Sande og Vanylven. Departementet har laga anslag for endringane i rammetilskot for dei to kommunane. På det noverande tidspunktet eksisterer det ikkje tal frå offisiell statistikk for ei rekkje av fordelingskriteria som blir endra som følgje av ei grenseregulering. Utrekningane baserer seg difor mellom anna på skjønnsmessige endringar i desse. Utrekningane representerer likevel gode tilnærmingar for dei økonomiske konsekvensane knytt til skatt og rammetilskot som følgjer av ei grenseregulering. Utrekningane omfattar ikkje endringar i tildeling av øyremerka tilskot.

Samanlikna med rammetilskotet som kommunane mottar i 1999 ville Sande kommune få om lag 3 millionar kroner mindre i rammetilskot dersom Åram var overført til Vanylven kommune med verknad frå 01.01.99. Vanylven ville fått ei auke med om lag 2,3 millionar kroner. Vanylven får ikkje ei tilsvarande auke i rammetilskotet som Sande misser. Årsaka til dette er mellom anna at innbyggjarane i Åram krins bur nærmare kommunesenteret i Vanylven enn kommunesenteret i Sande. Dette fører til at Vanylven kommune får mindre midlar gjennom kriteriet «reisetid» i inntektssystemet enn det Sande har fått for desse innbyggjarane. På det noverande tidspunkt er det ikkje mogleg å seie noko om den samla storleiken på rammetilskotet i 2000.

I dag kvalifiserer Sande ikkje for tildeling av regionaltilskot. Som følgje av ei eventuell regulering som fører til at folketalet i Sande blir lågare enn 3000, vil kommunen kvalifisere for regionaltilskot frå og med tidspunktet for overføring av Åram krins. Regionaltilskotet er knytt saman med det ekstraordinære skjønnstilskotet. Auken i regionaltilskotet blir grovt rekna motsvara av ein reduksjon i det ekstraordinære skjønnstilskotet. Sjølv om Sande får regionaltilskot frå og med år 2000, får dei difor ikkje meir i rammetilskot totalt sett. Vanylven kvalifiserer i 1999 ikkje for regionaltilskot, og vil heller ikkje gjere det etter ei eventuell grenseregulering.

Departementet fordeler ordinært skjønnstilskot til kommunane etter tilråding frå fylkesmennene. I 1999 mottar Sande 4 millionar kroner i slikt tilskot, mens Vanylven mottar 1,7 millionar kroner. Ettersom tildelinga av ordinært skjønnstilskot blir gjort i samband med statsbudsjettet, er det uråd å seie noko om utviklinga i dette for Sande og Vanylven.

Det er vanskeleg å seie noko om utviklinga i skatteinntekter etter ei grenseregulering. Dersom ein legg til grunn at alle innbyggjarane i Åram i dag betaler like mykje i skatt som gjennomsnittet av innbyggjarar i Sande, ville ei regulering i 1999 ført til at Sande miste om lag 3,7 millionar kroner i skatteinntekter, og at skatteinntektene i Vanylven auka tilsvarande. Det må understrekast at dette er høgst usikre tal.

Departementet har etter ei samla vurdering kome til at grensereguleringa bør gjennomførast. Eit viktig siktemål med dette er å tilpasse kommunegrensene til endringar i kommunikasjonshøve. Departementet legg særleg vekt på folkemeininga i Åram krins der hovudtyngda av befolkninga ved folkerøysting i 1998 ville tilhøyre Vanylven kommune. Departementet kan heller ikkje sjå at ei grenseregulering vil ha vesentlege negative verknader for Sande kommune. Departementet tilrår at grensa blir endra slik at Åram krins blir overført frå Sande kommune til Vanylven kommune.

Til forsida