St.prp. nr. 44 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ­fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi ­(Sikrare Internett) 2009–2013

Til innhaldsliste

2 Nærmare om fellesskaps­programmet for å fremje sikrare bruk av Internett

Sikrare Internett har som mål å fremje sikker bruk av Internett og annen kommunikasjonsteknologi blant barn og unge, og å motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla teknologi. Barn er i denne samanhengen personar under 18 år. For å nå målet vil programmet særleg leggje vekt på praktisk informasjon til barn, foreldre, omsorgspersonar og lærarar. Programmet er ei oppfølging av programmet Sikrare Internett Pluss, som gjekk ut i 2008. Den 1. januar 2009 vart Sikrare Internett Pluss avløyst av det nye programmet.

Programmet skal leggje til rette for tiltak mot ulovleg innhald, fremje eit sikkert Internett og syte for auka medvit rundt risiko og kva rådgjerder som bør setjast i verk.

Programmet skal gjennomførast ved støttetiltak på følgjande område:

  • Leggje til rette for allmenn medvitsgjering gjennom informasjonstiltak som er retta mot barn, foreldre og lærarar, i tillegg til å støtte kontaktpunkt som kan gje råd om korleis ein kan opptre sikkert på Internett. Kontaktpunkta vil òg gje råd om korleis ein kan hanskast med barnelokking (grooming) 1 og digital mobbing. Tiltaka vil formidle ein positiv bodskap om dei positive verknadene som auka bruk av IKT gjev, samstundes som dei skal gje informasjon om korleis ein skal handtere risiko i samband med denne bruken (48 % av dei samla midlane).

  • Motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd på nettet ved å medverke til at det vert skipa nasjonale kontaktpunkt der brukarane kan rapportere ulovleg innhald og skadeleg åtferd på nettet, som til dømes overgrepsbilete av barn eller barnelokking og mobbing. Vidare skal det stimulerast til bruk av tekniske løysingar, til dømes filtreringsprogram og -tenester, som effektivt kan hindre tilgangen til ulovleg og skadeleg innhald. Sluttbrukarar skal informerast om slike løysingar (34 % av dei samla midlane).

  • Oppmuntre bransjen til sjølv å regulere straumen av uønskt, skadeleg og ulovleg innhald, og på den måten fremje eit sikrare miljø. Det vert gjeve støtte til vidareføring av eit diskusjonsforum som er skipa under tidlegare program, der det skal leggjast til rette for den kontakten som er naudsynt mellom dei involverte aktørane. Føremålet er at aktørane skal samarbeide og utveksle røynsler. Innhaldstilbydarar skal òg oppmuntrast til aldersmerking av nettsider (10 % av dei samla midlane).

  • Etablere ein kunnskapsbase som skal samle ajourførd informasjon om bruken av ny teknologi hjå barn, relatert risiko og konsekvensar. Dette krev samarbeid mellom forskingsmiljø på europeisk nivå. Innhaldet i kunnskapsbasen skal spreiast blant europeiske aktørar, slik at dei får ei ajourførd oversikt over eksisterande forsking på feltet. Føremålet med dette er å stimulere til internasjonalt samarbeid og å oppmuntre til koordinerte tiltak (8 % av dei samla midlane).

Det nye programmet er langt på veg ei vidareføring av den tidlegare EU-handlingsplanen og programmet Sikrare Internett Pluss. Programmet vert utvida med to nye punkt samanlikna med tidligare. Dette gjeld særlege tiltak for å verne utsette barn mot barnelokking og mobbing gjennom digitale medium og for å samle meir informasjon om korleis barn nyttar ny teknologi. Vidare vil det nye programmet i større grad ha fokus på nyare kommunikasjonstenester, slik som nettsamfunn/sosiale medium. I motsetnad til tidlegare vil det nye programmet ikkje gjelde tiltak mot uønskt reklame (spam) ettersom dette problemet eksisterer utan omsyn til alder og vert handsama i andre EU-initiativ.

Fotnotar

1.

Noko forenkla det å utvikle og byggje opp eit tillitsforhold til eit barn, typisk gjennom pratekanalar på Internett, med tanke på å gjere overgrep mot barnet seinare.