St.prp. nr. 44 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ­fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi ­(Sikrare Internett) 2009–2013

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF av 16. desember 2008 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 153,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,

etter samråd med Regionutvalet,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 2 , og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Bruken av Internett og annan kommunikasjonsteknologi som t.d. mobiltelefonar aukar framleis kraftig i Den europeiske unionen, og gjev alle borgarane betre høve til m.a. deltaking, samverknad og kreativitet. Samstundes finst det framleis risiko for barn, og misbruken av denne teknologien held fram, og som følgje av den teknologiske utviklinga og endringar i åtferdsmønstra i samfunnet dukkar det opp nye former for risiko og misbruk. Det bør vedtakast tiltak på EU-plan for å verne den fysiske, mentale og moralske integriteten til barn, som kan verte skadd ved at dei får tilgang til upassande innhald. For å oppmuntre borgarane til betre utnytting av føremonene med Internett og annan kommunikasjonsteknologi, trengst det òg tiltak for å fremje sikrare bruk.

  2. Kommisjonsmeldinga «i2010 – Eit europeisk informasjonssamfunn for vekst og sysselsetjing» (KOM(2005)0229), som er ei vidareutvikling av Lisboa-strategien, tek sikte på å sikre at det er samanheng i Kommisjonens politikk med omsyn til informasjonssamfunn og media for å styrkje den viktige stillinga som informasjons- og kommunikasjonsteknologien har i økonomien til medlemsstatane. Eit av måla er å skape eit felles europeisk informasjonsområde som tilbyr rimeleg og sikker breibandskommunikasjon, eit rikt og variert innhald og digitale tenester.

  3. Fellesskapsregelverket for å handtere utfordringane i samband med digitalt innhald i informasjonssamfunnet omfattar føresegner om vern av mindreårige 3 , personvern 4 og ansvaret til tenesteytande mellommenn 5 . Rådsrammevedtak 2004/68/JHA av 22. desember 2003 om motkjemping av seksuell utnytting av barn og barnepornografi 6 inneheld minstekrav til medlemsstatane når det gjeld definisjon av brotsverk og høvelege straffer. Europaparlaments- og rådsresolusjon 2006/952/EF av 20. desember 2006 om vern av mindreårige og menneskeverdet og om retten til tilsvar når det gjeld konkurranseevna til den europeiske industrien for audiovisuelle og digitale informasjonstenester 7 byggjer på rådsrekommandasjon 98/560/EF av 24. september 1998 om utviklingen av europeisk industris konkurranseevne på området audiovisuelle tjenester og informasjonstjenester, gjennom utarbeidelsen av nasjonale rammer som tar sikte på å nå sammenlignbar og effektivt beskyttelse av mindreårige og menneskeverdet 8 ved å fastsetje retningslinjer for utviklinga av nasjonale reglar for eigenkontroll og utvide verkeområdet til å omfatte mediekunnskap, samarbeid og utveksling av røynsler og god praksis mellom kontrollorgan og organ for felles kontroll og eigenkontroll, og tiltak for å motkjempe skilnadshandsaming i alle medium.

  4. Det vil framleis vere naudsynt med tiltak mot innhald som kan vere skadeleg for barn, særleg pornografisk materiale og ulovleg innhald, og materiale som gjeld misbruk av barn. Likeins må det gjerast tiltak for å hindre at barn vert offer for skadeleg og ulovleg åtferd som fører til fysisk og psykisk skade, og at dei vert lokka til å etterlikne slik åtferd og såleis kan skade seg sjølve og andre. Det bør gjerast særlege tiltak for å finne løysingar som kan hindre at ein vaksen ved bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi kan søkje kontakt med barn med sikte på seksuelt misbruk eller andre seksuelle brotsverk. Samstundes bør det leggjast særleg vekt på ordninga med at barn på same alder kan støtte kvarandre.

  5. Det bør òg gjerast tiltak for å unngå at barn vert utsette for trugsmål, mobbing og audmjuking gjennom Internett og/eller interaktiv digital teknologi, medrekna mobiltelefonar.

