St.prp. nr. 45 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 140/2002 av 8. november 2002 om endring av protokoll 37 i og vedlegg II til EØS-avtala ved tilpassing til forordning (EF) nr. 141/2000 om lækjemiddel mot sjeldne sjukdommar

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 140/2002 sikrar norsk deltaking i den førnemnde komiteen (COMP) på linje med anna norsk deltaking under EØS-samarbeidet. Det vil seie at dei norske representantane ikkje har røysterett, og at synspunkta deira vert førde separat. Vidare vert komiteen førd opp i protokoll 37 i EØS-avtala.

Etter artikkel 3 i avgjerda i EØS-komiteen skal avgjerda gjelde frå 9. november 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar om at dei forfatningsrettslege krava er stetta i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala. Noreg vil først kunne gje eit slikt samtykke etter at Stortinget har gjeve sitt samtykke. Fristen for gje melding er seks månader etter avgjerd i EØS-komiteen.