St.prp. nr. 44 (1998-99)

Om regulering av grensa mellom Sande og Vanylven kommunar i Møre og Romsdal fylke

Til innhaldsliste

4 Iverksetjing

Ei iverksetjing straks etter vedtaket vil vere problematisk for Vanylven kommune som mottakarkommune, mellom anna i høve til omstilling i budsjett og tilbod av kommunale tenester. Praksis frå liknande saker har vore at kommunar som mottar nye områder får ei viss omstillingstid før vedtaket blir sett i verk. Departementet ser det difor som rimeleg at iverksetjing av grensereguleringa skjer frå 01.01.2000.

Det er eit ønskje at innbyggjarane i Åram krins dersom reguleringa blir vedteke, både skal kunne velje og bli vald i Vanylven kommune ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1999. Størstedelen av valperioden vil innbyggjarane i Åram krins høyre til Vanylven kommune.

Av omsyn til innbyggjarane meiner difor departementet at det her er grunn til å nytte heimelen i inndelingslova § 17 om å gjere unntak frå gjeldande lov, slik at iverksetjinga blir framskunda for så vidt gjeld valet. Unntaket gjeld mellom anna § 5 om manntalsføring og § 12 om valførleik i vallova, samt § 14 om valførleik i kommunelova. Unntaka inneber at ein ved kommande kommune- og fylkestingsval legg til grunn at grensereguleringa allereie er gjennomført. Kongen vil treffe dei naudsynte vedtaka etter § 17 i inndelingslova dersom Stortinget sluttar seg til tilrådinga om grenseregulering innan midten av mai månad.

Til forsida