  6. Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 276/1999/EF av 25. januar 1999 om vedtaking av ein fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi ved motkjemping av ulovleg og skadeleg innhald, hovudsakleg med omsyn til vern av barn og mindreårige 9 (handlingsplanen for eit sikrare Internett 1998-2004) og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 854/2005/EF av 11. mai 2005 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi 10 (sikrare Internet pluss-programmet 2005-2008) har fått fellesskapsfinansiering, og har på ein vellukka måte oppmuntra til ei rekkje ulike initiativ og ført til «ein europeisk tilleggsverdi», noko som går fram av dei programvurderingane som er sende over til Europaparlamentet, Rådet og Regionutvalet (COM(2001)0690, COM(2003)0653 og COM(2006)0663).

  7. I tillegg til resultata av vurderingane av føregåande program har ei rekkje Eurobarometer-granskingar og ei offentleg høyring gjort det klart at ordninga med rapportering av ulovleg innhald og haldningsskapande arbeid må haldast ved lag i medlemsstatane.

  8. Programmet som vert skipa ved denne avgjerda, bør m.a. ta sikte på at det vert utarbeidd utdanningspakkar for foreldre, omsorgspersonar, lærarar og anna undervisningspersonale.

  9. Utviklinga av teknologien, endringar i måten Internett og annan kommunikasjonsteknologi vert nytta på av vaksne og barn og endringar i sosial åtferd medfører nye former for risiko for barn. Den kunnskapsbasen som kan nyttast for å utarbeide effektive tiltak, må styrkjast slik at det vert lettare å forstå desse endringane. Fleire tiltak og bør kombinerast på ulike måtar, slik at dei utfyller kvarandre. Dette bør t.d. omfatte tiltak for å fremje ein sikker og ansvarleg bruk av Internett, vidareutvikling av støtteteknologi, fremjing av god praksis som omfattar åtferdsreglar i samsvar med allment godtekne normer for åtferd, og samarbeid med bransjen om dei felles måla for slike reglar.

  10. Programmet bør òg støtte tiltak som skal fremje eit positivt innhald for barn.

  11. Medielandskapet, som er i stadig endring på grunn av ny teknologi og nyskapande medium, gjer det naudsynt å lære både barn, vaksne, omsorgspersonar, lærarar og anna undervisningspersonale korleis digitale informasjonstenester kan nyttast på ein sikker og verknadsfull måte.

  12. Det bør gjerast tiltak for å verne barn ved at det vert utvikla t.d. verknadsfulle system for alderskontroll og frivillig sertifisering og merking.

  13. Ut frå den verdsomfattande karakteren til dette problemet er internasjonalt samarbeid særs viktig. Ulovleg innhald kan produserast i éin stat, lagrast på ei datamaskin i ein annan stat, men vere tilgjengeleg og mogleg å laste ned over heile verda. Internasjonalt samarbeid, som har vore fremja gjennom nettverksstrukturane i Fellesskapet, bør styrkjast, slik at det vert lettare å verne barn mot risiko over landegrensene som òg omfattar tredjestatar. Ei utveksling av god praksis mellom europeiske organisasjonar og organisasjonar i andre delar av verda kan vere til ymsesidig nytte.

  14. 20. november 1989 ratifiserte alle medlemsstatane SN-konvensjonen av 1989 om rettane til barnet, som pålegg dei underteiknande statane å vedta alle nasjonale tosidige og fleirsidige tiltak som er naudsynte for å hindre alle former for utnytting av barn, og å vedta alle lovgjevande, administrative og andre tiltak som er naudsynte for å verne om dei rettane som er sannkjende i medhald av denne konvensjonen, òg gjennom internasjonalt samarbeid der dette høver.

  15. Dei tiltaka som Kommisjonen har fullmakt til å vedta i medhald av den gjennomføringsstyresmakta han har fått ved denne avgjerda, er i hovudsak forvaltingstiltak som er knytte til gjennomføringa av eit program med store budsjettmessige følgjer i medhald av artikkel 2 bokstav a) i rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 11 . Desse tiltaka bør difor vedtakast etter den framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 4 i den nemnde avgjerda.

  16. Kommisjonen bør sikre at det er komplementaritet og samverknad med andre fellesskapsinitiativ og –program på dette området.

  17. I denne avgjerda er det for gjennomføringa av dette programmet, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 12 .

  18. Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, fordi dei aktuelle problema er av ein tverrnasjonal karakter, og difor på grunn av det europeiske omfanget og verknadene av tiltaka betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  19. Denne avgjerda respekterer dei grunnleggjande rettane og etterlever særleg dei prinsippa som er sannkjende i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar, særleg artikkel 3 og 1 og artikkel 7, 8 og 24 —

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Målet for programmet

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit fellesskapsprogram for å fremje sikrare bruk av Internett og annan kommunikasjonsteknologi, særleg for barn, og for å motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla medium.

