St.prp. nr. 44 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ­fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi ­(Sikrare Internett) 2009–2013

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det totale budsjettet til det nye programmet vil vere på 55 millionar euro over fem år. Det vil seie 11 millionar euro per år.

For deltaking i det tidlegare Sikrare Internett Pluss (2005–2008) var den totale forpliktinga til Noreg på om lag 5,6 millionar kroner over tre år. Ved deltaking i Sikrare Internett vil dei økonomiske utgiftene for Noreg utgjere om lag 1,25 millionar euro, eller omrekna med ein eurokurs på 8,8 kroner, om lag 11 millionar kroner. Dette vil gje ein gjennomsnittleg kostnad på 2,2 millionar kroner per år.

Det vil verte tilsett ein nasjonal ekspert i tilknyting til programmet. Dei årlige kostnadene på om lag 1,1 millionar kroner vil kome i tillegg til programkostnadene.

Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet. I tillegg vil Barne- og likestillingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Kunnskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet medverke. Departementa er samde om programdeltakinga og tilsetjinga av ein nasjonal ekspert. Utgiftene til deltaking vil verte delte mellom departementa etter følgjande fordelingsnøkkel: Kultur- og kyrkjedepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet dekkjer 25 % kvar, Kunnskapsdepartementet dekkjer 12,5 % og Justis- og politidepartementet og Samferdselsdepartementet dekkjer 6,25 % kvar. Kostnadene ved deltaking i programmet skal dekkjast innanfor dei budsjettrammene som til kvar tid gjeld for dei departementa som det kjem ved.