St.prp. nr. 44 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ­fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi ­(Sikrare Internett) 2009–2013

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeids­området, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] 1 .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF av 16. desember 2008 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi 2 .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2009 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala artikkel 2 nr. 5 skal nytt strekpunkt lyde:

  • «– 32008 D 1351: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF av 16. desember 2008 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi (EUT L 348 av 24.12.2008, s. 118).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3 .

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2009.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...].

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

[...]

Fotnotar

1.

TEU ...

2.

TEU L 348 av 24.12.2008, s. 118.

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.][Forfatningsrettslege krav oppgjevne. ]