Programmet skal kallast «programmet for eit sikrare Internett» (heretter kalla «programmet»).

  • 2. Dei følgjande tiltaksområda er fastsette:

    1. haldningsskapande arbeid blant ålmenta,

    2. motkjemping av ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla medium,

    3. fremjing av eit sikrare miljø på Internett,

    4. skiping av ein kunnskapsbase.

    Den verksemda som skal gjennomførast i medhald av desse tiltaksområda, er fastsett i vedlegg I.

    Programmet skal gjennomførast i samsvar med vedlegg III.

  • 3. For føremålet med denne avgjerda tyder «barn» personar under 18 år, med mindre dei i medhald av gjeldande nasjonal lovgjeving på visse vilkår har full retts- og handleevne før dei når denne alderen.

Artikkel 2

Deltaking

  1. Programmet skal vere ope for deltaking frå juridiske personar som er etablerte i:

    1. medlemsstatane,

    2. EFTA-statar som er medlemmer av EØS, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

    3. tilmeldingsstatar og kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmelding, i samsvar med dei allmenne prinsippa og vilkåra for deltaking for desse statane i fellesskapsprogram, som er fastsette høvesvis i rammeavtaler og i avgjerder i assosieringsråda,

    4. statar på Vest-Balkan og statar som er omfatta av den europeiske naboskapspolitikken, i samsvar med føresegner som skal avtalast med desse statane i medhald av rammeavtalene om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

    5. ein tredjestat som er part i ei internasjonal avtale med Fellesskapet som dannar grunnlag eller gjev vilkår for å gje finansiell støtte til programmet.

  2. Programmet skal òg vere ope for deltaking for internasjonale organisasjonar og juridiske personar som er etablerte i andre tredjestatar enn dei som er nemnde i nr. 1 bokstav b)-e), på dei vilkåra som er fastsette i vedlegg III.

Artikkel 3

Kompetanseområda til Kommisjonen

  1. Kommisjonen er ansvarleg for gjennomføringa av programmet.

  2. Kommisjonen skal kvart år utarbeide arbeidsprogram på grunnlag av denne avgjerda.

  3. Ved gjennomføringa av programmet skal Kommisjonen, i nært samarbeid med medlemsstatane, syte for at det i det store og heile er i samsvar med og utfyller annan relevant fellesskapspolitikk og andre relevante program og tiltak.

  4. Kommisjonen skal handle i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 4 nr. 2 med omsyn til:

    1. vedtaking og endringar i arbeidsprogramma, medrekna fastsetjing av prioriterte område for internasjonalt samarbeid,

    2. vurdering av prosjektframlegg med sikte på fellesskapsfinansiering, som følgje av utlyste innbydingar til framlegg, når det pårekna fellesskapstilskotet er på 500 000 euro eller meir,

    3. gjennomføring av tiltak for vurdering av programmet.

  5. Kommisjonen skal gje det utvalet som er nemnt i artikkel 4, melding om framdrifta i gjennomføringa av programmet. Kommisjonen skal særleg syte for at dette utvalet straks får melding om alle avgjerder om utveljing som vert tekne i saker som fell utanfor verkeområdet for nr. 4 i denne artikkelen.

Artikkel 4

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

Artikkel 5

Overvaking og vurdering

  1. For å sikre at fellesskapsstøtta vert nytta på ein effektiv måte, skal Kommisjonen syte for at det vert utført førehandsvurdering, oppfølging og etterfølgjande vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde i medhald av denne avgjerda.

  2. Kommisjonen skal overvake gjennomføringa av prosjekt som er sette i verk i medhald av programmet.

  3. Kommisjonen skal vurdere korleis prosjekta er vortne gjennomførde og kva verknad dei har hatt, slik at han kan avgjere om dei opphavlege måla er vortne nådde.

  4. Kommisjonen skal innan 24. juni 2011 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om gjennomføringa av dei tiltaksområda som er nemnde i artikkel 1 nr. 2.

  5. Kommisjonen leggje fram ein sluttvurderingsrapport når programmet er avslutta.

Artikkel 6

Finansielle føresegner

  1. Programmet skal gjelde i eit tidsrom på fem år frå 1. januar 2009.

  2. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 55 000 000 euro for tidsrommet 1. januar 2009–31. desember 2013.

  3. Dei årlege løyvingane for tidsrommet 2009-2013 skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

  4. I vedlegg II er det ført opp ei rettleiande utgiftsfordeling.

Artikkel 7

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde den dagen ho vert kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Strasbourg, 16. desember 2008.

For EuropaparlamentetFor Rådet
H.-G. PÖTTERINGB. LE MAIRE
PresidentFormann

Vedlegg I

Tiltak

Innleiing

Målet for programmet er å fremje sikrare bruk av Internett og annan kommunikasjonsteknologi («direktekopla teknologi») for å utdanne brukarar, særleg barn, foreldre, omsorgspersonar, lærar og anna undervisningspersonale på dette området, og å motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av slik teknologi.

For å nå dette målet skal programmet leggje vekt på praktisk hjelp til sluttbrukarane, særleg barn, foreldre, omsorgspersonar, lærar og anna undervisningspersonale, ved å oppmuntre til partnarskap mellom fleire aktørar.

Programmet har som overordna mål å fremje sikrare bruk av direktekopla teknologi, særleg for barn, å fremje utviklinga av eit sikkert miljø på Internett, å redusere omfanget av ulovleg innhald som vert spreidd på Internett, å handtere mogleg skadeleg åtferd på Internett (medrekna psykologisk manipulering av barn med sikte på seksuelt misbruk, «grooming», dvs. at ein vaksen prøver å innleie venskap med eit barn med sikte på seksuelt misbruk, digital mobbing og elektroniske filer som viser fysisk og/eller psykologisk aggresjon), og å syte for at brukarane vert klar over kva risiko bruken av Internett inneber og kva rådgjerder dei kan ta, og å utvikle pedagogiske verktøy på grunnlag av god praksis.

For å sikre ein samanhengande strategi mot risiko når innhald og tenester kan nyttast både med og utan nettsamband, slik det t.d. er med videospel, kan programmet nyttast på begge desse formene for tilgang og bruk.

Programmet skal gjennomførast ved hjelp av fire overordna tiltaksområde:

  1. Haldningsskapande arbeid blant ålmenta

    Denne verksemda tek sikte på å auke det haldningsskapande arbeidet blant ålmenta, særleg blant barn, foreldre, omsorgspersonar, lærar og anna undervisningspersonale, om korleis direktekopla teknologi kan nyttast og kva risiko slik bruk kan innebere, og om korleis slik teknologi kan nyttast på ein sikker måte. Verksemda vil òg ta føre seg korleis tenester kan nyttast ved hjelp av nye distribusjonsplattformer og kva risiko som er knytt til slik bruk, t.d. bruk av audiovisuelle tenester ved hjelp av mobilnett. Der det er føremålstenleg, vil informasjonspakkar verte gjorde tilgjengelege i fleire språkversjonar. Dei viktigaste tiltaka som er planlagde, er:

    1. Haldningsskapande arbeid og formidling av informasjon til ålmenta om sikrare bruk av direktekopla teknologi.

      Verksemda skal auke medvitet blant ålmenta på ein samordna måte over heile Den europeiske unionen ved å formidle ein positiv bodskap om korleis informasjons- og kommunikasjonsteknologi kan nyttast på ein breiare og meir intensiv måte, samstundes som det vert gjeve tilstrekkeleg informasjon om risiko og handtering av slik risiko. Det skal oppmuntrast til tiltak som gjer det mogleg for barn å nytte direktekopla teknologi på ein ansvarleg måte, særleg gjennom program for mediekunnskap eller medieutdanning. Verksemda skal oppmuntre til bruk av kostnadseffektive måtar for å distribuere haldningsskapande informasjon til svært mange brukarar, t.d. gjennom samarbeid med massemedia, gjennom direktekopla distribusjon av brukarprodusert innhald og gjennom utdanningssystemet. Metodane for distribusjon og presentasjon av bodskapen skal tilpassast dei ulike målgruppene (ulike aldersgrupper blant barn og foreldra deira, omsorgspersonar, lærarar og anna undervisningspersonale).

    2. Skiping av kontaktpunkt der foreldre og barn kan få svar på spørsmål om korleis dei kan nytte Internett på ein sikker måte, medrekna råd om korleis dei skal handtere både «grooming» og digital mobbing.

      Verksemda skal ta sikte på å setje brukarane i stand til å gjere godt førebudde val ved at dei får dei opplysningane som dei treng, og råd om kva førebyggjande tiltak dei kan gjere for å nytte Internett på ein sikker måte.

    3. Betre, meir effektive og meir kostnadseffektive metodar og verktøy for det haldningsskapande arbeidet.

      Det skal gjerast tiltak for å betre dei aktuelle metodane og verktøya for det haldningsskapande arbeidet, slik at dei vert meir effektive og kostnadseffektive på lang sikt.

    4. Utveksling av god praksis og samarbeid på tvers av landegrensene på EU-plan.

      Det skal gjerast tiltak for å sikre eit effektivt samarbeid på tvers av landegrensene innanfor EU, og ei verknadsfull utveksling av god praksis, verktøy, metodar, røynsler og informasjon.

    5. Utveksling av god praksis og samarbeid på internasjonalt plan.

      Tiltaka skal ta sikte på å fremje samarbeid og utveksling av god praksis, verktøy, metodar, røynsle og informasjon på internasjonalt plan for å oppmuntre til felles strategiar og arbeidsmetodar, og for å betre effektiviteten, kostnadseffektiviteten og rekkjevidda til verdsomfattande initiativ.

  2. Motkjemping av ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla medium

    Verksemda skal ta sikte på å redusere omfanget av ulovleg innhald på Internett og å handtere skadeleg nettinnhald på ein føremålstenleg måte, med særleg vekt på digital spreiing av materiale om seksuelt misbruk av barn, «grooming» og digital mobbing. Dei viktigaste tiltaka som er planlagde, er:

    1. Skiping av og opplysningar om kontaktpunkt og direktelinjer for rapportering om ulovleg innhald og skadeleg åtferd.

      Verksemda skal sikre at desse kontaktpunkta er verknadsfulle og synlege for ålmenta, at dei har eit nært samband med andre aktørar på nasjonalt plan (særleg med politieiningar som spesialiserer seg på nettkriminalitet), og at dei samarbeider på EU-plan om spørsmål som går på tvers av landegrensene, og utvekslar god praksis. Desse kontaktpunkta skal òg syte for at ålmenta får den informasjonen som er naudsynt om korleis ulovleg innhald skal rapporterast og korleis innhald i informasjonstenester på Internett som kan skade den fysiske, mentale eller moralske integriteten til barn, skal vurderast.

    2. Handtering av skadeleg åtferd på Internett, særleg «grooming» og digital mobbing. Føremålet med verksemda skal vere motkjemping av «grooming» og digital mobbing.

      Tiltaka skal handtere tekniske, psykologiske og sosiologiske faktorar som er knytte til desse spørsmåla, og fremje samarbeid og samordning mellom aktørane.

    3. Oppmuntring til bruk av tekniske løysingar som på ein effektiv måte kan motkjempe ulovleg innhald på Internett, og informasjon til sluttbrukarar om korleis denne teknologien kan nyttast.

      Verksemda skal oppmuntre til utarbeiding, utvikling eller tilpassing og/eller fremjing av verknadsfulle teknologiske verktøy for å handtere skadeleg nettinnhald på føremålstenleg måte, særleg dei verktøya som vert gjorde tilgjengelege gratis slik at dei skal vere enkle å nytte for aktørane, og skal òg oppmuntre til at tenesteoperatørane skal fremje ein sikker og ansvarleg bruk av oppkoplingar, slik at barn kan vernast mot ulovleg og skadeleg verksemd. Aktørane skal få informasjon om at denne teknologien er tilgjengeleg, og om korleis han skal nyttast. Det bør m.a. leggjast vekt på følgjande tiltak:

      1. innføring av eit kvalitetsmerke for tenesteleverandørar, slik at brukarane lett kan kontrollere om ein viss leverandør har teke i bruk åtferdsreglar eller ikkje,

      2. bruk av filter som sluttbrukarane skal nytte for å hindre at informasjon som vil kunne skade den fysiske, mentale eller moralske integriteten til barn, vert overførde ved hjelp av direktekopla teknologi,

      3. støtte til og fremjing av tiltak for å oppmuntre til innhald som er positivt for barn,

      4. tiltak som tek sikte på å finne ut kor verknadsfulle dei verktøya er som er vorne utvikla i samarbeid med Internett-industrien, og som gjer det mogleg å spore nettkriminelle for dei organa som har ansvaret for handheving av lova.

    4. Fremjing av samarbeid og utveksling av informasjon, røynsler og god praksis mellom aktørar på nasjonalt plan og EU-plan.

      Verksemda skal ta sikte på å betre samordninga mellom dei aktørane som arbeider for å motkjempe distribusjon av ulovleg innhald og skadeleg åtferd på Internett, og oppmuntre desse aktørane til å ta del og engasjere seg. Verksemda skal særleg ta sikte på å oppmuntre til deling av sakkunnskap på internasjonalt plan og til utveksling av idear mellom regjeringar, organ med ansvar for handheving av lova, direktelinjer, bank-, finans- og kredittkortinstitusjonar, rådgjevingssenter for misbrukte barn, barnevelferdsorganisasjonar og Internett-bransjen.

    5. Betre samarbeid, utveksling av informasjon og røynsler i motkjempinga av ulovleg innhald og skadeleg åtferd på Internett på internasjonalt plan.

      Verksemda skal ta sikte på å betre samarbeidet med tredjestatar, harmonisere metodane for handtering av ulovleg innhald og skadeleg åtferd på Internett på internasjonalt plan og oppmuntre til utvikling og samordning av sambandet mellom databasar i medlemsstatane når det gjeld misbruk av barn, i tillegg til felles strategiar og arbeidsmetodar. Verksemda skal særleg ta sikte på få i stand eit nært samarbeid mellom nasjonale styresmakter, politi og kontaktpunkt. Det skal gjerast tiltak for å byggje opp ein felles EU-database for innsamling av opplysningar om misbruk av barn, og for å sikre at databasen er kopla til Europol.

    6. Bruk av registereiningar for domenenamn der dette enno ikkje er gjort, og styrking av eksisterande samarbeid.

      Verksemda skal, samstundes som det vert teke omsyn til nasjonal lovgjeving, ta sikte på å utfylle eksisterande tiltak ved å betre samarbeidet med registreringseiningar for domenenamn i medlemsstatane, og oppmuntre til samarbeid med registereiningar utanfor EU, slik at det på eit tidleg tidspunkt vert mogleg å oppdage potensielt ulovleg innhald og i størst mogleg grad vert mogleg redusere levetida til nettstader som er kjende for å tilby innhald om seksuelt misbruk av barn.

  3. Fremjing av eit sikrare miljø på Internett

    Verksemda skal ta sikte på å bringe aktørane saman, slik at dei kan fremje eit sikkert Internett-miljø og verne barn frå skadeleg innhald. Dei viktigaste tiltaka som er planlagde, er:

    1. Styrking av samarbeidet og utveksling av informasjon, røynsler og god praksis mellom aktørar.

      Verksemda skal ta sikte på å betre samarbeidet, harmonisere strategiane for å skape eit sikrare Internett-miljø for barn og leggje til rette for utveksling av god praksis og gode arbeidsmetodar. Verksemda skal ta sikte på å skape eit ope forum for aktørane der dei kan drøfte spørsmål som er knytte til fremjinga av eit sikrare Internett-miljø og til vern av barn frå potensielt skadeleg innhald på tvers av ulike ståstader.

    2. Tiltaka skal oppmuntre aktørane til å utvikle og gjennomføre høvelege system for eigenkontroll og felles kontroll. Tiltaka skal oppmuntre til skaping og gjennomføring av initiativ for eigenkontroll og felles kontroll, og oppmuntre aktørane til å ta omsyn til tryggleiken til barn når det ver utvikla ny teknologi og nye tenester.

    3. Tiltak for å oppmuntre og hjelpe tenesteytarane med å utvikle merking.

      Tiltaka skal ta sikte på å oppmuntre og hjelpe Internett-tenesteleverandørar til å utvikle «barnesikker» merking av nettsider som eit verktøy for eigenkontroll. Desse tiltaka kan m.a. omfatte ei mogleg innføring av eit system med felles og forklarande symbol eller åtvaringsmeldingar som opplyser om aldersgrupper og/eller om dei sidene ved innhaldet som har ført til ei viss aldersmerking, noko som vil hjelpe brukarane til å verte meir medvitne om potensielt skadeleg Internett-innhald.

    4. Tiltak for å stimulere barn til å medverke til å skape eit sikrare Internett-miljø.

      Tiltaka skal ta sikte på at barn, med jamn fordeling av jenter og gutar, skal medverke slik at det vert lettare å forstå deira synspunkt og røynsler når det gjeld bruken av direktekopla teknologi og, med støtte frå sakkunnige, å fremje eit sikrare Internett-miljø for barn. Denne medverknaden skal finne stad jamleg innanfor ramma av verksemda til t.d. Det europeiske forumet for rettane til barn, Forumet for eit sikrare Internett og andre aktørar.

    5. Meir informasjon om høvelege verktøy for handtering av skadeleg Internett-innhald.

      Verksemda skal ta sikte på å auke informasjonen, særleg til foreldre, omsorgspersonar, lærarar og anna undervisningspersonale om korleis verktøya, t.d. filtreringssystema, fungerer og kor verknadsfulle dei er for å handtere mogleg skadeleg innhald på Internett, og å syte for at alle brukarar jamleg får lett forståelege opplysningar, verkemiddel og brukarprogram som kan hjelpe dei med å handtere skadeleg innhald på ulike plattformer.

    6. Tiltak som skal sikre samanheng mellom strategien i Den europeiske unionen og internasjonalt.

      Verksemda skal fremje samarbeid og utveksling av informasjon, røynsler og god praksis mellom aktørar på EU-plan og internasjonalt.

  4. Skiping av ein kunnskapsbase

    Verksemda skal ta sikte på å skipe ein kunnskapsbase for høveleg handtering av eksisterande og ny bruk av Internett-miljøet og tilhøyrande risiko og følgjer, med sikte på å utarbeide føremålstenlege tiltak for å syte for at alle brukarar kan nytte Internett på ein sikker måte. Innhaldet i denne kunnskapsbasen skal delast mellom aktørane og spreiast i alle medlemsstatane. Dei viktigaste tiltaka som er planlagde, er:

    1. Tiltak for å oppmuntre til ein samordna strategi for granskingar på relevante område.

      Tiltaka skal ta sikte på å føre saman vitskapsfolk og sakkunnige som arbeider med Internett-tryggleik for barn på EU-plan, stimulere til internasjonalt samarbeid og innføre ajourførde oversikter over eksisterande og ny forsking.

    2. Innsamling av ajourførd informasjon om korleis barn nyttar direktekopla teknologi.

      Det skal gjerast tiltak for å samle inn ajourførd informasjon om korleis barn nyttar direktekopla teknologi og korleis foreldra deira, omsorgspersonar, lærarar og anna undervisningspersonale handterer både dei positive sidene og risiko ved bruk av Internett. Tiltaka skal omfatte både kvantitative og kvalitative sider. Tiltaka skal òg ta sikte på å auke kunnskapen om kva strategiar barna sjølve nyttar for å handtere risiko i samband med Internett-miljøet, og vurdere kor verknadsfulle dei er.

    3. Analysar av statistikk og tendensar frå ulike medlemsstatar.

      Det vil verte gjort tiltak for å analysere statistikk og tendensar frå ulike medlemsstatar med sikte på at organ med ansvar for handheving av lova og andre relevante styresmakter frå medlemsstatane kan redusere overlapping i den eksisterande innsatsen og gjere best mogleg bruk av noverande og framtidige ressursar.

    4. Granskingar av skadar som barn kan vere utsette for på Internett.

      Tiltaka, som omfattar kjønnsspesifikke strategiar, tek sikte på å granske tekniske, psykologiske og sosiologiske spørsmål som er knytte til dei farane som barn er utsette for i Internett-miljøet, medrekna digital mobbing, «grooming», spørsmål som gjeld materiale om seksuelt misbruk av barn og nye former for åtferd som gjer at barn kan verte utsette for skade.

    5. Granskingar av effektive måtar for å gjere bruken av direktekopla teknologi sikrare.

      Tiltaka kan omfatte granskingar av og forsøk med haldningsskapande metodar og verktøy, vellukka ordningar for felles kontroll og eigenkontroll, kor verknadsfulle ulike tekniske og ikkje-tekniske løysingar er, og andre relevante spørsmål.

    6. Tiltak for å betre kunnskapen om kva verknader bruken av noverande og ny teknologi har på barn.

      Tiltak som omfattar ein kjønnsspesifikk strategi, skal ta sikte på å skape ei betre forståing av dei psykologiske, åtferdsmessige og sosiologiske verknadene som direktekopla teknologi kan ha på barn, medrekna verknadene av å vere utsett for skadeleg innhald og åtferd, «grooming» og digital mobbing på ulike plattformer, frå datamaskiner og mobiltelefonar til spelkonsollar og andre nye former for teknologi.

Vedlegg II

Rettleiande utgiftsfordeling

1)Haldningsskapande arbeid blant ålmenta,48 %
2)Motkjemping av ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla medium34 %
3)Fremjing av eit sikrare miljø på Internett10 %
4)Skiping av ein kunnskapsbase.8 %

Vedlegg III

Metodar for gjennomføring av programmet

  1. Kommisjonen skal gjennomføre programmet i samsvar med dei tekniske spesifikasjonane i vedlegg I.

  2. Programmet skal gjennomførast ved tiltak som omfattar:

    • A. Tiltak med kostnadsdeling

      1. Forsøksprosjekt og tiltak for god praksis. Eingongsprosjekt på område som er relevante for programmet, medrekna prosjekt som demonstrerer god praksis eller omfattar nyskapande bruk av eksisterande teknologi.

      2. Nettverk og nasjonale tiltak som fører saman ei rekkje ulike aktørar for å sikre at tiltak vert gjennomførde i heile Europa, og for å lette samordningsverksemd og kunnskapsoverføring.

      3. Granskingar av bruken av direktekopla teknologi som vert gjennomførde over heile Europa på eit grunnlag som kan jamførast, av kva risiko slik teknologi inneber for barn, og kva verknader skadeleg åtferd har på barn, åtferdsmessige og psykologiske sider med vekt på seksuelt misbruk av barn som er knytt til bruken av direktekopla teknologi, gransking av nye risikosituasjonar som følgje av endra åtferdsmønster eller ny teknologisk utvikling, osv.

      4. Prosjekt for innføring av teknologi.

    • B. Oppfølgingstiltak

      Oppfølgingstiltaka skal medverke til gjennomføringa av programmet eller til førebuinga av framtidig verksemd.

      1. Referansemåling og meiningsmålingar skal gje pålitelege data om sikrare bruk av ny direktekopla teknologi for alle medlemsstatane, som skal samlast inn ved hjelp av metodar som kan jamførast.

      2. Teknisk vurdering av teknologi som t.d. filtrering, som er utforma for å fremje sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi.

      3. Studiar til støtte for programmet og programtiltaka.

      4. Utveksling av informasjon gjennom konferansar, seminar, arbeidsgrupper eller andre møte, og forvalting av verksemd innanfor nettverket.

      5. Formidlings-, informasjons- og kommunikasjonsverksemd.

  3. I medhald av artikkel 2 nr. 2 kan internasjonale organisasjonar og juridiske personar som er etablerte i tredjestatar, ta del i tiltak med kostnadsdeling, med eller utan fellesskapsfinansiering, på dei følgjande vilkåra:

    1. Tiltaket skal høyre inn under eit prioritert område for internasjonalt samarbeid slik det er definert i dei årlege arbeidsprogramma. Desse prioriterte områda kan fastleggjast etter kva emneområde verksemda høyrer inn under, etter geografiske kriterium eller begge delar.

    2. Dei årlege arbeidsprogramma kan fastleggje fleire kriterium og vilkår som internasjonale organisasjonar og juridiske personar som er etablerte i tredjestatar, må stette for at dei skal få fellesskapsfinansiering.

Fotnotar

1.

TEU C 224 av 30.8.2008, s. 61.

2.

Europaparlamentsfråsegn av 22. oktober 2008 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 9. desember 2008.

3.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/65/EF av 11. desember 2007 om endring av rådsdirektiv 89/552/EØF om samordning av visse bestemmelser om utøvelse av fjernsynsvirksomhet, fastsatt ved lov eller forskrift i medlemsstatene (TEU L 332 av 18.12.2007, s. 27).

4.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/58/EF av 12. juli 2002 om behandling av personopplysninger og personvern i sektoren for elektronisk kommunikasjon (direktivet om personvern og elektronisk kommunikasjon (TEF L 201 av 31.7.2002, s. 37).

5.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/31/EF av 8. juni 2000 om visse rettslige aspekter ved informasjonssamfunnstjenester, særlig elektronisk handel, i det indre marked (TEF L 178 av 17.7.2000, s. 1).

6.

TEU L 13 av 20.1.2004, s. 44.

7.

TEU L 378 av 27.12.2006, s. 72.

8.

TEF L 270 av 7.10.1998, s. 48.

9.

TEF L 33 av 6.2.1999, s. 1.

10.

TEU L 149 av 11.6.2005, s. 1.

11.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

12.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.